Fordeling av lån og renter når du har lån saman med andre

Dersom du har lån saman med andre, til dømes ein ektefelle eller foreldre, bør de sjekke at lån og renter er rett fordelt mellom dykk i skattekortet og i skattemeldinga.

Gjeld dette meg?

Alle som har lån saman med andre bør sjekke at fordelinga er rett både i skattemeldinga og i skattekortet.

Dette må du gjere for å betale rett skatt.

Du får frådrag for renter på lån (gjeld). Det betyr at du betaler mindre skatt.

Lånet blir automatisk fordelt likt mellom dykk i skattemeldinga. Dersom fordelinga er feil, må de endre.

Slik fordeler de

De kan fordele lån og renter slik de ønskjer dersom de er 

  • ektefellar
  • To partnarar av same kjønn som registrerte partnarskapen før den nye ekteskapslova i 2008.

  • For at de skal bli rekna som meldepliktige sambuarar, må minst ein av dykk ha søkt om eller motta pensjon frå folketrygda eller til avtalefesta pensjon (AFP). I tillegg må de anten

      • ha vore gifte eller registrerte partnarar tidlegare 

    eller 

      • ha eller ha hatt felles barn

Dette gjeld uansett korleis lånet er fordelt i banken, eller kven som faktisk har betalt kva.

Det er særleg viktig å sjekke fordelinga dersom éin av dykk har låg inntekt eller pensjon. Har du låg inntekt, får du kanskje ikkje fullt ut brukt heile frådraget for rentene på lånet. Då kan det vere lurt å fordele slik at ektefellen med høgast inntekt får den største andelen av lånet og rentene på lånet, og dermed eit større frådrag.

Les meir om

Sambuarar eller andre som har lån saman, skal fordele lånet likt mellom seg med mindre de har ein annan avtale.

  • Dersom de er to som er ansvarlege for lånet, er andelen dykkar 50 prosent kvar. Er de tre, har kvar av dykk ein andel på 33,3 prosent, og så frametter.
  • Det speler inga rolle kven som faktisk har betalt rentene. Det er andelen eller eventuelt ein avtale som avgjer korleis de skal fordele.

Dette gjeld uansett kor mykje du betaler, også om du ikkje betaler noko. Dei aller fleste er medlåntakarar, ikkje kausjonistar. Det kan til dømes vere foreldre som er ansvarlege for lånet til barnet deira, sjølv om barnet betaler heile lånet. Då er foreldra vanlegvis medlåntakarar.

Dersom du er kausjonist og ikkje medlåntakar, blir du berre ansvarleg for lånet dersom låntakaren ikkje betaler, og kausjonsansvaret tar til å gjelde. Derfor får du heller ikkje frådrag for renter før du tar over ansvaret for lånet. Då får du berre frådrag for renter som har gått på etter at du tok over ansvaret for lånet.

Oppdater skattekortet og skattemeldinga

Både du og dei du har lån saman med må sjekke opplysningane i skattekortet og i skattemeldinga og endre det som trengst. Det er lurt å ha den same fordelinga i skattekortet som i skattemeldinga. Har de ikkje det, kan det vere ein av dykk får restskatt.

Lån og renter på lån er berre oppgitt på éin låntakar i skattekortet. Det er fordi banken rapporterte inn lånet på éin person. De må sjølve fordele lån og renter på lån mellom dykk. Dersom de fordelte lån og renter i skattemeldinga for 2022, er lån og renter allereie fordelte i skattekortet for 2024.

 

Begge må endre 

Dersom du aukar din del av lånet, må den du har lånet saman med redusere sin del. Reduserer du din del, må den andre auke sin. Til saman skal summen av delane dykkar vere 100 prosent av lånet og rentene på lånet. Dersom berre ein av dykk endrar, blir det ikkje automatisk endra hos den andre.


Døme

Du og medlåntakaren din har 3 000 000 kroner i bustadlån. I løpet av året reknar de med at de skal betale 150 000 kroner i renter. Lånet og rentene er førte opp på deg i skattekortet. De skal ha 50 prosent av lånet kvar. 

Då må du redusere lånet med 50 prosent, det vil seie til 1 500 000 kroner. Det same må du gjere med rentene på lånet, som blir 75 000 kroner. Medlåntakaren din må leggje til bustadlån på 1 500 000 kroner og renter på lån på 75 000 kroner. Til saman skal de oppgi 3 000 000 kroner i lån og 150 000 kroner i renter.

Det vil seie at om to personar har eit lån saman, får dei no oppgitt 50 prosent av lånet og rentene kvar. Er de tre, får kvar 33,3 prosent, og så frametter. Rentene er også fordelte likt.

 

Dersom de skal endre fordelinga av lånet, må alle endre. Når éin aukar andelen sin, må den andre redusere andelen sin. Til saman skal de ha 100 prosent lån og renter på lån.

 

Døme

Du og medlåntakaren din har 3 000 000 kroner i bustadlån som er fordelt 50/50 i skattemeldinga, det vil seie 1 500 000 kroner på kvar. Rentene på lånet er totalt 150 000 kroner, og dei er også fordelte 50/50 med 75 000 kroner på kvar.

De har avtalt å fordele lånet 70/30. Då må du auke andelen din av lånet i skattemeldinga di til 70 prosent, medan medlåntakaren din må redusere andelen sin til 30 prosent. Beløpa for lånet og renter på lånet blir rekna ut automatisk når de endrar andelane. 

Dokumentasjon

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon om vi spør. Slik dokumentasjon kan til dømes vere ein avtale de har skrive som stadfestar fordelinga, og som er signert av alle som er ansvarlege for lånet.

 

Spesielt for

Lån og renter på lån frå Statens pensjonskasse blir berre oppført på hovudlåntakaren i skattemeldinga. Andre som er ansvarlege for lånet er kausjonistar, ikkje medlåntakarar. De kan sjølve endre fordelinga av lånet i skattemeldinga.

Dersom éin av dykk ikkje er skattepliktig til Noreg, må de fordele lånet likt mellom dykk. Dette gjeld også når de er gifte.

Dersom den tidlegare partnaren din ikkje vil endre lånet og rentene på lånet i skattekortet og skattemeldinga, kan du framleis endre.

Dersom de er to som er ansvarlege for lånet, er andelen dykkar 50 prosent kvar med mindre de har laga ein annan avtale. Det speler inga rolle kven som faktisk har betalt rentene. Det er andelen eller eventuelt ein avtale som avgjer korleis de kan fordele.

Du treng ikkje dokumentere dette, men vi kan be deg om å ettersende dokumentasjon. Det kan til dømes vere ein avtale som viser fordelinga, og som er signert av alle låntakarane.