Hopp til hovedinnhold
  • Kontakt oss
  • Endre skriftstorleik

    Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
    Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

  • Nynorsk
    • Bokmål
    • English
    • Nynorsk
  • Logg inn
  • Logg ut
Startside til skatteetaten
Startside til skatteetaten
Til a-meldinga

Rettleiinga til a-meldinga

Lukk Søk
Rettleiinga til a-meldinga

Innholdsmeny

Framsida av rettleiinga
  • Feilmeldingar (MAGNET/EDAG) og tilbakemelding Liste over feilmeldingar, tilbakemelding og korleis rette feil
    • Oversikt over feilmeldingar (MAGNET/ EDAG) Alvorsgrad og korleis rette feil
    • Tilbakemelding Kva er ei tilbakemelding
    • Erstatningsmelding eller ny a-melding To måtar å sende a-melding på når du skal rette
  • Organisasjonsnummer Arbeidsgivar, pensjonsselskap eller andre du sender a-meldinga for
    • Juridisk organisasjonsnummer og organisasjonsnummer for verksemder Kva for nummer skal du bruke når du sender a-meldinga
    • Organisasjonsledd i offentleg sektor Gjeld offentleg sektor
  • Pensjonsinnretning (obligatorisk tenestepensjon) Private arbeidsgivarar skal oppgi pensjonsselskap eller pensjonskasse dei har inngått avtale om sparing med
  • Fødselsnummer, D-nummer eller internasjonal ID (inntektsmottakar) Identifiser tilsette, pensjonistar og andre som tek imot lønn og ytingar
  • Arbeidsforholdet Type arbeidsforhold, start og sluttdato, permisjon, byte lønnssystem med meir
    • Type arbeidsforhold Om arbeidsforholdet er ordinært, maritimt eller anna og korleis endre om noko er feil
      • Ordinært arbeidsforhold Tilsett som tek imot lønn (gjeld dei aller fleste)
      • Maritimt arbeidsforhold Tilsett som jobbar til sjøs, på fartøy eller flyttbar innretning
      • Unnatak for ordinære og maritime arbeidsforhold Døme på når du ikkje treng å gi opp opplysningar om ordinært eller maritimt arbeidsforhold.
      • Pensjon eller andre ytingar Person som tek imot pensjon eller andre ytingar utan å vere tilsett eller i oppdrag
      • Frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar Person som jobbar på oppdrag utan å vere tilsett
      • Vel rett arbeidsforhold Når du er usikker på kva for eit arbeidsforhold du skal velje
      • Endre type arbeidsforhold Døme på korleis du byter frå eitt arbeidsforhold til eit anna
    • Opplysningar om arbeidsforholdet Start og sluttdato, stillingsprosent, permisjon og andre opplysningar
      • Startdato på arbeidsforhold
      • Sluttdato på arbeidsforhold
      • Årsak til sluttdato
      • Stillingsprosent
      • Datoen stillingsprosenten blei endra
      • Timar per veke for full stilling
      • Arbeidstidsordning
      • Datoen lønna blei endra
      • Tilsetjingsform (fast og mellombels)
      • Lønnsansiennitet
      • Lønnstrinn
      • Yrkeskode
      • ArbeidsforholdsID
      • Permisjon
      • Permittering
      • Avlønningstype
    • Særskilde forhold Byte lønnssystem, fusjon, oppkjøp, kommunesamanslåing og meir
      • Arbeidsforhold ved lønn til tilsette som har slutta
      • Byte lønnssystem
      • Byte jobb hjå same arbeidsgivar
      • Fisjon
      • Fusjon
      • Oppkjøp, eigarskifte eller overdraginga av verksemd
      • Kommune- og fylkessamanslåing
  • Lønn og ytingar Kontantyting, utgiftsgodtgjersle, naturalytingar,trygd, pensjon med meir
    • Oversikt over lønn og andre ytingar Nemningar for lønn og andre ytingar du kan bruke
    • Rette feil i lønn og ytingar Feil beløp eller nemning, utbetalt for mykje eller for lite
  • Frådrag Fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar og andre frådrag
    • Fagforeiningskontingent
    • Premie til pensjonsordningar
    • Premie til utanlandske pensjonsordningar
    • Premiar til fond og trygd
    • Brakkeleige
  • Forskotstrekk Korleis ein skal føre opp trekkplikt, rekne ut og betale forskotstrekk
  • Utleggstrekk Korleis oppgi utleggstrekk, rekne ut og betale utleggstrekk
  • Arbeidsgivaravgift og finansskatt Korleis rekne ut, kva du skal føre opp og betale
    • Arbeidsgivaravgift Utrekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Finansskatt på lønn Gjeld finans- og forsikringssektoren
  • Særskilde grupper Utland, sjøfolk, skattefri organisasjon, kjeldeskatt på pensjoner, nettolønn, Jan Mayen og Svalbard
    • Utland Utanlandske arbeidsgivarar med oppdrag i Noreg
    • Utanlandsforhold Norske arbeidsgivarar med tilsette i utlandet
    • Særskilt frådrag for sjøfolk For sjøfolk som har krav på eit eige frådrag
    • Skattefrie organisasjonar Korleis ein skal føre opp lønn og ytingar for tilsette i skattefrie organiasjonar
    • Kjeldeskatt på pensjonar Skatt på pensjon til personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg
    • Nettolønn For arbeidsgivar som har tilsette med nettolønn
    • Jan Mayen og dei norske bilanda i Antarktis For personar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova
    • Svalbard For personar som kjem inn under Svalbardskattelova
  1. Rettleiinga til a-meldinga
  2. Arbeidsforholdet
  3. Særskilde forhold
  • Del
    • Facebook
    • Twitter
    • LinkedIn
  • Skriv ut

Byte lønnssystem

  • Oppdatert: 04.01.2018

Byter du lønnssystem, må alle opplysningane om arbeidsforholda flyttast til det nye systemet.

Dette må du passe på

Når du byter lønnssystem må du flytte opplysningane frå eit system til eit anna. Byter du rekneskapsførar er det sannsynleg at du og må byte lønnssystem.

Då må du passe på at:

  • Det er samanheng i arbeidsforholda til dei tilsette. Det vil seie at du må oppgi eit aktivt arbeidsforhold kvar månad heilt til arbeidsforholdet er avslutta.
  • Dei tilsette har det same talet på arbeidsforhold etter at du har bytt til eit nytt system.
  • Arbeidsforhold er knytt til den same verksemda i det gamle og det nye systemet.

Merk!
Du kan kontrollere korleis arbeidsforholda er oppgitt i den siste månaden frå det gamle lønnssystemet/A01. Bestill ein avstemmingsrapport med opplysningar om tilsette for ein månad. Gjer dette medan du framleis har tilgang til det gamle systemet i tilfelle du må oppgi endringar frå det gamle systemet.

 

Du kan oppgi arbeidsforhold på 3 ulike måtar når du byter system

Viktig informasjon

Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du endrar.

Skal du byte frå A01 til lønnssystem må du velje alternativ 2 eller 3.

Alternativ 1

Vidarefør arbeidsforhold frå det gamle systemet til det nye systemet

Bruk same verksemdsnummer, type arbeidsforhold, arbeidsforholdsID og startdato som det som er registrert i det gamle systemet, i det nye systemet. For tilsette i permisjon eller permittering brukar du den same nemninga, ID-en og startdatoen for permisjonen eller permitteringa som i det gamle systemet. 

Merk!
Du kan ikkje gjere det slik dersom du tidlegare har send a-melding direkte i Altinn (A01) og skal byte til lønnssystem.

 

Døme

Emma byrja å jobbe i Verksemd A 10. oktober. Ho er registrert i med arbeidsforholdsID 10. Dei byter lønnssystem 20. mai.

A-melding for mai
Gammalt lønnssystem

Verksemd A
Inntektsmottakar Emma
ArbeidsforholdsID 10
Type arbeidsforhold ordinært
Startdato på arbeidsforholdet 10. oktober
Sluttdato på arbeidsforholdet  

I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar. 

 

Nytt lønnssystem

Verksemd A
Inntektsmottakar Emma
ArbeidsforholdsID 10
Type arbeidsforhold ordinært
Startdato på arbeidsforholdet 10. oktober
Sluttdato på arbeidsforholdet  

I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar. 

Diagram. Inga endring i arbeidsforhold til Emma i det gamle systemet. I det nye systemet, same startdato og arbeidsforholdsID for Emma som i gammalt system. Teksten i artikkelen forklarer dette nærare.
Modell - kva gjer du med arbeidsforhold når du byter lønnssystem, og skal vidareføre arbeidsforholda i det nye systemet.

 

Alternativ 2

Avslutt arbeidsforhold i det gamle lønnssystemet/A01 og oppgi nye arbeidsforhold i det nye systemet (lønnssystem/A01).

Oppgi sluttdato og byte av lønnssystem eller rekneskapsførar som årsak til sluttdato på arbeidsforhold i det gamle systemet. Opprett nye arbeidsforhold med ny arbeidsforholdsID i det nye systemet. Pass på at du set startdatoen til dagen etter sluttdatoen som er oppgitt i det gamle systemet. For tilsette i permisjon eller permittering fører du opp sluttdatoen på permisjonen eller permitteringa i det gamle systemet og opprettar ein ny ID og startdato for permisjonen eller permitteringa.  Pass på at du set startdatoen til dagen etter sluttdatoen som er oppgitt i det gamle systemet.

Bruk det same verksemdsnummeret i det nye og det gamle systemet.

 

Døme

Ola byrja å jobbe i Verksemd A 10. oktober, han er registrert i med arbeidsforholdsID 1. Du byter lønnssystem 20. mai.

A-melding for mai
Gammalt lønnssystem / A01

Verksemd A
Inntektsmottakar Ola
ArbeidsforholdsID 1
Type arbeidsforhold ordinært
Startdato på arbeidsforholdet 10. oktober
Sluttdato på arbeidsforholdet 19. mai
Årsak til sluttdato byte av lønnssystem eller rekneskapsførar

I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar. 

 

Nytt lønnssystem

Verksemd A
Inntektsmottakar Ola
ArbeidsforholdsID 2
Type arbeidsforhold ordinært
Startdato på arbeidsforholdet 20. mai
Sluttdato på arbeidsforholdet  

I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar. 

Diagram. Før opp sluttdato for Ola i det eksisterande systemet. Før opp nytt arbeidsforhold for Ola med ny startdato og ny arbeidsforholdsID i det nye systemet. Teksten i artikkelen forklarer dette nærare.
Modell - kva gjer du med arbeidsforhold når du byter lønnssystem, og skal avslutte arbeidsforholda i det gamle systemet.

 

Alternativ 3

Oppgi ein ny arbeidsforholdsID i det nye systemet (lønnssystem/A01), og behalde same type arbeidsforhold og startdato som i det gamle systemet (lønnssystem/A01).

I det nye systemet oppgir du ny arbeidsforholdsID og same type arbeidsforhold og startdato som i det gamle systemet. Du skal ikkje oppgi sluttdato i det gamle systemet. For tilsette i permisjon eller permittering fører du opp sluttdatoen på permisjonen eller permitteringa i det gamle systemet og opprettar ny permisjon eller permittering i det nye systemet.  Pass på at du set startdatoen til dagen etter sluttdatoen som er oppgitt i det gamle systemet.

Bruk det same verksemdsnummeret i det nye og det gamle systemet. Dette alternativet kan du berre bruke dersom du byter system ved eit månadsskifte, sjå døme.

Merk!
Endringar tilbake i tid på arbeidsforhold er berre mogeleg for alternativ 1. For alternativ 2 og 3 kan du berre endre for periodar du har rapportert frå det nye systemet.

 

Døme

Fatima byrja å jobbe i Verksemd A 10. oktober. Ho er registrert i med arbeidsforholdsID 1. Dei byter lønnssystem 20. mai.

A-melding for mai
Gammalt lønnssystem / A01

Verksemd A
Inntektsmottakar Fatima
ArbeidsforholdsID 1
Type arbeidsforhold ordinært
Startdato på arbeidsforholdet 10. oktober
Sluttdato på arbeidsforholdet  

 

I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar. 

 

A-melding for juni
Nytt lønnssystem

Verksemd A
Inntektsmottakar Fatima
ArbeidsforholdsID 2
Type arbeidsforhold ordinært
Startdato på arbeidsforholdet 10. oktober
Sluttdato på arbeidsforholdet  

I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar. 

Diagram. Inga endring i arbeidsforholdet for Fatima i det gamle systemet. Før opp eit nytt arbeidsforhold med same startdato og ny arbeidsforholdsID for Fatima i det nye systemet. Teksten i artikkelen forklarer dette nærare.
Modell - kva gjer du med arbeidsforhold når du byter lønnssystem frå ein månad til ein annan.

 

Til toppen

Desse samarbeider om a-meldinga:

 

Logo NAV
Logo Statistisk Sentralbyrå
Logo Skatteetaten
footer/desktop/standard
Skatteetaten. Logo
Satser
Skjema og tjenester
Sámegiel skovit
Personvern