Utføre forskottstrekk
I Noreg må alle arbeidstakarar betale skatt samtidig som lønna blir tent opp og utbetalt. Det er di plikt som arbeidsgivar å utføre forskottstrekk før lønna blir utbetalt.
Skattetrekkskontoen er avvikla
Frå 2026 skal du betale forskottstrekk og utleggstrekk direkte til Skatteetaten, seinast første arbeidsdag etter lønnsutbetalinga.
Viss du har pengar igjen på skattetrekkskontoen, kan du bruke desse til å betale forskottstrekk i 2026. Du kan overføre pengane frå skattetrekkskontoen til Skatteetaten. Sjå kontonummer for å betale inn.
Pliktene du som arbeidsgivar har til å utføre forskottstrekk, kan oppsummerast i 6 punkt:
- Du må hente skattekort for den tilsette elektronisk frå Skatteetaten. Har du fått beskjed frå Skatteetaten om at arbeidstakaren ikkje har skattekort?
- Du må rekne ut utrekningsgrunnlaget.
- Bruk skattekortet på utrekningsgrunnlaget for å finne rett forskottstrekk.
- Sørg for at skattekortopplysningane er oppdaterte før kvar lønnskøyring.
- Ved kvar lønnskøyring må du gjere eit forskottstrekk i bruttolønna til den tilsette. Du må overføre forskottstrekket til Skatteetaten seinast første yrkedag etter lønnskøyringa.
-
Du må dokumentere forskottstrekket for den tilsette.
Du kan søkje om utsett frist for innbetaling av forskottstrekk
Viss de er usikre på kor mykje av forskottstrekket de skal betale til Noreg på tidspunktet for lønnsutbetaling, kan de søkje om å utsetje fristen til den 5. i månaden etter lønnsutbetalinga. Vi kan innvilge utsett forfallsfrist frå vedtaksdatoen og ut 2027.
Ordninga gjeld nokre få arbeidsgivarar
Ordninga gjeld berre arbeidsgivarar som normalt har tilsette som jobbar i fleire land i løpet av ein månad, og der dei ikkje veit kor mange dagar den tilsette jobbar i dei ulike landa når dei utbetaler lønn.
Dei fleste arbeidsgivarar oppfyller ikkje vilkåra. De treng ikkje søkje om de
- betaler lønn etterskottsvis
- kan bruke arbeidsplanar, turnus eller rotasjonsordningar til å fastslå trekkplikta til Noreg
- har uvisse som gjeld færre enn 10 prosent av dei tilsette de rapporterer forskottstrekk for til Noreg. Då forventar vi at de korrigerer forskottstrekket sjølv, i staden for at vi gir eit generelt unntak.
Når vi vurderer søknadene, ser vi på betalingshistorikken til arbeidsgivaren og eventuelle ubetalte krav.
Dette må søknaden innehalde
Om de meiner at verksemda oppfyller vilkåra over, må de sende oss ein søknad som dokumenterer uvissa. Søkjaren må kunne representere verksemda søknaden gjeld. Vi vurderer og behandlar kvar søknad individuelt for kvart enkelt organisasjonsnummer.
Søknaden må innehalde:
- organisasjonsnummeret til verksemda
- kontaktinformasjon til den som er ansvarleg for søknaden
- ei konkret grunngiving for søknaden
- eit anslag på kor mange tilsette det gjeld, og kor stor del av arbeidsstokken dei utgjer
- tilsettelister, prosjektkontraktar, arbeidskontraktar eller dokumentasjon frå lønsrapporteringssystemet som underbyggjer uvissa
Slik sendar de inn søknaden
- Opne Skriv til oss
- Vel “Anna” under “Kva vil du skrive til oss om?”
- Skriv inn “Søknad om utsett forfallsfrist på forskottstrekk” i skildringa av kva førespurnaden gjeld.
Søkje via advokat eller rådgivar
De kan sende søknaden gjennom ein advokat, rådgivar eller annan representant. Viss fullmektigen ikkje er advokat, revisor eller rekneskapsførar, må de leggje ved ei skriftleg fullmakt frå verksemda som søkjer.
Erklæringar eller stadfestingar frå advokat, revisor eller rådgivar kan vere støttedokumentasjon, men er ikkje nok åleine. De må dokumentere at det er reell uvisse om trekkplikta, slik at vi kan etterprøve opplysningane i erklæringa.
Kvar verksemd må sende inn ein eigen søknad med sine eigne opplysningar.
Kva gjer du dersom ein arbeidstakar ønskjer å trekkje meir skatt enn det skattekortet viser?
Arbeidstakaren treng ikkje nytt skattekort. Arbeidstakaren kan kontakte lønnskontoret / deg som arbeidsgivar, eventuelt Nav/pensjonsutbetalar, og be om å bli trekt meir i skatt.
Skattebetalingslova (kap. 5 § 5-5, 2. ledd) gjer arbeidsgivaren pliktig å trekkje meir skatt viss arbeidstakaren ber om det.
Nyttige verktøy for deg som skal rekne ut rett forskottstrekk og betale inn skatt
- Slik trekkjer du rett skatt – Trinnvis rettleiing for forskottstrekk
- Slik reknar du ut grunnlaget for forskottstrekk
- Tabelltrekk for skattekort
Her finn du ein elektronisk versjon av trekktabellane. Trekktabellane viser kor mykje skatt arbeidsgivar skal trekkje dersom du har eit skattekort som viser ein tabell. - Oversikt over tabelltrinna for trekktabellar (frå 2025)
- Oversikt over tabelltrinna for trekktabellar (frå 2020 til 2024)
- Trekktabellar for lønnssystem (i tekstformat)
Arbeidsgivarar kan nytte tabellane ved test av skattetrekk i lønnssystem. - Lag KID-nummer for innbetaling av skatt og arbeidsgivaravgift.
- Kontonummer for innbetaling