No skal du levere a-meldinga direkte på skatteetaten.no

Viss du ikkje har eit lønnssystem, skal du levere a-meldinga direkte på skatteetaten.no. Du skal ikkje levere a-meldinga i Altinn (A01).

Betale forskotstrekk, arbeidsgivaravgift, finansskatt og utleggstrekk

Du rapporterer månadleg i a-meldinga og betaler forskotstrekk, arbeidsgivaravgift, finansskatt og og utleggstrekk annankvar månad. Det blir ikkje sendt ut betalingskort for betaling av forskotstrekk, arbeidsgivaravgift, finansskatt og utleggstrekk.

Levere a-meldinga

Arbeidsgivar skal i regelen levere a-meldinga minst éin gong per kalendermånad. A-meldinga blir automatisk kontrollert ved mottak, og du får tilbakemelding etter kort tid.

Levering frå lønssystem:

Tilbakemeldinga kjem direkte inn i lønnssystemet eller til Innboksen i Altinn. Det vil variere alt etter lønnssystem korleis dette er løyst.

Direkte registrering i Altinn:

Tilbakemeldinga kjem i Min meldingsboks i Altinn.

Viss du har sendt inn fleire a-meldingar i løpet av ein månad, vil den siste tilbakemeldinga oppsummere alle a-meldingane som er sende i løpet av månaden.

Tilbakemeldinga inneheld beløp, KID-nummer og kontonummer for betaling av arbeidsgivaravgift, finansskatt, forskotstrekk og utleggstrekk.

Ver merksam på at beløpa på tilbakemeldinga er oppsummerte berre for den månaden tilbakemeldinga gjeld.

Betaling og fristar

Når du skal betale arbeidsgivaravgift, finansskatt, forskotstrekk og utleggstrekk må du summere beløpa frå to tilbakemeldingar.

Du som arbeidsgivar skal av eige tiltak betale summen av arbeidsgivaravgiftsbeløpet for dei to føregåande månadene. Dette må du gjere også for forskotstrekk, finansskatt og utleggstrekk. Viss du har berekna ekstra arbeidsgivaravgift av lønnsinntekt over 850 000 kroner skal du på eige initiativ betala den ekstra arbeidsgivaravgifta saman med betaling av ordinær arbeidsgivaravgift og etter dei same fristane.

Summerte beløp for dei to føregåande månadene skal betalast kvar 15. januar, 15. mars, 15. mai, 15. juli, 15. september og 15. november.

Arbeidsgivaravgift, ekstra arbeidsgivaravgift, forskotstrekk, finansskatt og utleggstrekk kan betalast elektronisk. Elektroniske betalingar må ha gyldig KID-nummer. Ver merksam på at det er ulike KID-nummer for forskotstrekk, finansskatt, arbeidsgivaravgift og utleggstrekk. Du skal bruka det same KID-nummeret for ordinær arbeidsgivaravgift og ekstra arbeidsgivaravgift. Bankane er pålagde å avvise elektroniske betalingar som manglar gyldig KID-nummer. Kontonummeret, KID-nummeret og beløpet som skal betalast, vil gå fram av tilbakemeldinga du som arbeidsgivar får tilsendt kort tid etter at a-meldinga er levert.

Minstegrensa for innbetaling for ein oppgjersperiode (termin) er 100 kroner, jamfør skattebetalingsforskrifta § 10-4-1. Arbeidsgivar er ikkje friteken frå å levere a-melding sjølv om det ikkje blir gjort ei innbetaling.

Fordi du skal betale arbeidsgiveravgift, finansskatt og forskuddstrekk for to månader, må du summere beløpa frå to tilbakemeldingar.