Hopp til hovedinnhold
  • Kontakt oss
  • Endre skriftstorleik

    Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
    Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

  • Nynorsk
    • Bokmål
    • English
    • Nynorsk
  • Logg inn
  • Logg ut
Startsida til Skatteetaten
Startsida til Skatteetaten
Til a-meldinga

Rettleiinga til a-meldinga

Lukk Søk
Rettleiinga til a-meldinga

Innholdsmeny

Framsida av rettleiinga
  • Feilmeldingar (MAGNET/EDAG) og tilbakemelding Liste over feilmeldingar, tilbakemelding og korleis rette feil
    • Oversikt over feilmeldingar (MAGNET/ EDAG) Alvorsgrad og korleis rette feil
    • Tilbakemelding Kva er ei tilbakemelding
    • Erstatningsmelding eller ny a-melding To måtar å sende a-melding på når du skal rette
  • Organisasjonsnummer Arbeidsgivar, pensjonsselskap eller andre du sender a-meldinga for
    • Organisasjonsnummer for hovedeininga og organisasjonsnummer for undereiningar Kva for nummer skal du bruke når du sender a-meldinga
    • Organisasjonsledd i offentleg sektor Gjeld offentleg sektor
  • Pensjonsinnretning (obligatorisk tenestepensjon) Private arbeidsgivarar skal oppgi pensjonsselskap eller pensjonskasse dei har inngått avtale om sparing med
  • Fødselsnummer, D-nummer eller internasjonal ID (inntektsmottakar) Identifiser tilsette, pensjonistar og andre som tek imot lønn og ytingar
  • Arbeidsforholdet Type arbeidsforhold, start og sluttdato, permisjon, byte lønnssystem med meir
    • Type arbeidsforhold Om arbeidsforholdet er ordinært, maritimt eller anna og korleis endre om noko er feil
      • Ordinært arbeidsforhold Tilsett som tek imot lønn (gjeld dei aller fleste)
      • Maritimt arbeidsforhold Tilsett som jobbar til sjøs, på fartøy eller flyttbar innretning
      • Unnatak for ordinære og maritime arbeidsforhold Døme på når du ikkje treng å gi opp opplysningar om ordinært eller maritimt arbeidsforhold.
      • Pensjon eller andre ytingar Person som tek imot pensjon eller andre ytingar utan å vere tilsett eller i oppdrag
      • Frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar Person som jobbar på oppdrag utan å vere tilsett
      • Vel rett arbeidsforhold Når du er usikker på kva for eit arbeidsforhold du skal velje
      • Endre type arbeidsforhold Døme på korleis du byter frå eitt arbeidsforhold til eit anna
    • Opplysningar om arbeidsforholdet Start og sluttdato, stillingsprosent, permisjon og andre opplysningar
      • Startdato på arbeidsforhold
      • Sluttdato på arbeidsforhold
      • Årsak til sluttdato
      • Stillingsprosent
      • Datoen stillingsprosenten blei endra
      • Timar per veke for full stilling
      • Arbeidstidsordning
      • Datoen lønna blei endra
      • Tilsetjingsform
      • Lønnsansiennitet
      • Lønnstrinn
      • Yrkeskode
      • ArbeidsforholdsID
      • Permisjon
      • Permittering
      • Avlønningstype
    • Særskilde forhold Byte lønnssystem, fusjon, oppkjøp, med meir
      • Arbeidsforhold ved lønn til tilsette som har slutta
      • Byte lønnssystem
      • Byte jobb hjå same arbeidsgivar
      • Fisjon
      • Fusjon
      • Oppkjøp, eigarskifte eller overdraginga av verksemd
      • Endringar i kommune- eller fylkesstruktur
  • Lønn og ytingar Kontantyting, utgiftsgodtgjersle, naturalytingar,trygd, pensjon med meir
    • Oversikt over lønn og andre ytingar Nemningar for lønn og andre ytingar du kan bruke
    • Rette feil i lønn og ytingar Feil beløp eller nemning, utbetalt for mykje eller for lite
  • Frådrag Fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar og andre frådrag
    • Fagforeiningskontingent
    • Premie til pensjonsordningar
    • Premie til utanlandske pensjonsordningar
    • Premiar til fond og trygd
    • Brakkeleige
  • Forskotstrekk Korleis ein skal føre opp trekkplikt, rekne ut og betale forskotstrekk
  • Utleggstrekk Korleis oppgi utleggstrekk, rekne ut og betale utleggstrekk
  • Arbeidsgivaravgift og finansskatt Korleis rekne ut, kva du skal føre opp og betale
    • Arbeidsgivaravgift Utrekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Ekstra arbeidsgiveravgift Berekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Finansskatt på lønn Gjeld finans- og forsikringssektoren
  • Særskilde grupper Utland, sjøfolk, skattefri organisasjon, kjeldeskatt på pensjoner, nettolønn, Jan Mayen og Svalbard
    • Utland Utanlandske arbeidsgivarar med oppdrag i Noreg
    • Utanlandsforhold Norske arbeidsgivarar med tilsette i utlandet
    • Nettolønn For arbeidsgivar som har tilsette med nettolønn
    • Kjeldeskatt på lønn
    • Kjeldeskatt på pensjonar Skatt på pensjon til personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg
    • Særskilt frådrag for sjøfolk For sjøfolk som har krav på eit eige frådrag
    • Skattefrie organisasjonar Korleis ein skal føre opp lønn og ytingar for tilsette i skattefrie organiasjonar
    • Svalbard For personar som kjem inn under Svalbardskattelova
    • Jan Mayen og dei norske bilanda i Antarktis For personar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova
    • Tilsett i arbeidsmarknadstiltak
  1. Rettleiinga til a-meldinga
  2. Feilmeldingar (MAGNET/EDAG) og tilbakemelding

Erstatningsmelding eller ny a-melding

  • Oppdatert: 24.04.2023

Når du skal rette eller endre opplysningar i a-meldinga, kan du gjere det på to måtar: Enten sende erstatningsmelding eller sende inn ny a-melding.

    Erstatningsmelding

    Ei erstatningsmelding er når du sender inn ei fullstendig a-melding som erstattar ei a-melding du allereie har sendt. Alle opplysningane som du sende tidlegare, blir erstatta av opplysningane i erstatningsmeldinga.

     

    Diagram. Send a-melding nummer 1. Rett feil eller manglar. Send a-melding nummer 2. A-melding 2 gjeld for perioden. Teksten i artikkelen forklarer dette nærare.

     

    Viktig informasjon

    Ei erstatningsmelding skriv over opplysningane i a-meldinga du erstattar.

     

    For at erstatningsmeldinga skal kunne erstatte ei tidlegare a-melding må du

    • referere til meldings-ID-en for a-meldinga du skal erstatte
    • oppgi same månad


    Ei a-melding kan berre erstattast éin gong. Dersom du oppdagar nye feil i erstatningsmeldinga, er det denne du må erstatte. Då må du vise til meldings-ID og månad for erstatningsmeldinga.

     

    Døme på bruk av erstatningsmelding

    Eit byggjefirma sender a-melding for august. Etter at dei har sendt a-meldinga, oppdagar dei at ho inneheld feil. Dei har oppgitt feil fødselsdato på ein av dei tilsette med internasjonal ID.

    Dei sender ei erstatningsmelding for å rette opp feilen.

    A-melding for august
    Opphavleg a-melding med feil

    MeldingsID 10
    Månad august
    Fødselsdato 20. desember 1960

    I tillegg oppgav dei alle andre obligatoriske opplysningar.

     

    Erstatningsmelding for august
    Byggjefirmaet rettar fødselsdatoen og sender erstatningsmeldinga.

    MeldingsID 20
    Erstattear meldingsID 10
    Månad august
    Fødselsdato 20. desember 1980

    I tillegg oppgir dei alle andre obligatoriske opplysningar.

    Erstatningsmeldinga erstattar den tidlegare a-meldinga dei sende for august.

     

    Merk!
    Sender du a-melding direkte på skatteetaten.no, er det alltid den siste a-meldinga som er sendt inn for månaden, som gjeld. Det vil seie at når du rettar feil eller manglar, skjer det alltid ei erstatning.

     

    Ny a-melding

    Alternativet til ei erstatningsmelding er å sende ei ny a-melding som rettar feil eller manglar i ei a-melding som er sendt inn tidlegare.

     

    Diagram. Send a-melding nummer 1. Rett feil eller manglar. Send a-melding nummer 2. A-melding 1 og 2 gjeld for perioden. Teksten i artikkelen forklarer dette nærare.

     

    Når du sender ei ny a-melding, skal du oppgi

    • ein unik meldings-ID for månaden
    • opplysningar som rettar opp feil eller manglar i ei a-melding som er sendt tidlegare for månaden

     

    Døme på bruk av ny a-melding

    Eit reinhaldsfirma sender a-melding for september. Etter at dei har sendt a-meldinga, oppdagar dei at ho inneheld feil. Dei har ført opp 10 000 kroner for mykje i lønn til ein av dei tilsette. 

    Dei sender ei ny a-melding for å rette opp feilen.

    A-melding for september
    Opphavleg a-melding med feil

    MeldingsID 10
    Månad september
    Fastlønn 35 000 kroner

    I tillegg oppgav dei alle andre obligatoriske opplysningar.

     

    Ny a-melding for september
    Reinhaldsfirmaet rettar feilen ved å korrigere det som er for mykje, med eit negativt beløp.

    MeldingsID   20
    Månad   september
    Fastlønn - 10 000 kroner

    I tillegg oppgir dei alle andre obligatoriske opplysningar.

    Både den opphavlege og den nye a-meldinga gjeld då for september, og lønna til den tilsette er redusert med 10 000 kroner (35 000 – 10 000 = 25 000).

     

    Sletting av a-melding og bruk av 0-melding

    Ei 0-melding er ei melding som anten er blank eller inneheld 0-verdiar, og ho erstattar ei tidlegare innsend a-melding med innhald. Nokon bruker 0-meldingar til å rette feil. 

    Sender du inn ei 0-melding, kan det føre til at informasjon for ein eller fleire periodar manglar og at det ikkje er nokon opplysningar om arbeidsgivaren eller den tilsette. 

    Viss du må bruke ei 0-melding, bør du sende ei ny a-melding med rett innhald med ein gong, slik at arbeidsgivaren og den tilsette ikkje blir ståande utan opplysningar om arbeidsgivaravgift, forskottstrekk, arbeidsforholdsopplysningar og inntekt i a-ordninga. Arbeidsforhold som ikkje er eller blir stadfesta, vil få feilmeldinga F108, og det vil medføre at Nav set ein sluttdato på arbeidsforholdet i Aa-registeret. 

    Det er mange som bruker opplysningane som blir rapporterte i a-meldinga. Når data blir sletta eller nulla ut, aukar sjansen for til dømes lengre saksbehandlingstid, feil i skattemeldingsgrunnlag, feil i utbetalingar av ytingar frå Nav og feil i berekningar av pensjonspremiar hos ulike pensjonsordningar. 

     

    Kva måte skal du bruke

    For deg som sender frå eit system

    Sender du a-melding frå eit system, tilrår vi at du sjekkar med systemleverandøren om du skal bruke erstatningsmelding eller ny a-melding for å rette feil eller manglar. Kva du skal bruke, kan variere frå system til system.

    Ved enkelte typar feil er det berre erstatningsmelding som kan brukast til å rette opplysningar.

    Døme:

    • Dersom du har oppgitt feil organisasjonsnummer på ei verksemd, må du sende erstatningsmelding for å erstatte feil organisasjonsnummer med rett organisasjonsnummer.
    • Dersom du har oppgitt feil fødselsnummer for ein inntektsmottakar, må du sende erstatningsmelding for å erstatte feil fødselsnummer med rett fødselsnummer

     

    For deg som sender direkte på skatteetaten.no

    Sender du a-melding direkte på skatteetaten.no er erstatningsmelding det eineste alternativet dersom du må gjere endringar i ei a-melding du allereie har sendt. Den forrige a-meldinga for perioden blir erstatta av den nye a-meldinga. Den nye a-meldinga må derfor innehalde all den informasjonen du skal rapportere den månedan. I oversikten over sendte a-meldingar kan du velge Endre a-melding, og foreta de aktuelle endringane. Når du sender  den endrede a-meldinga blir den forrige a-meldinga for perioden bli erstattet av den nye a-meldinga for perioden.

     

    Til toppen

    Desse samarbeider om a-meldinga:

     

    Logo NAV
    Logo Statistisk Sentralbyrå
    Logo Skatteetaten
    footer/desktop/standard
    Skatteetaten. Logo
    Satser
    Skjema og tjenester
    Sámegiel skovit
    Sikkerhet og personvern
    Tilgjengelighetserklæring