Oppgitt kombinasjon av utrekningskode, sone og sats er feil
F197 / MAGNET_EDAG-197
Kvifor denne feilmeldinga
Du har brukt ein kombinasjon av utrekningskode, sone og sats for arbeidsgivaravgift som er feil.
Feilmeldinga kan kome av at du har
- oppgitt feil utrekningskode
- oppgitt feil sone for arbeidsgivaravgift
- oppgitt feil sats for arbeidsgivaravgift
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld feil eller manglar du må rette opp.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Omgåande
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Kontroller avgiftsgrunnlag, sone, sats og utrekningskode som du har oppgitt for kvar verksemd. Er du usikker på kva som er rett, kan du sjå utfyllande informasjon om arbeidsgivaravgift.
- Endre der det er feil.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme – feil sats
Ein butikk sender a-melding for mai med desse opplysningane om arbeidsgivaravgift: sone = 1, sats = 0 og utrekningskode = "generelle næringar".
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-197 fordi det er ikkje mogeleg å ha sats = 0 når sone er 1 og utrekningskoden er generelle næringar.
Butikken rettar satsen til: | |
Sats | 14,1 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.