Er eg næringsdrivande?

Når du er å rekne som næringsdrivande er ikkje klart definert i lova. Hobby er skattefritt, medan næring er skattepliktig verksemd.

Få hjelp til å finne ut om du er næringsdrivende

I vår veiviser kan du svare på inntil fem spørsmål, og få et veiledende svar på om du er næringsdrivende eller ikke.

Hjelpen er beregnet på deg som selger varer, tjenester, blogger, driver med e-sport (gamer) eller driver med utleie i små skala.

For å finne ut om du driv næringsverksemd må ein vurdere om verksemda di 

  • blir driven for eiga rekning og risiko
  • har eit visst omfang
  • er eigna til å gå med overskot over tid
  • tek sikte på å vare ei viss stund

Oppstartingsperiode

  • Før det første året ein økonomisk aktivitet blir rekna som skattepliktig verksemd, kan du ha ein oppstartingsperiode på inntil 5 år.
  • Skatteetaten stiller krav til dokumentasjon av kostnader og inntekter.
  • For å kunne få frådrag for tidlegare års oppstartingskostnader, må ein fylle ut skjemaet Oppstart av verksemd (RF-1298) for dei aktuelle åra. Skjemaet leverer du saman med den første næringsoppgåva etter at verksemda er starta opp.

Arbeidstakar eller næringsdrivande

I enkelte samanhengar må du vurdere om du er arbeidstakar eller næringsdrivande. Dette har noko å seie for korleis ein skal handsame utbetalinga for utført oppdrag.

Døme

Sjå døme på korleis hobbyar kan bli ei næringsverksemd:

Hestar

Verkstad

Lefseproduksjon

Sal og tenester på internett

Internett som marknadsplass kan òg gi inntekter du må skatte av. 

Sal av varer på internett 

Blogging og sosiale medium

Delingsøkonomi – via tenester som Nabobil, Uber, Airbnb mm. 

Småjobbar og tenester

Inntekt frå lønna arbeid er skattepliktig. Reglane om skattefritak på somme typar småjobbar er meint som ei forenkling for oppdragsgivarane, og ikkje utan vidare for at oppdragstakarar skal få inntekt som ikkje skal skattleggjast. 

Meir om om skattefrie småjobbar