Koronavirus – viktig informasjon fra Skatteetaten
Tilbakemelding (A03) på sendt a-melding
Kvar gong du sender ei a-melding, blir ho automatisk kontrollert, og du får ei tilbakemelding.
Kva er ei tilbakemelding
Tilbakemeldinga (A03) inneheld eventuelle feil eller manglar (MAGNET/EDAG) du må rette, eller forhold du bør kontrollere om er rette. Ho inneheld òg informasjon om kva du skal betale av forskotstrekk, arbeidsgivaravgift og finansskatt på lønn, samt kontonummer og KID-nummer.
Sender du fleire a-meldingar for same månad, inneheld tilbakemeldinga ei oppsummering av a-meldingane for månaden.
Dersom tilbakemeldinga inneheld feilmeldingar, får du informasjon om
- kvar i a-meldinga feilen er
- kva som er feil
- forklaring av feilen
Merk!
Den automatiske kontrollen sjekkar informasjonen opp mot reglane våre (forretningsreglar). Det er berre feil eller manglar som bryt med desse reglane, vi oppdagar i kontrollen. Dersom du til dømes har gitt opp feil stillingsprosent eller feil lønn, blir ikkje dette oppdaga i den automatiske kontrollen.
Sjå oversikta over feilmeldingar (MAGNET/EDAG)
Dersom du nyttar eit lønnssystem, kontaktar du systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Tilbakemelding for to månader
Har du sendt ei a-melding for ein månad tilbake i tid, får du tilbakemelding for to månader.
Døme
Du leverte a-meldinga for april etter a-meldinga for mai. Du får då tilbakemelding med resultatet av den automatiske kontrollen og betalingsinformasjon både for april og mai.

Kvar finn du tilbakemeldinga
- For deg som har sendt inn a-melding direkte i Altinn (A01): Du finn tilbakemeldinga i Min Innboks under Til mi handsaming i Altinn.
- For deg som har sendt inn a-melding frå eit system (A02): Dei fleste som sender frå system, får tilbakemeldinga presentert i systemet. I tillegg finn du tilbakemeldinga i Min meldingsboks i Altinn i XML-format eller som ZIP-fil. Har du spørsmål om tilbakemeldinga i ditt system, må du kontakte systemleverandøren din.
- Unngå å sende ei ny a-melding før du har fått tilbakemelding på den førre a-meldinga du sende.
- Viss du ikkje får tilbakemelding med det same, kan det vere forseinkingar ved utsending. Sjå etter att etter ei stund om du har fått tilbakemeldinga. Dersom det går fleire timar utan at du har fått tilbakemelding, bør du kontakte systemleverandøren dersom du nyttar lønnssystem, eller kontakt a-ordninga.
Alvorsgrad på feilmeldingar (MAGNET/EDAG)
Feil eller manglar i a-meldinga har tre alvorsgrader:
- Avvising = a-meldinga er ikkje levert.
A-meldinga er ikkje levert eller teken imot hjå oss. Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding i kalendermånaden du har fått feilmeldinga. - Omgåande = a-meldinga er levert med feil.
A-meldinga inneheld feil eller manglar du må rette opp. Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding i kalendermånaden du har fått feilmeldinga. - Retningslinje = a-meldinga er levert med opplysningar som kan vere feil.
A-meldinga er levert med opplysningar som kan vere feil. Dersom det er feil, må du rette opp feilen innan fristen for levering av a-melding i kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Sjå oversikta over feilmeldingar (MAGNET/EDAG)
Dersom du nyttar eit lønnssystem, kontaktar du systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.