Tabelltrekk eller prosenttrekk i skattekortet
Når du har lønn eller ei anna skattepliktig utbetaling, treng du eit skattekort.
Dei som betaler ut lønn eller andre skattepliktige inntekter, skal trekkje skatt etter opplysningane i skattekortet ditt.
Tabelltrekk i skattekortet
Eit tabelltrekk eignar seg best for deg som har éin fast arbeidsgivar eller utbetaler.
Nye tabellnummer
Vi innfører nye tabellar for 2025. Derfor kan det vere du får eit anna tabellnummer enn du har hatt tidlegare. Så lenge du sjekkar at tala i skattekortet stemmer, blir skatten din rett også med eit nytt tabellnummer.
Slik fungerer tabelltrekk
Arbeidsgivarar eller utbetalarar trekkjer skatt etter ein tabell. Kva for eit tabellnummer du blir trekt etter, finn du på lønnsslippen din, eller på skattekortet som du finn når du loggar deg inn. Opplysningane i skattekortet avgjer kor mykje skatt du blir trekt i året.
Tabelltrekket tar omsyn til om årsinntekta di aukar. Det blir såleis automatisk trekt meir skatt om du skulle gå opp i lønn. Skattekortet har også ein prosentdel som utbetalarar skal bruke om du har fleire arbeidsgivarar, eller om du får ytingar frå Nav i same perioden.
For at du skal sleppe restskatt er det viktig at
- du sjekkar opplysningane
- du sjekkar frådraga
- berre éin utbetalar trekkjer skatt etter tabellen i skattekortet ditt
Logg deg inn og oppdater opplysningane i skattekortet om dei ikkje er rette.
Berekn skattetrekket ditt - basert på tabellkortet ditt ser du kva du får utbetalt.
Prosenttrekk i skattekortet
Prosenttrekk i skattekortet eignar seg best for deg som har
- fleire arbeidsgivarar
- ulike kombinasjonar av fastlønn og provisjonslønn og/eller bonusar
- store variasjonar i inntekta gjennom året
- høg månadslønn og skal jobbe berre ein kort periode i året, til dømes ein sommarjobb eller anna sesongarbeid
- pensjonsytingar som gir rett til skattefrådrag
- fleire typar pensjonsytingar, til dømes annan pensjon og AFP
- ein kombinasjon av lønns- og pensjonsinntekter
- store frådragpostar (gjeldsrenter, reisefrådrag, foreldrefrådrag m.m.)
Slik fungerer prosenttrekk
Arbeidsgivarar og andre utbetalarar trekkjer skatt etter ein fast prosent. Prosentsatsen blir rekna ut etter inntekt, frådrag, formue og gjeld.
Prosenttrekk tar ikkje omsyn til om forholdet mellom inntekt og frådrag endrar seg. Dersom du i løpet av inntektsåret får høgare eller lågare inntekt, større eller mindre frådrag, kan du risikere å betale for lite eller for mykje skatt.
For at du skal sleppe restskatt er det viktig at du
- sjekkar opplysningane
- sjekkar frådraga
Du kjenner økonomien din best, så det er viktig at du loggar inn og sjekkar om alt stemmer. Oppdater opplysningane i skattekortet viss dei ikkje er rette.
Dersom du oppdaterer skattekortet ditt og vi føreslår tabelltrekk, kan du sjølv krysse av for at du ønskjer prosenttrekk.
Dersom du endrar skattekortet
Endrar du skattekortet etter at arbeidsgivaren eller utbetalaren har rapportert inn den første inntekta i år til oss, og du har tabellkort, vil det bli gjort om til eit prosentkort. Det er fordi eit tabellkort reknar ut skatten på inntekta for heile året. Når ei utbetaling allereie er rapportert inn, kan eit tabellkort bli feil. Derfor får du prosentkort slik at skatten skal bli rett. Då blir du trekt etter den prosenten som står i skattekortet ditt neste gong du får ei utbetaling.
Spesielt for deg som har
Har du tabellkort, trekkjer Nav skatt etter tabell viss tabellen er ført opp på den aktuelle ytinga frå Nav i skattetrekksmeldinga di.
Nav kan også trekkje etter tabell viss tabellen er oppgitt i trekkoden "Hovudinntekt", sjølv om det står prosenttrekk på trekkoden for "Skattetrekk ved sjukepengar, svangerskapspengar eller andre ytingar".
Viss Nav mottar tabell, blir tabelltrekk alltid brukt når
- du får ei yting etter ein grad på 51 prosent eller meir
- du får arbeidsavklaringspengar eller dagpengar
Mottar du fleire ytingar frå Nav i den same perioden, er det viktig at tabelltrekk berre blir brukt ved skattetrekk i ei av ytingane. Du kan også bestille prosentkort. Då vil skatten bli trekt med den same prosenten på alle ytingane.
Her finn du meir informasjon om bruk av tabelltrekk i ytingar frå Nav, og korleis du endrar frå tabelltrekk til prosenttrekk hos Nav.
Det blir ikkje skrive ut skattekort for sjøfolk som er busette i utlandet. Det er fastsett eigne trekktabellar for sjøfolk som er skattepliktige etter skattelova § 2-3 første leddet bokstav h.
- 0100 Trekktabell Klasse 1
For skatt av sjømannsinntekt med 10 prosent standardfrådrag, 30 prosent sjømannsfrådrag. - 0101 Trekktabell Klasse 1
For skatt og folketrygdavgift av sjømannsinntekt med 10 prosent standardfrådrag, 30 prosent sjømannsfrådrag.
Tabellen er rekna ut etter eit jamt trekk gjennom 12 månader, og gir derfor reduserte trekkbeløp. Det blir derfor ikkje gitt trekkfritak i ferietida og før jul. Lønnsbeløpet (trekkgrunnlaget) blir avrunda nedover.
Har du skattekort for kjeldeskatt på lønn, betaler du ein fast prosent skatt kvar månad. Arbeidsgivaren din trekkjer eit fast beløp av lønna di same kor mykje eller lite du tener. Gjennom det månadlege trekket er skatten din betalt.
Du får ei skattekvittering i juni som viser kor mykje lønn og skatt arbeidsgivaren din har rapportert til Skatteetaten for jobben du gjorde i fjor.
Dersom du vel deg ut av kjeldeskatt på lønn-ordninga på eit seinare tidspunkt, blir dette beløpet gjort om til forskottstrekk.