Lån og renter

Du får vanlegvis frådrag for alle renter du har betalt på låna dine i løpet av inntektsåret. Gjeldsrenter fører du i skattemeldinga.

Gjeld det meg?

Dette gjeld alle som har betalt gjeldsrenter og/eller forseinkingsrenter til kredittinstitusjon i Noreg, og alle som har hatt rentefordel av lån frå arbeidsgivar.

Du kan òg krevje frådrag for:

  • kostnader ved opptak av lån, også etableringsgebyr
  • finansieringskostnader i samband med konvertering av lån for å oppnå lågare rente, også kostnader til takstmann
  • gebyr til bustadselskap knytte til særskild nedbetaling av IN-lån (fellesgjeld med rett til individuell nedbetaling)
  • renter på lån frå arbeidsgivar og frå private långivarar (til dømes familiemedlemer)
  • betalte forseinkingsrenter av gjeldsrenter, og renter og kostnader ved kredittkjøp
  • renter på lån i utlandet

Du kan ikkje krevje rentefrådrag for dette:

  • Renter som har forfalle, men som du ikkje har betalt innen utløp av forfallsåret (med mindre dei inngår i bokføringspliktig verksemd). Slike renter får du først frådrag for det året du betaler dei. For studielån i Lånekassen blir det òg berre gitt frådrag for renter som er betalte.
  • Inkassogebyr og kostnader i samband med inkasso.
  • Rentetillegg på restskatt (gjeld ikkje forseinkingsrenter).

Slik fører du det i skattemeldinga

Skattemeldinga skal vere førehandsutfylt med renter og frådragsgivande kostnader du har betalt til banken. Før opp eventuelle renter på private lån.

Beløpa du skal kontrollere mot, skal stå i årsoppgåva du får frå långivarar. Dersom beløpet er feil, må du endre det i skattemeldinga. Du bør òg kontakte den du har lånt pengar av, for å be om at korrekte opplysningar blir sende Skatteetaten.

Dersom du endrar, slettar eller tilføyer informasjon om gjeldsrenter, må du kunne dokumentere dette med årsoppgåve eller stadfesting frå kredittinstitusjonen.

Viktig informasjon

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne legge fram dokumentasjon viss vi spør.

Fordeling av gjeldsrenter mellom ektefellar/sambuarar/medlåntakarar

Sjølv om du har lån saman med ein annan, blir det berre rapportert inn frå banken på éin av dykk. Korleis de kan fordele lånet, avheng av om de er gifte eller ikkje. Denne fordelinga må de gjere på nytt kvart år i skattemeldinga, og begge må endre. Endring i posten hos den eine gir IKKJE automatisk endring i posten til den andre låntakaren. 

Uansett må totalsummen vere den same. Dersom til dømes gjeldsrenter blir reduserte med 10 000 kroner hos den eine, må dei auke med 10 000 kroner hos den andre. Du må endre eller leggje til informasjon om långivar, gjeld, gjeldsrenter og årsak til endring.

Når ektefellar har lån saman og banken har rapportert beløpet berre på den eine ektefellen, kan ektefellane fordela frådaget for gjelda og gjeldsrentene seg i mellom slik dei sjølv ynskjer. Dette er uavhengig av kva som er rapportert av banken og kva som er det reelle ansvarsforholdet mellom ektefellane. Det er utan tyding kven av ektefellane som faktisk har betalt rentene.

Når sambuarar/medlåntakarar har lån saman og banken har rapportert beløpet kun på den eine sambuaren, må begge sambuarane/medlåntakarane endre si skattemelding og fordela frådraget for gjeld og gjeldsrenter det reelle ansvarsforholdet. Det er utan tydning kven av sambuarane/medlåntakarane som faktisk har betalt renetene.

Sjå film:

 

Samlivsbrot

Dersom den tidlegare partnaren din ikkje vil endre gjelda og gjeldsrentene, kan du gjere det i skattemeldinga di. Dersom de var sambuarar, må du òg kontrollere at de ikkje lenger står oppførte som sambuarar i skattemeldinga.

Lån frå arbeidsgivar

Rentefordel av rimeleg lån frå arbeidsgivar blir normalt fylt ut basert på kva som er rapportert inn av arbeidsgivar, så kontroller at alt er rett. Beløpa du skal kontrollere mot, skal stå i den årlege samanstillinga av inntekter, frådrag og skattetrekk du får frå arbeidsgivar. Dersom beløpet er feil, må du endre det i skattemeldinga. Du bør òg kontakte arbeidsgivaren for å be om at korrekte opplysningar blir sende Skatteetaten.

Ved renter på visse kredittkjøp er det avgrensa kor stort frådraget kan bli

For enkelte kredittkjøp gjeld visse formelle vilkår og avgrensingar med omsyn til storleiken på frådraget. For kvar avtale om kredittkjøp som fell inn under føresegna i forskrifta, er frådraget avgrensa til ein sats på 17 prosent effektiv rente. Avgrensinga gjeld ikkje ved kontokjøp der kredittytaren er ein bank eller eit finansieringsføretak. Du finn nærmare opplysningar om dette i Skatte-ABC.

Selskapers rentefrådrag ved lån til nærståande

  • Selskap osv. kan ikkje trekkje frå alle rentekostnadene frå nærståande ved fastsetting av inntektsskatt.