No skal du levere a-meldinga direkte på skatteetaten.no

Viss du ikkje har eit lønnssystem, skal du levere a-meldinga direkte på skatteetaten.no. Du skal ikkje levere a-meldinga i Altinn (A01).

Tvangsmulkt og klage - a-meldinga

A-ordninga brukar tvangsmulkt for å få inn riktige opplysningar innan fristen.

Det er svært viktig at du rapporterer rett og innan fristen for at dei tilsette skal få riktig skattekort og skattemelding eller korrekt utbetaling frå NAV og andre.

 

Kven kan få tvangsmulkt

Alle som er opplysningspliktige i a-ordninga og ikkje leverer a-melding innan oppgitte fristar eller leverer a-meldinga med feil, kan få tvangsmulkt.

 

Kva kan du få tvangsmulkt for

  • Dersom du ikkje leverer a-melding innan fristen
  • Dersom du leverer a-melding utan opplysningar om arbeidsforhold som var rapportert som aktive månaden før (F108 / MAGNET_EDAG_108)
  • Dersom du leverer a-melding utan opplysningar om permisjon eller permittering som du rapporterte forrige månad (F231 / MAGNET_EDAG_231)

 

Ikkje utsett frist for levering a-melding

Skatteetaten har ikkje høve til å utsetje fristen for dei som leverer a-melding. Fristen for å levere a-melding følgjer av a-opplysningsforskrifta § 2-1. Etatane nyttar opplysningane kort tid etter fristen for levering. Det er difor viktig at ein held fristen for alle tilgjengelege opplysningar.

 

Korleis unngår ein tvangsmulkt

  • Kontroller at du har levert a-melding for alle månader.
  • Kontroller Tilbakemelding etter kvar a-melding og rett opp i feila innan fristen. Hugs å rette på den a-meldinga som har feil.
  • Bestill gjerne Avstemmingsinformasjon for å kontrollere kva du har rapportert.
  • Les om korleis du skal rapportere arbeidsforhold og inntekter i rettleiinga.
  • Aktiver varsel i Altinn for å ta imot varsel på SMS eller e-post når det har kome brev til Min meldingsboks i Altinn.

 

Har du fått brev om vedtak om tvangsmulkt i a-meldinga

Dette må du gjere:

  • Undersøk kva mulkta gjeld.
  • Rett opp feilen eller rapporter opplysningane som manglar innan fristen som står i brevet.
  • Ring Skatteetaten på telefon 800 80 000 dersom du har spørsmål.

 

Viktig informasjon

Ver klar over at du må betale mulkta sjølv om du klagar.

Mulkta stoppar ikkje sjølv om du klagar. Den einaste måten å stoppe mulkta på er å levere ei a-melding utan feil.

 

Klage på vedtak om tvangsmulkt

Skattedirektoratet er klageinstans for klager som gjeld tvangsmulkt etter a-opplysningslova. 

Frist

Klagefristen er 6 veker frå du har teke imot vedtaket.

Klagar du etter klagefristen på 6 veker, blir klaga avvist, med mindre du ikkje kan lastast for å ha klaga for seint, eller det er andre særskilde grunnar som tilseier at vi skal handsame klaga. Grunngi og dokumenter kvifor du har klaga for seint.

 

Her sendast klagen

Klaga skal sendast til Skatteetaten. Bruk klageskjemaet, eller send eit brev til Skatteetaten, Postboks 9200 Grønland, 0134 Oslo.

 

Du må grunngi klaga

I klaga må du grunngi kvifor du meiner vedtaket er feil og sende med eventuell dokumentasjon som vi treng for å handsame klaga. Før òg opp referansenummeret og datoen som står på vedtaksbrevet.

 

Satsar og betaling

Tvangsmulkta er 127 kroner (1/10 av eitt rettsgebyr) per inntektsmottakar med feil per dag. Hugs at mulkta kjem på til opplysningane er sende inn eller feilen er retta. Maksimalt tak for mulkta er 1000 x 1 277 kroner (eitt rettsgebyr) = 1 277 000 kroner.

Dersom du ikkje leverer eller rettar innan fristen som står i brevet om tvangsmulkt, får du ein faktura frå Skatteetaten. Fakturaen kjem til Innboks i Altinn. Opplysningar om betaling og frist står på fakturaen.

Har du spørsmål om faktura og innbetaling av tvangsmulkt i a-ordninga kan du ta kontakt med oss.