Mottatt faktura for forskotsskatt?
Viss du har mottatt faktura for forskottsskatt og du ønskjer å endre den, kan du sjølv logge inn, sjekke og endre forskottsskatten for 2023.
Dette må du gjere viss du har fått faktura
Viss du har fått forskottsskatt, og ikkje har hatt det tidlegare, kan det vere fordi vi har berekna høgare skatt i skattekortet enn arbeidsgivar kan trekkje frå lønna di eller pensjonen din.
Sjekk desse tala:
- Inntekt
- Renteinntekter
- Formue
- Gjeld
- Gjeldsrenter
Du må endre skattekortet viss tala er feil.
Dersom inntekta di eller formuen din blir lågare eller høgare enn forventa, bør du endre tala i skattekortet ditt slik at du slepp å betale for mykje eller for lite forskottsskatt.
Du må anslå, så godt du kan, kor mykje inntekt og formue du kjem til å få i år. Viss du er usikker på kor mykje du forventar å ha i renteinntekter eller gjeldsrenter i år, kan du ta kontakt med banken din og spørje.
Viss du endrar beløpa i skattekortet, vil også forskottsskatten endre seg. Du kan sjå berekna forskottsskatt i skattekortet.
Viss forskottsskatten er riktig, men du vil betale mindre forskottsskatt og få høgare skattetrekk på lønn, kan du sjølv endre fordelinga mellom forskottsskatt og skattetrekk.
Skatteetaten bruker informasjon om inntekta di og formuen din frå skattemeldinga di for 2021 for å rekne ut kor mykje forskottsskatt du skal betale.
Rentenivået i 2021 var veldig lågt. Rentene har auka i 2022 og vil mest sannsynleg auke i 2023. For nokon vil det derfor vere ei stor endring i tala vi har lagt inn i skattekortet ditt for 2023.
Døme – Når du har renteinntekter
I 2021 hadde du 100 000 kroner i banken og fekk i snitt 0,15 prosent i rente. Det gav deg 150 kroner i renteinntekter. For å ta omsyn til at rentene har auka vil skattekortet du har fått for 2023 vise at vi har antatt at renteinntektene dine vil vere 1 300 kroner.
Viss du hadde 1 million kroner i banken i 2021 og renta i snitt var 0,4, ville renteinntektene dine vore 4 000 kroner. Basert på auken av renta vil skattekortet ditt for 2023 vise at vi har antatt at renteinntektene dine vil vere 34 640 kroner.
Sjekk at tala stemmer med forventningane dine. Du må endre skattekortet viss tala er feil.
Fakturaen du har fått er for ein termin, det vil seie at den er ¼ av den totale forskotsskatten det er berekna at du skal betale i år.
Viss du endrar tala i skattekortet, vil forskotsskatten endre seg. Du kan sjå forskotsskatten som er berekna i skattekortet. Etter at du har endra skattekortet, kan du sjølv endre beløpet på fakturaen i nettbanken din til ¼ av den nye, berekna forskotsskatten. Du vil ikkje få ein ny faktura fra oss.
Viss forskotsskatten er endra til null kroner i skattekortet ditt, kan du slette fakturaen frå nettbanken utan å betale han.
Døme – Redusere forskotsskatten
Du har fått faktura på forskotsskatt på 25 000 kroner. Du sjekkar skattekortet ditt og ser at berekna forskotsskatt for heile året er 100 000 kroner. Du ser også at renteinntektene dine er sett for høgt, og justerer dei ned. Ny berekna forskotsskatt blir 60 000 kroner.
Fakturaen du allereie har fått er for 1. termin, det vil seie ¼ av totalbeløpet, og er basert på det du først fekk berekna i forskotsskatt.
Sidan du har fått ny berekna forskotsskatt, kan du endre beløpet på fakturaen i nettbanken til ¼ av 60 000 kroner, altså 15 000 kroner.
Tema og frådrag
Hjelp til å få frådraga du har rett på og til å få riktig skattemelding.
Når livet endrar seg vil ofte også skatten endrast
Endringar i familiesituasjonen, bustad, jobb og utdanning påverkar både frådrag du har rett på og kor mykje som vert trekt i skatt.
Datoer og fristar
Skattekalender for lønnstakarar og pensjonistar