Lønn til tilsette som har slutta (feriepengar)
Du kan gjere utbetalingar til ein tilsett som har slutta, men ikkje endre opplysningane om arbeidsforholdet.
Dette må du passe på
Skal du føre opp lønn eller andre ytingar til tilsette som har slutta, må du passe på at du ikkje endrar opplysningane om arbeidsforholdet. Døme på utbetalingar etter at ein person har slutta er feriepengar, bonus, etterbetalingar av lønn, overtid o.l.
Dersom du nyttar eit lønnssystem, kontaktar du systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Du kan føre opp dette på tre ulike måtar
Alternativ 1 – Ikkje oppgi opplysningar om arbeidsforhold
Du treng ikkje gi opplysningar om arbeidsforhold som er avslutta. Du har allereie sendt inn informasjonen i tidlegare a-meldingar. Plikta til å sende inn opplysningar om arbeidsforhold gjeld til og med månaden for den aktuelle sluttdatoen.
Alternativ 2 – Ta opp att opplysningar om arbeidsforhold
Du kan sende inn dei same opplysningane på arbeidsforholdet som du har sendt inn tidlegare. Hugs at sluttdatoen må vere med. Oppgir du eit arbeidsforhold med sluttdato, i ei a-melding frå januar 2021 eller seinere, må du oppgi årsak til sluttdato.
Alternativ 3 – Vel arbeidsforholdstype Pensjon eller andre ytingar utanfor arbeidsforhold
Dersom alternativ 1 eller 2 ikkje er mogeleg i ditt system, kan du velje arbeidsforholdstypen «pensjon eller andre ytingar utanfor arbeidsforhold».
Døme
Kari jobba i ein butikk og slutta i jobben 12. desember. Ho får 30 000 kroner i fastlønn i desember. Butikken betaler ut feriepengar til Kari i januar.
A-melding for desember |
|
Undereining | A |
Inntektsmottakar | Kari |
ArbeidsforholdsID | 10 |
Type arbeidsforhold | ordinært |
Startdato på arbeidsforholdet | 10. oktober |
Sluttdato på arbeidsforholdet | 12. desember |
Årsak til sluttdato | arbeidstakar har sjølv sagt opp |
Yrkeskode | 5221 126 |
Talet på timar per veke som svarar til ei full stilling | 37,5 |
Stillingsprosent | 100 |
Siste dato for endring av stillingsprosent | 10. oktober |
Arbeidstidsordning | ikkeSkift |
Siste lønnsendringsdato | 10. oktober |
Fastlønn | 30 000 kroner |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
Alternativ 1 – Ikkje oppgi opplysningar om arbeidsforhold
A-melding for januar |
|
Undereining |
A |
Inntektsmottakar | Kari |
Feriepengar | 35 000 kroner |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
Alternativ 2 – Ta opp att opplysningar om arbeidsforhold
A-melding for januar |
|
Undereining |
A |
Inntektsmottakar | Kari |
ArbeidsforholdsID | 10 |
Type arbeidsforhold | ordinært |
Startdato på arbeidsforholdet | 10. oktober |
Sluttdato på arbeidsforholdet | 12. desember |
Årsak til sluttdato | arbeidstakar har sjølv sagt opp |
Yrkeskode | 5221 126 |
Talet på timar per veke som svarar til ei full stilling | 37,5 |
Stillingsprosent | 100 |
Siste dato for endring av stillingsprosent | 10. oktober |
Arbeidstidsordning | ikkeSkift |
Siste lønnsendringsdato | 10. oktober |
Feriepengar | 35 000 kroner |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
Alternativ 3 – Vel arbeidsforholdstype «pensjon eller andre ytingar utanfor arbeidsforhold»
A-melding for januar |
|
Undereining |
A |
Inntektsmottakar | Kari |
Type arbeidsforhold | pensjon og andre ytelser |
Feriepengar | 35 000 kroner |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.