Skjema

Aksjonærregisteroppgåva

Alle norske aksje- og allmennaksjeselskap, i tillegg til sparebankar med eigenkapitalbevis, skal kvart år levere ei aksjonærregisteroppgåve til Skatteetaten sitt aksjonærregister. I dette registeret samlar vi informasjon om alle hendingar og transaksjonar i selskapa.

Levér oppgaven gjennom sluttbrukersystem

Frå juni 2026 skal alle aksjeselskap levere aksjonærregisteroppgåva gjennom eit sluttbrukarsystem. Det er ikkje mogeleg å levere gjennom Altinn.no eller på papir. Dette gjeld også for alle endringsmeldingar for 2025 og tidlegare år.

Alle aksjeselskap bruker allereie eit system for å levere skattemeldinga. Dei fleste av disse systema har også funksjonalitet for å levere aksjonærregisteroppgåva.

Opplysningane er grunnlag for aksjeoppgåva

Opplysningar frå selskapa gir Skatteetaten grunnlag til å produsere og sende ut Aksjeoppgåva til aksjonærane. Aksjeoppgåva skal hjelpe aksjonærane til å levere rett skattemelding. Ho dannar grunnlaget for førehandsutfylling av skattepliktige og eventuelle frådragsgodkjende beløp i skattemeldinga.

Selskap er fritatte for innrapporteringsplikta når Euronext VPS (VPS) står for innrapporteringa.

Bustadaksjeselskap skal ikkje levere Aksjonærregisteroppgåva (RF-1086).

Ikkje godkjend aksjonærregisteroppgåve

Viss aksjonærregisteroppgåva ikkje blir godkjend, vil Skatteetaten mangle grunnlag for å sende ut Aksjeoppgåva.

Det gjer at skattepliktige eller frådragsgodkjende beløp frå aksjane ikkje blir førehandsutfylte på skattemeldinga til aksjonærane, og dei vil ikkje ha leveringsfritak for skattemeldinga. Aksjonærane må sjølve berekne og føre opp alle skattepliktige og eventuelle frådragsgodkjende beløp i skattemeldinga.

Selskapet må levere aksjonærregisteroppgåva innan fristen 31. januar

Viss de ikkje leverer opplysningar i tide, må selskapet betale tvangsmulkt til oppgåva er levert.

Hjelp til utfylling

Informasjon for deg som lagar tenester og system for sluttbrukarar, og som har integrasjon mot Skatteetatens eksterne tenester og API: