Hopp til hovedinnhold
  • Kontakt oss
  • Endre skriftstorleik

    Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
    Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

  • Nynorsk
    • Bokmål
    • English
    • Nynorsk
  • Logg inn
  • Logg ut
Startside til skatteetaten
Startside til skatteetaten
Til a-meldinga

Rettleiinga til a-meldinga

Lukk Søk
Rettleiinga til a-meldinga

Innholdsmeny

Framsida av rettleiinga
  • Feilmeldingar (MAGNET/EDAG) og tilbakemelding Liste over feilmeldingar, tilbakemelding og korleis rette feil
    • Oversikt over feilmeldingar (MAGNET/ EDAG) Alvorsgrad og korleis rette feil
    • Tilbakemelding Kva er ei tilbakemelding
    • Erstatningsmelding eller ny a-melding To måtar å sende a-melding på når du skal rette
  • Organisasjonsnummer Arbeidsgivar, pensjonsselskap eller andre du sender a-meldinga for
    • Organisasjonsnummer for hovedeininga og organisasjonsnummer for undereiningar Kva for nummer skal du bruke når du sender a-meldinga
    • Organisasjonsledd i offentleg sektor Gjeld offentleg sektor
  • Pensjonsinnretning (obligatorisk tenestepensjon) Private arbeidsgivarar skal oppgi pensjonsselskap eller pensjonskasse dei har inngått avtale om sparing med
  • Fødselsnummer, D-nummer eller internasjonal ID (inntektsmottakar) Identifiser tilsette, pensjonistar og andre som tek imot lønn og ytingar
  • Arbeidsforholdet Type arbeidsforhold, start og sluttdato, permisjon, byte lønnssystem med meir
    • Type arbeidsforhold Om arbeidsforholdet er ordinært, maritimt eller anna og korleis endre om noko er feil
      • Ordinært arbeidsforhold Tilsett som tek imot lønn (gjeld dei aller fleste)
      • Maritimt arbeidsforhold Tilsett som jobbar til sjøs, på fartøy eller flyttbar innretning
      • Unnatak for ordinære og maritime arbeidsforhold Døme på når du ikkje treng å gi opp opplysningar om ordinært eller maritimt arbeidsforhold.
      • Pensjon eller andre ytingar Person som tek imot pensjon eller andre ytingar utan å vere tilsett eller i oppdrag
      • Frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar Person som jobbar på oppdrag utan å vere tilsett
      • Vel rett arbeidsforhold Når du er usikker på kva for eit arbeidsforhold du skal velje
      • Endre type arbeidsforhold Døme på korleis du byter frå eitt arbeidsforhold til eit anna
    • Opplysningar om arbeidsforholdet Start og sluttdato, stillingsprosent, permisjon og andre opplysningar
      • Startdato på arbeidsforhold
      • Sluttdato på arbeidsforhold
      • Årsak til sluttdato
      • Stillingsprosent
      • Datoen stillingsprosenten blei endra
      • Timar per veke for full stilling
      • Arbeidstidsordning
      • Datoen lønna blei endra
      • Tilsetjingsform (fast og mellombels)
      • Lønnsansiennitet
      • Lønnstrinn
      • Yrkeskode
      • ArbeidsforholdsID
      • Permisjon
      • Permittering
      • Avlønningstype
    • Særskilde forhold Byte lønnssystem, fusjon, oppkjøp, med meir
      • Arbeidsforhold ved lønn til tilsette som har slutta
      • Byte lønnssystem
      • Byte jobb hjå same arbeidsgivar
      • Fisjon
      • Fusjon
      • Oppkjøp, eigarskifte eller overdraginga av verksemd
      • Kommune- og fylkessamanslåing
  • Lønn og ytingar Kontantyting, utgiftsgodtgjersle, naturalytingar,trygd, pensjon med meir
    • Oversikt over lønn og andre ytingar Nemningar for lønn og andre ytingar du kan bruke
    • Rette feil i lønn og ytingar Feil beløp eller nemning, utbetalt for mykje eller for lite
  • Frådrag Fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar og andre frådrag
    • Fagforeiningskontingent
    • Premie til pensjonsordningar
    • Premie til utanlandske pensjonsordningar
    • Premiar til fond og trygd
    • Brakkeleige
  • Forskotstrekk Korleis ein skal føre opp trekkplikt, rekne ut og betale forskotstrekk
  • Utleggstrekk Korleis oppgi utleggstrekk, rekne ut og betale utleggstrekk
  • Arbeidsgivaravgift og finansskatt Korleis rekne ut, kva du skal føre opp og betale
    • Arbeidsgivaravgift Utrekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Ekstra arbeidsgiveravgift på lønnsinntekt over 750 000 kroner Berekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Finansskatt på lønn Gjeld finans- og forsikringssektoren
  • Særskilde grupper Utland, sjøfolk, skattefri organisasjon, kjeldeskatt på pensjoner, nettolønn, Jan Mayen og Svalbard
    • Utland Utanlandske arbeidsgivarar med oppdrag i Noreg
    • Utanlandsforhold Norske arbeidsgivarar med tilsette i utlandet
    • Særskilt frådrag for sjøfolk For sjøfolk som har krav på eit eige frådrag
    • Skattefrie organisasjonar Korleis ein skal føre opp lønn og ytingar for tilsette i skattefrie organiasjonar
    • Kjeldeskatt på pensjonar Skatt på pensjon til personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg
    • Nettolønn For arbeidsgivar som har tilsette med nettolønn
    • Jan Mayen og dei norske bilanda i Antarktis For personar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova
    • Svalbard For personar som kjem inn under Svalbardskattelova
  1. Rettleiinga til a-meldinga
  2. Arbeidsgivaravgift og finansskatt
  • Del
    • Facebook
    • Twitter
    • LinkedIn
  • Skriv ut

Ekstra arbeidsgivaravgift på lønnsytingar over 750 000 kroner

  • Oppdatert: 24.03.2023

Korleis du reknar ut og kvar for opplysningar du skal gi om ekstra arbeidsgiveravgift på lønn, naturalytingar mv. i a-meldinga.

    Kort om ekstra arbeidsgiveravgift på lønn, naturalytelser mv. 

    Det skal bereknast ekstra arbeidsgivaravgift når dei samla avgiftspliktige lønnsytingane til ein inntektsmottakar overstig terskelbeløpet på 750 000 kroner frå ei juridisk eining. Regelen tredde i kraft 1. januar 2023. Avgifta utgjer 5 prosent av grunnlaget over beløpsgrensa. Arbeidsgivar si berekning- og rapporteringsplikt går frå det tidspunktet beløpsgrensa er nådd.


    Berekningskoden «ekstra arbeidsgivaravgift» skal brukast uavhengig av næring, og kjem i tillegg til andre berekningskodar

     

    Kva for opplysningar skal du oppgi

    Oppgi avgiftsgrunnlaget for ekstra arbeidsgivaravgift som eit særskilt grunnlag

    For ekstra arbeidsgiveravgift skal du gi opplysninger om:
    Berekningskode ekstraArbeidsgiveravgift
    Sone sone x
    Avgiftsgrunnlag x kroner
    Avgiftssats 5 prosent

     

    Berekningskode

    Det er innført en egen berekningskode, oppgi «ekstraArbeidsgiveravgift».

     

    Sone

    Oppgi sone ut ifrå den geografiske plasseringa til verksemda.

     

    Avgiftssats

    Satsen er 5 prosent i alle soner, også for arbeidsgivarar i kommunar som i dag har 0-sats for ordinær arbeidsgivaravgift.

     

    Avgiftsgrunnlag for ekstra arbeidsgiveravgift

     

    1. Lønn og annen godtgjersle

    Den ekstra arbeidsgivaravgifta skal bereknast av det same grunnlaget som blir lagt til grunn for ordinær arbeidsgivaravgift. Arbeidsgivaravgifta skal bereknast frå den kalendermånaden fastsett beløpsgrense blir overskriden, for den delen som overstig beløpsgrensa.

    Feriepengar opptente i 2022 som blir utbetalte i 2023 skal inngå i berekningsgrunnlaget. Det same gjeld bonus frå tidlegare år som blir utbetalt i 2023.

    Informasjon om ei yting inngår i grunnlaget for arbeidsgivaravgift, finn du i oversikt over lønn og andre ytingar.

    Unntak for visse grupper
    Plikta til å berekne ekstra arbeidsgivaravgift gjeld ikkje for

    • lønnsytingar til arbeidstakarar i lønnstrekkordninga på Svalbard og arbeidstakarar på Jan Mayen eller på bilanda
    • arbeidstakarar som er utsendt frå USA eller Canada
    • sjøfolk i utenriksfart som bor utanfor Norden og som ikkje er statsborgar i eit anna EØS-land og er medlem i trygda etter folketrygdlova § 2-6 med fast avgiftssats 

     

    2. Arbeidsgivers tilskot og premie til pensjon

    Det skal ikkje bereknast ekstra avgift av arbeidsgivars andel av premiebetaling og tilskot til kollektiv tenestepensjon som er offentleg eller omfattes av skattelova § 6-46. Premiebetaling til fellesordninga for privat AFP omfattas av unntaket frå ekstra arbeidsgiveravgift. Det same gjeld eingongsbeløp til avløsing av rett til pensjon i abreidsforhold som ikkje er sikra ved premie og tilskot, og eingongspremie eller tilskot som innbetalast til sikring av rett til slik pensjon. 

    Løpande pensjon utbetalt direkte frå noverande eller tidlegare arbeidsgiver over driften skal inngå i grunnlaget for ekstra arbeidsgiveravgift.

     

    3.  Refusjoner fra NAV for forskutterte sjukepengar mv. 

    Det blir gitt frådrag i grunnlaget for ekstra arbeidsgivaravgift for refusjonar frå NAV når

    • det er berekna ekstra arbeidsgivaravgift for forskotterte sjukepengar, foreldrepengar, svangerskapspengar, pleie/opplæring- og omsorgspengar, og
    • ytinga faktisk er refundert frå NAV

     

    Døme på rapportering av ekstra arbeidsgivaravgift

    Døma nedanfor viser berre rapportering av avgiftsgrunnlaget for ekstra arbeidsgivaravgift.

    Du må i tillegg oppgi andre obligatoriske opplysningar i a-meldinga.

    Døme når beløpsgrensa er nådd

    Petter har til og med juli ei avgiftspliktig lønn på 650 000 kroner. Lønna hans i august er 110 000 kroner. Arbeidsgivar bereknar ekstra arbeidsgivaravgift av eit grunnlag på 10 000 kroner i august.

    I a-meldinga for august skal grunnlaget for ekstra arbeidsgivaravgift rapporterast slik:

    I a-meldinga for august skal grunnlaget for ekstra arbeidsgiveravgift rapporterast slik: 
    Berekningskode ekstraArbeidsgiveravgift
    Sone sone 1
    Avgiftsgrunnlag 10 000 
    Avgiftssats 5 %

    I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.

     

    Døme når opphavleg avgiftsgrunnlag for ekstra arbeidsgivaravgift er mindre enn refusjonen frå NAV

    Jonas har til og med juli ei avgiftspliktig lønn på 650 000 kroner. Lønna hans i august er 110 000 kroner. Arbeidsgivar bereknar ekstra arbeidsgivaravgift av eit grunnlag på 10 000 kroner i august.


    I august er Jonas sjukmeld utover arbeidsgivarperioden. I oktober mottar arbeidsgivar 20 000 kroner i refusjon frå NAV for Jonas sin sjukepengeperiode i august.

    I a-meldinga for oktober skal frådrag i grunnlaget for arbeidsgiveravgift rapporterast slik:
    Berekningskode Generelle næringer
    Sone sone 1
    Avgiftsgrunnlag -20 000
    Avgiftssats 14,1%

    I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.

    I a-meldinga for oktober skal frådrag i grunnlaget for ekstra arbeidsgiveravgift rapporterast slik:
    Beregningskode ekstraArbeidsgiveravgift
    Sone sone 1
    Avgiftsgrunnlag -10 000 
    Avgiftssats 5%

    I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.

     

    Døme når opphavleg avgiftsgrunnlag for ekstra arbeidsgivaravgift er meir enn refusjonen frå NAV

    Simen har til og med juli ei avgiftspliktig lønn på 700 000 kroner. Lønna hans i august er 100 000 kroner. Arbeidsgivar bereknar ekstra arbeidsgivaravgift av eit grunnlag på 50 000 kroner i august. Simen er sjukmeld tre veker i august.

    I oktober mottar arbeidsgivar 45 000 kroner i refusjon frå NAV for Simen sin sjukepengeperiode i august.

    I a-meldinga for oktober skal frådrag i grunnlaget for arbeidsgiveravgift rapporterast slik:
    Beregningskode Generelle næringer
    Sone sone 1
    Avgiftsgrunnlag -45 000
    Avgiftssats 14,1%

     

    I a-meldinga for oktober skal frådrag i grunnlaget for ekstra arbeidsgiveravgift rapporterast slik:
    Beregningskode ekstraArbeidsgiveravgift
    Sone sone 1
    Avgiftsgrunnlag -45 000 
    Avgiftssats 5%

    I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.

     

     

    Døme når NAV endrar refusjonsbeløpet

    Elise har til og med juli ei avgiftspliktig lønn på 800 000 kroner. Lønna hennar i august er 80 000 kroner og arbeidsgivar bereknar ekstra arbeidsgivaravgift av eit grunnlag på 80 000 kroner. Elise har tre veker med foreldrepermisjon i august.

    I oktober mottar arbeidsgivar 50 000 kroner i refusjon frå NAV for Elise sin foreldrepengeperiode i august.

    I desember mottar arbeidsgivar korrigert refusjonsoppgjer frå NAV som viser at arbeidsgivar mottar totalt 30 000 kroner i refusjon frå NAV for Elise sin foreldrepengeperiode i august.

    I a-meldinga for oktober rapporterar dei frådraget i grunnlaget for ekstra arbeidsgiveravgift slik:
    Berekningskode ekstraArbeidsgiveravgift
    Sone sone 1
    Avgiftsgrunnlag -50 000
    Avgiftssats 5%

    I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.

    I a-meldingen for desember korrigerer de fradraget i grunnlaget slik: 
    Berekningskode ekstraArbeidsgiveravgift
    Sone sone 1
    Avgiftsgrunnlag 20 000
    Avgiftssats 5%

    I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.

     

    Hvilken organisasjonsenhet skal du rapportere på

    Ekstra arbeidsgivaravgift kan rapporterast

    • på undereininga som arbeidsforholdet er knytt til, det vil seie som for ordinær arbeidsgivaravgift
    • samla på undereininga der hovudeininga er registrert, sjølv om arbeidstakar har fleire arbeidsforhold knytt til fleire registrerte undereiningar

    Frådrag i avgiftsgrunnlaget for refusjonar frå Nav blir gjort i avgiftsberekninga på same undereining som der ekstra arbeidsgivaravgift opphavleg er berekna.

    Ved ambulerande verksemd er det ikkje nødvendig å fordele arbeidsgivaravgiftsgrunnlaget for ekstra arbeidsgivaravgift på fleire soner.

     

    Sum beregnet ekstra arbeidsgiveravgift

    Summen av berekna ekstra arbeidsgivaravgift skal leggjast til sum berekna ordinær arbeidsgivaravgift. Det er dette beløpet du skal betale i arbeidsgivaravgift.

     

    Når skal du rapportere

    Du skal gi opplysningar om arbeidsgivaravgift i a-meldinga kvar månad du oppgir lønn eller andre ytingar du reknar ut arbeidsgivaravgift av.

    Arbeidsgivaravgift av arbeidsgivar sitt tilskot og premie til pensjon, skal du føre opp i den kalendermånaden du har betalt heile tilskotet/premien.

    Refusjon av sjukepengar o.a. som fører til reduksjon av avgiftsgrunnlaget, skal du oppgi den kalendermånaden du har fått refusjon av NAV.

     

    Betaling

    Arbeidsgivere skal på eget initiativ betale den ekstra arbeidsgiveravgiften saman med betaling av ordinær arbeidsgivaravgift og etter dei same fristane.

    Se også utfyllende informasjon om korleis du betalar, kid-nummer og fristar for innbetaling av forskuddstrekk og arbeidsgiveravgift.

     

    Rette feil

    Viktig informasjon

    Korrigering av ekstra arbeidsgiveravgift er avgrensa til

    • ekstra avgiftsgrunnlag for den eller dei månedane som er feil
    • inntektsmottakarane feilen gjeld
    • opprinnelig rapportert ekstra arbeidsgivaravgift på undereininga 

     

    Feilmeldingar som gjeld arbeidsgivaravgift

    MAGNET_EDAG-183
    Avgiftsgrunnlaget er negativt

    MAGNET_EDAG-183B
    Sum refusjonsgrunnlag er positivt

    MAGNET_EDAG-185
    Feil i arbeidsgiveravgift

    MAGNET_EDAG-197
    Oppgitt kombinasjon av utrekningskode, sone og sats er feil

    Dersom du har ført opp feil avgiftsgrunnlag, må du rette avgiftsgrunnlaget i a-melding for den månaden som er feil.

    Når du skal endre arbeidsgivaravgift som var rett oppgitt på leveringsfristen, men som har endra seg i etterkant.


    Dette gjeld til dømes endringar på grunn av:

    • medlemskap i trygdesystemet i eit anna land med tilbakeverkande kraft
    • køyrebok
    • stipend


    I slike tilfelle kan du velje kva for ein månad du gjer endringa i.

     

    Dersom endringa gjeld inneverande år kan du

    • endre arbeidsgivaravgifta i a-melding for den månaden dei nye opplysningane blir kjende, eller
    • endre arbeidsgivaravgifta i a-melding for den/dei månad(ene) endringa gjeld

     

    Dersom endringa gjeld tidlegare år kan du

    • endre arbeidsgivaravgifta i a-melding for den månaden dei nye opplysningane blir kjende,
    • endre arbeidsgivaravgifta i a-melding for den/dei månad(ene) endringa gjeld, eller
    • endre arbeidsgivaravgifta i a-melding for desember.

     

    Dersom du skal endre arbeidsgivaravgifta fordi ein inntektsmottakar får etterbetalt ei yting, må du føre opp arbeidsgivaravgifta i den månaden etterbetalinga skjer.

    Skal du endre arbeidsgivaravgifta fordi ein inntektsmottakar har betalt tilbake ei yting, kan du velje kva for ein månad du endrar i.

    Dersom tilbakebetalinga gjeld inneverande år kan du

    • endre arbeidsgivaravgifta i a-melding for den månaden ytinga blir tilbakebetalt, eller
    • endre arbeidsgivaravgifta i a-melding for den/dei månad(ene) tilbakebetalinga gjeld
       

    Dersom endringa gjeld tidlegare år kan du

    • endre arbeidsgivaravgifta i a-melding for den månaden ytinga blir tilbakebetalt,
    • endre arbeidsgivaravgifta i a-melding for den/dei månad(ene) tilbakebetalinga gjeld, eller
    • endre arbeidsgivaravgifta i a-melding for desember.

    Merk! 
    Beløpet som inntektsmottakaren har betalt tilbake må du rette i a-melding for den eller dei månadene feilen blei gjort. Det er berre når du skal endre arbeidsgivaravgifta at du kan velje månaden å endre i.

     

    Viktig informasjon

    Dersom du nyttar eit lønnssystem, kontaktar du systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.

     

    Hva bruker vi opplysningene til

    Skatteetaten bruker opplysningen "Sum beregnet arbeidsgiveravgift" til å kreve inn arbeidsgiveravgift. Beregningskoder, satser, soner og avgiftsgrunnlag brukes til å kontrollere summen du har oppgitt at du skal betale.

    Statistisk sentralbyrå (SSB) bruker opplysningene til statistikkformål.

     

    Aktuelt regelverk

    • Folketrygdloven § 23-2

    • A-opplysningsloven

    • A-opplysningsforskriften

    • Skatteforvaltningsloven § 8-6

    • Stortingsvedtak om fastsetting av avgifter mv. til folketrygden for 2023

    • Forskrift om ekstra arbeidsgiveravgift

     

    Til toppen

    Desse samarbeider om a-meldinga:

     

    Logo NAV
    Logo Statistisk Sentralbyrå
    Logo Skatteetaten
    footer/desktop/standard
    Skatteetaten. Logo
    Satser
    Skjema og tjenester
    Sámegiel skovit
    Sikkerhet og personvern
    Tilgjengelighetserklæring