Sjå krav og betalingar for bedrifter

Du som er innehavar eller dagleg leiar i ei bedrift, rekneskapsførar eller revisor, kan få ei samla oversikt over alle krav og betalingar i bedrifta. Du kan også laste ned ei kontoutskrift som viser alle transaksjonane.

Har du eit enkeltpersonføretak, ser du også krav og betalingar knytte til forskottsskatt og restskatt.

Viss du er ein privat arbeidsgivar og treng ei konto- eller saldoutskrift for skatt eller arbeidsgivaravgift, kan du bestille det hos Altinn.