Tvangsmulkt

Tvangsmulkt er ei dagleg mulkt for verksemder som ikkje leverer opplysningane dei skal innan fristen.

Kven kan få tvangsmulkt?

Alle verksemder som er opplysningspliktige om eigne eller andre sine forhold, kan få pålagt tvangsmulkt dersom dei ikkje leverer opplysningane dei har plikt til innan fristen. 

Lønnsmottakarar og pensjonistar som kan levere den førehandsutfylte skattemeldinga kan ikkje få tvangsmulkt.

Kva kan du få tvangsmulkt for

Du kan få tvangsmulkt dersom du ikkje leverer

Ein kan òg påleggje tvangsmulkt dersom verksemda ikkje rettar seg etter pålegg om bokføring, manglande etterlevelse av OTP (obligatorisk tenestepensjon) eller ikkje gir opplysningar vi har spurt etter i ein kontroll.

Brev om varsel og vedtak på visse vilkår

Skatteetaten sender ut varsel og vedtak på visse vilkår til dei som ikkje leverer pliktige opplysningar innan fristen. Varsel og vedtak på visse vilkår kjem i det same brevet. I brevet står det kva som er ny frist for å levere opplysningane for å unngå tvangsmulkt.

Satsar og betaling

Dersom du ikkje leverer opplysningane innan den nye datoen i brevet, blir du pålagt ei dagleg mulkt.

Satsen på mulkta er rekna ut frå eit rettsgebyr.

I 2023 er rettsgebyret 1 243 kroner per dag. Dei ulike oppgåvene/meldingane har ulike satsar:

  • For aksjonærreisteroppgåva er satsen eit rettsgebyr per dag. Maksgrensa er 50 rettsgebyr. Maksbeløpet er 62 150 kroner.
  • For a-meldinga er satsen 1/10 rettsgebyr per inntektsmottakar som manglar eller har feil i opplysningane per dag. Maksgrensa er 1 000 rettsgebyr per periode. Maksbeløpet er 1 124 300 kroner per periode.
  • For mva-meldinga er satsen eit halvt rettsgebyr per dag. Maksgrensa er 50 rettsgebyr. Maksbeløpet er 62 150 kroner.
  • For skattemeldinga er satsen eit halvt rettsgebyr per dag. Maksgrensa er 50 rettsgebyr. Maksbeløpet er 62 150 kroner.
  • For tredjepartsopplysningar er satsen 1 rettsgebyr per dag. Maksgrensa er 50 rettsgebyr. Maksbeløpet er 62 150 kroner.
  • For bokføringspålegg er satsen 1 rettsgebyr per dag. Maksbeløpet er 1 000 000 kroner.
  • For OTP (obligatorisk tenestepensjon) er satsen 250 kroner per tilsett, per dag. Tvangsmulkta går inntil forholda er retta.

Mulkta kjem på til du leverer opplysningane vi har spurt etter eller til maksgrensa for tvangsmulkt er nådd.

Du får tilsendt faktura frå Skatteetaten med informasjon om betaling.

Klage på tvangsmulkt

Du kan klage på eit vedtak om tvangsmulkt

Du må betale mulkta sjølv om du klagar.

Aktuelt regelverk