Berekn skatten din
Skattekalkulatoren hjelper deg å rekne ut kva skatten din blir. Du kan rekne ut for 2023 og for tidlegare år for å sjå kva skatteoppgjeret kan bli.
Du loggar ikkje inn for å bruke skattekalkulatoren, men vel inntektsåret du vil berekne skatten din for, og fyller ut anteken inntekt, formue og frådrag. Då får du estimert kva skatten din blir.
Skattekalkulatoren tek ikkje omsyn til
- om du har lønn, pensjon, andre inntekter eller formue som er skattepliktig både til Noreg og utlandet
- at skattefrådrag for BSU frå og med skatteåret 2021, er sett til 0 viss du eig primærbustad, sekundærbustad eller gardsbruk. Dette er teke omsyn til for seinare inntektsår.
- at det er ny sats for oppjustering på utbetalt utbytte, gevinst og tap på aksjar frå 6.10.2022. (Gjeld berre for inntektsåret 2022).
- skatt berekna etter reglane for kjeldeskatt på lønn for utanlandske arbeidstakarar blir ikkje vist i skattekalkulatoren
- lågare skattesats i formuesskatt når du er busett i Bø i Vesterålen
Berekninga er berre eit estimat på kva skatten blir.
Her får du innsyn i kva for opplysningar arbeidsgivaren din har sendt til oss.
Se en film om foreløpig skatteberegning. Filmen viser hvorfor du ikke kunne få foreløpig skatteberegning i skattemeldingen din, og hva du kan gjøre for å beregne foreløpig skatt selv.
Noen få leverer fremdeles skattemelding i gammelt format i Altinn.
Se en film som viser hvordan du kan få foreløpig skatteberegning når du leverer i Altinn.