Nytt skattekort for 2020

Frå mandag 16. desember kan du kontrollere og bestille nytt skattekort for 2020. 

Før denne datoen kan du ikkje gjere endringar i skattekortet for 2020.

Skjema

Bestille, sjå eller endre skattekortet

Du kan bestille, sjå eller endre skattekortet ditt når du loggar deg inn.

Viss du tener 55 000 kroner eller mindre i løpet av året, treng du ikkje betale skatt. Då kan du bestille frikort i staden.

Før du bestiller eller endrar skattekortet bør du finne fram:

  • Lønnsslippen frå arbeidsgivaren din. Er det første gong du bestiller skattekort, må du gi opp kor mykje du trur at du kjem til å tene i løpet av året. 
  • Dokumentasjon frå NAV eller frå andre som betaler ut pensjon.
  • Dokument frå banken som viser gjelda di, gjeldsrenter og eventuelt formue.

Kva ønskjer du å gjere?

  1. Logg inn, legg inn tala dine og bestill.
  2. Arbeidsgivaren hentar skattekortet ditt frå Skatteetaten. 
    Det vil seie at du ikkje får det heim i posten.
  3. Du får ei skattetrekksmelding. 
    Om lag 5 arbeidsdagar etter bestilling, får du ei skattetrekksmelding som viser kva for inntekter, utgifter, formue og gjeld du har oppgitt. Skattetrekksmeldinga kjem i innboksen når du er logga inn i Altinn. Dersom du ikkje er elektronisk brukar, sender vi skattetrekksmeldinga til den folkeregistrerte adressa di. 
  4. Neste år får du skattekort automatisk. 
    Kvart år i desember får du nytt skattekort som arbeidsgivaren din hentar. Dersom du ikkje har fått informasjon om skattekortet ditt innan 9. januar, kan det vere at Skatteetaten ikkje har nok opplysningar til å berekne eit skattekort. Då kan du bestille skattekort og leggje inn opplysningane sjølv.

Kopi av skattekortet

Viss du treng ein kopi av skattekortet ditt, kan du bestille ein kopi ved å ta kontakt med oss. Kopien blir sendt til den folkeregistrerte adressa di.

Utanlandsk arbeidstakar

Er du utanlandsk arbeidstakar, kan du bestille skattekort her.

  1. Logg inn.
  2. Kontroller og eventuelt rett beløpa for kva du har tent og blitt trekt i skattfrå januar og fram til no.
  3. Kontroller og eventuelt endre årsinntekta, andre inntekter og frådrag. Alle beløpa skal givast opp for heile året og før frådrag (bruttobeløp).
  4. Nedst på sida når du er innlogga finn du Samla utrekna skatt i 2019.  Dersom du har endra noko, og det er stor skilnad på dette talet og talet ved sidan av som er stroke over, bør du sende inn endringane. 

Du kan endre opplysningar om til dømes inntekta di, slik at skattekortet blir rett.

Du kan ikkje bestemme sjølv kor mykje skatt du vil betale kvar månad. Dersom du vil trekkje meir skatt enn skattekortet viser, kan du be arbeidsgivaren din om å gjere det.

Slik endrar du skattekortet:

  1. Logg inn.
  2. Kontroller og eventuelt rett beløpa for kva du har tent og blitt trekt i skatt frå januar og fram til du vil endre. 
    Opplysningane finn du på den siste lønnsslippen din, eventuelt ved å leggje saman beløpa på alle lønnsslippane/pensjonsutbetalingane.
  3. Kontroller og eventuelt endre årsinntekta, andre inntekter og frådrag. Alle beløpa skal givast opp for heile året og før frådrag (bruttobeløp). 
  4. Send inn endringaneDersom du endrar skattekort i mars eller seinare på året får du eit prosentkort, sjølv om du vanlegvis har eit tabellkort.
  5. Du får tilsendt ei ny skattetrekksmelding
    Skattetrekksmeldinga stadfestar endringane som er gjort, og ho kjem i innboksen når du er logga inn i Altinn. Dersom du ikkje er elektronisk brukar, sender vi skattetrekksmeldinga til den folkeregistrerte adressa di.
  6. Arbeidsgivaren får automatisk beskjed og tilgang til det nye skattekortet. Du skal ikkje levere noko til arbeidsgivar.

Både NAV, pensjonsutbetalarar og alle arbeidsgivarar hentar skattekortet ditt elektronisk frå Skatteetaten.

Viss du har tabellkort, må du passe på at tabelltrekket berre blir brukt av hovudarbeidsgivaren din, dvs. den du får høgast inntekt frå. Du kan gjere det ved å snakke med arbeidsgivarane dine, og fortelje dei om dei er hovudarbeidsgivaren eller biarbeidsgivaren din.

Dersom du har mange arbeidsgivarar bør du endre skattekortet til prosentkort.

Har du prosentkort kan alle arbeidsgivarane dine bruke det same prosentkortet. Viss du får høgare inntekt enn det som står i skattekortet ditt, må du endre skattekortet for å unngå restskatt.

Hugs at endringar i inntekter, utgifter, formue eller livsendringar generelt, kan vere grunn til å endre skattekortet.

Du kan òg

 

Meir informasjon til deg som er:

Du er grensegjengar dersom du

  • bur i ein svensk eller finsk kommune som grensar mot Noreg, og
  • arbeider i ein kommune i Noreg som grensar mot landet du bur i

Alle grensegjengarar får ei skattemelding frå Noreg.

Som grensegjengar er du ikkje skattepliktig i Noreg, men i det landet du bur i. Dei fleste grensegjengarane er likevel medlemmer av norsk folketrygd og skal betale trygdeavgift. 

Korleis få skattekort

Dersom du er grensegjengar, må du ta kontakt med Skatteetaten og dokumentere at du fyller kravet for å vere grensegjengar. Når det er gjort, skriv Skatteetaten ut eit skattekort på 10 prosent, som er trygdeavgifta du skal betale.

Arbeidsgivaren din hentar skattekortet direkte frå Skatteetaten. Du får informasjon om skattekortet ditt, ei skattetrekksmelding, sendt til den adressa som er registrert på deg i Folkeregisteret. Du skal ikkje levere noko til arbeidsgivaren din.

Ytingar frå NAV

Grensegjengarføresegna gjeld berre arbeidsinntekt. Dersom du tek imot ytingar frå NAV, eller ytingar frå arbeidsgivar som blir refundert av NAV, er dei ytingane vanlegvis skattepliktige til Noreg. Då må du ta kontakt med Skatteetaten for å få eit nytt skattekort.

Unnatak frå medlemskapen i norsk folketrygd

I utgangspunktet legg Skatteetaten til grunn at grensegjengarar som arbeider i Noreg er medlemmer av norsk folketrygd. Om du i tillegg arbeider i andre land enn Noreg, er du sannsynlegvis medlem i trygdeordninga i bustadslandet ditt. Då må du ta kontakt med Forsäkringskassan (Sverige) eller Pensionsskyddscentralen/Eläketurvaskeskus (Finland) for å få avklart medlemskapen.

Om du ikkje er medlem av norsk folketrygd, vil du få blankett A-1 frå trygdemyndigheitene i heimlandet ditt. Blanketten stadfestar at du er omfatta av trygdeordninga i heimlandet ditt, og er ein dokumentasjon på at du ikkje skal betale trygdeavgift i Noreg. Du må vise blanketten til Skatteetaten for å få sett ned skattetrekket.

Trenger du hjelp?

På chat kan vi ikke gi status i pågående saker.

Vi lagrer samtalen din i opptil ett år for å kunne gjenfinne samtalen og forbedre oss.

Av hensyn til din egen sikkerhet ber vi deg om å ikke skrive sensitive opplysninger, som for eksempel fødselsnummer og helseopplysninger.

Vil du være anonym kan du velge å ikke oppgi navn og e-postadresse.