Internasjonale studentar – studere og jobbe i Noreg

Her finn du informasjon om kva du må gjere når du kjem til Noreg for å studere og eventuelt jobbe. 

Du kan hende du må bestille time hos Skatteetaten for å melde flytting og få eit identitetsnummer. Det kjem an på statsborgarskapet ditt.

Når du er statsborgar i eit nordisk land (Danmark, Sverige, Finland eller Island)

Skal du vere i Noreg i 6 månader eller meir, må du bestille time for å melde flytting. Dersom flyttemeldinga di blir godkjend, får du eit fødselsnummer. Eit fødselsnummer er eit norsk identitetsnummer som følgjer deg heile livet.

Skal du vere i Noreg i mindre enn 6 månader og du ikkje skal jobbe, er det ikkje Skatteetaten som skal bestille eit identitetsnummer til deg. I så fall må ei anna verksemd eller styresmakt bestille eit identitetsnummer.

 

Som statsborgar i eit nordisk land, kan du jobbe i Noreg.

Du må ha eit skattekort for å betale skatt. Dersom du allereie har eit norsk identitetsnummer, kan du søkje om skattekort på nettet. Dersom du ikkje har eit norsk identitetsnummer, må du bestille time hos Skatteetaten for å søkje om skattekort.

Du finn informasjon om rettane dine når du jobbar i Noreg på Arbeidstilsynet sine sider.

Sjå filmar på fleire språk om skatt i Noreg.

Når du er statsborgar i eit EU- /EØS-land

Du må registrere deg hos politiet. Bestill time via UDI. Er du i Oslo, Bergen, Trondheim eller Stavanger, må du velje Servicesenter for utanlandske arbeidstakarar (SUA) når du vel kontor.

Skal du vere i Noreg i 6 månader eller meir?

Du må bestille time for å melde flytting til Noreg dersom du skal vere i Noreg i 6 månader eller meir. Dersom flyttemeldinga di blir godkjend, får du eit fødselsnummer. Eit fødselsnummer er eit norsk identitetsnummer som følgjer deg heile livet.

Har du allereie bestilt time for å registrere deg hos politiet? Dersom du allereie har bestilt time hos politiet ved eit Servicesenter for utanlandske arbeidstakarar (SUA) i Oslo, Bergen, Trondheim eller Stavanger (sjekk timestadfestinga du har fått), treng du ikkje bestille time hos Skatteetaten. Du blir overført til Skatteetaten når du har hatt timen hos politiet. Du må ha med deg leigekontrakt, ferdig utfylt RF-1401 Melding om flytting til Norge, og dokumenta du har med til timen din hos politiet.

Dersom du ikkje har bestilt time ved eit SUA-senter, må du bestille time for å møte opp hos Skatteetaten.

Skal du vere i Noreg i mindre enn 6 månader og du ikkje skal jobbe, er det ikkje Skatteetaten som skal bestille eit identitetsnummer til deg. I så fall må ei anna verksemd eller styresmakt bestille eit identitetsnummer.

 

Som statsborgar i eit EU-/EØS-land, kan du jobbe i Noreg.

Du må søkje om eit skattekort.

Du må ha eit skattekort for å betale skatt. Dersom du allereie har eit norsk identitetsnummer, kan du søkje om skattekort på nettet. Dersom du ikkje har eit norsk identitetsnummer, må du bestille time hos Skatteetaten for å søkje om skattekort.

Du finn informasjon om rettane dine når du jobbar i Noreg på Arbeidstilsynet sine sider.

Sjå filmar på fleire språk om skatt i Noreg.

Når du er statsborgar i eit land utanfor EU/EØS

Du må bestille time til politiet via søknadsportalen til UDI for å registrere deg og få eit opphaldskort. Dette må du gjere rett etter du kjem til Noreg. UDI gir beskjed til oss når du har fått eit opphaldsløyve for å studere. Du treng derfor ikkje bestille time hos Skatteetaten.

Du får eit brev

Du får eit brev frå oss når vi har behandla saka di. Dersom du har fått eit opphaldsløyve som student som varer lenger enn 9 månader, blir du registrert som busett i Noreg og du får eit fødselsnummer. Eit fødselsnummer er eit norsk identitetsnummer som følgjer deg heile livet. Dersom du ikkje har fått eit opphaldsløyve som varer lenger enn 9 månader, får du meir informasjon om kva du skal gjere i brevet.

 

Som statsborgar i eit land utanfor EU/EØS, må du først sjekke om du kan jobbe i Noreg.

Dersom du kan jobbe i Noreg, må du ha eit skattekort for å betale skatt. Dersom du allereie har eit norsk identitetsnummer, kan du søkje om skattekort på nettet. Dersom du ikkje har eit norsk identitetsnummer, må du bestille time hos Skatteetaten for å søkje om skattekort.

Du finn informasjon om rettane dine når du jobbar i Noreg på Arbeidstilsynet sine sider.

Sjå filmar på fleire språk om skatt i Noreg.