No er det enklare å sende a-meldinga for deg utan lønnssystem

Du kan bruke ei ny og enklare løysing neste gong du skal sende a-meldinga. Den nye løysinga erstattar a-meldingskjemaet (A01) i Altinn. Du finn den nye løysinga her: A10 – Direkte rapportering av a-melding.

Fristar og betaling i a-meldinga

A-meldinga skal leverast den 5. i kvar månad. Dersom den 5. er ei helg eller ein helgedag, er fristen første yrkedag etter.

Lønn og annen inntekt leverast i a-meldingen for den månaden utbetalinga er gjort. Forskotstrekket oppgir du for den månaden du foretar trekket. Du skal levere opplysningar om arbeidsforholdet kvar månad til og med den månaden den ansatte sluttar.

Fristar for å sende a-melding

17
JUL

A­-meldinga (arbeidsgivaravgift, finansskatt, skattetrekk og utleggstrekk) – frist for betaling

 

Ikkje utsett frist for levering a-melding

Skatteetaten har ikkje høve til å utsetje fristen for dei som leverer a-melding. Fristen for å levere a-melding følgjer av a-opplysningsforskrifta § 2-1. Etatane nyttar opplysningane kort tid etter fristen for levering. Det er difor viktig at ein held fristen for alle tilgjengelege opplysningar.

 

Utleggstrekk

Utleggstsrekk som gjeld skattekrav mot inntektsmottakar rapporteras i a-meldinga. Betaling av utleggstrekket følgjer dei same reglane som for betaling av forskotstrekk. Arbeidsgivarar skal på eige initiativ betale utleggstrekk. Første frist for kalenderåret er 15. mars og deretter den 15. annankvar månad. Når du skal betale utleggstrekket, må du summere beløpa for dei to føregåande månadene.

 

Ekstra arbeidsgivaravgift

Når arbeidsgivar skal berekne og fastsette ekstra arbeidsgivaravgift gjeld dei same rapporteringsfristane og betalingsfristane som for ordinær arbeidsgivaravgift. Arbeidsgivarar skal på eget initiativ beregne, rapportere og betale den ekstra arbeidsgivaravgiften.

 

Andre fristar for somme grupper

 

Privatpersonar som har lønna arbeid i heimen

Frist for å levere Melding om lønna arbeid i heimen (A04): Første yrkedag etter lønnsutbetaling. Den same fristen gjeld betaling av forskotstrekk og ei eventuell arbeidsgivaravgift.

 

For velgjerande og allmennyttige organisasjonar

Fristen for å levere Forenkla a-melding for velgjerande eller allmennyttig organisasjon (A05): Første yrkedag etter lønnsutbetaling. Den same fristen gjeld betaling av forskotstrekk og ei eventuell arbeidsgivaravgift.

 

Føderåd

Fristen for å levere a-melding frå lønnssystem (A02) eller registrere direkte i Altinn (A01): Ein gong per år og seinast samstundes med frist i januar året etter inntektsåret.

 

Lott og part

Opplysningar om lott eller part ved fiske- eller fangstverksemd skal leverast for desember det året inntekta blei tent, når utbetalinga skjer etter årsskiftet. Slike opplysningar skal leverast seinast 20. februar året etter inntektsåret. Frist for betaling av arbeidsgivaravgift og skattetrekk er då 15. mars.

 

Utenlandske arbeidsgivarar med oppdrag i Noreg

Det er datoen for når arbeidet i Noreg startar som bestemmer fristen for å levere a-melding.

  • Dersom arbeidet i Noreg startar mellom 1.-20. i ein kalendermånad, er fristen for å levere a-melding den 5. i påfølgjande månad.
  • Hvis arbeidet starta etter den 20. i en kalendermånad er fristen den 15. i påfølgjande månad.

I månedane etter oppstarten av oppdraget er fristen for å sende a-melding den 5. i påfølgjande månad.

Har du ansatte som er innvilga fritak fra å gjennomføre forskotstrekk etter skattebetalingslova § 5-3 kan opplysningar leveres ein gong i året. Opplysningane skal gis for kvar kalendermånad og fristen er den 15. januar i året etter inntektsåret.

 

Betaling

Fristen for å betale arbeidsgivaravgift, forskotstrekk og finansskatt på lønn er annankvar månad. Her finn du desse betalingsfristane.

Her kan du bestille konto- eller saldoutskrift for skatt og arbeidsgivaravgift

Kontonummer

7694 05 24802

Om du skal registrere dette kontonummeret i ditt system, bruker du organisasjonsnummeret 924616733 Skatteetaten – skatteinnkreving som namn på kontoeigar.

Tidlegare betalte du til skatteoppkrevjaren i kommunen din. Det felles kontonummeret erstattar kontonummera til dei tidlegare skatteoppkrevjarane.

Når du betaler frå utlandet, må du kanskje ha fleire opplysningar om kontoen:

BIC (SWIFT):
DNBANOKKXXX

IBAN:
NO4276940524802

Bank:
DNB Bank ASA, Postboks 1600 sentrum, 0021 Oslo, Noreg

Det blir brukt eigne kontonummer for innbetaling til:

Kontonummer:
7694 05 23121

IBAN:
NO3376940523121

BIC:
DNBANOKKXXX

Bank:
DNB Bank ASA, Postboks 1600 sentrum, 0021 Oslo, Noreg

Kontonummer:
7694 05 23903

IBAN:
NO6576940523903

BIC:
DNBANOKKXXX

Bank:
DNB Bank ASA, Postboks 1600 sentrum, 0021 Oslo, Noreg

Kontonummer:
7694 05 24357

IBAN:
NO2976940524357

BIC:
DNBANOKKXXX

Bank:
DNB Bank ASA, Postboks 1600 sentrum, 0021 Oslo, Noreg

Kontonummer:
7694 05 21005

IBAN:
NO3276940521005

BIC:
DNBANOKKXXX

Bank:
DNB Bank ASA, Postboks 1600 sentrum, 0021 Oslo, Noreg

Rapportere framover i tid

Du kan sende a-melding for to månader fram i tid. Hugs at to månader fram i tid berre gjeld for inneverande år. 

Døme

Sidra sender a-melding for eit selskap. I mai har ho alle opplysningane ho treng for dei to neste månadene. Ho kan då sende a-melding for mai, juni og juli. I november kan ho berre sende a-melding til og med desember. Meldingar som gjeld januar neste år blir avviste.