Tema og frådrag for næringsdrivande
Tema og frådrag som hjelper deg med å få rett skatt. Dersom du er næringsdrivande, kan du få frådrag for utgifter du har i bedrifta di.
Du må kunne dokumentere utgiftene med kvitteringar eller fakturaer. Utgifter på 10 000 kroner eller meir må betalast elektronisk for at du skal få frådrag. Du betaler elektronisk om du til dømes bruker bankkort, kredittkort, Vipps eller nettbank.