Fisjon
Både den noverande og den nye eigaren må syte for at opplysningane om arbeidsforholda blir knytte til rett verksemd.
Fisjon er når eitt selskap (ei juridisk eining) blir splitta opp i to eller fleire selskap (to eller fleire juridiske einingar). Det mest vanlege er at det eine selskapet består og beheld delar av verksemda/verksemdene, medan det blir oppretta eitt eller fleire nye selskap som tek over resten av verksemda/verksemdene.
Kva du må gjøre
Ved fisjon må:
- Den noverande eigaren oppgi sluttdato og årsak til sluttdato på arbeidsforholda
- Den nye eigaren oppgi startdato på nye (overførte) arbeidsforhold
Den noverande eigaren oppgir sluttdato på arbeidsforholda
Som noverande eigar må du oppgi sluttdato på alle arbeidsforhold i verksemder som blir overdregne til eit nytt selskap. Du må óg oppgi årsak til sluttdato som ved fisjon er endring i organisasjonsstruktur eller internt jobbyte.
Arbeidsforhold som skal førast vidare i det noverande selskapet skal du ikkje sluttmelde.
Døme
Noverande Opplysningspliktig 1 skal avslutte alle arbeidsforhold i Verksemd B. Opplysningspliktig 2 blir ny eigar av Verksemd B frå 1. juni.
A-melding for mai | |
Opplysningspliktig | 1 |
Verksemd | B |
Inntektsmottakar | Ola |
Startdato på arbeidsforholdet | 1. januar |
Sluttdato på arbeidsforholdet | 31. mai |
Årsak til sluttdato | endring i organisasjonsstruktur eller internt jobbyte |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar
Den nye eigaren oppgir startdato på nye (overførte) arbeidsforhold
Som ny eigar av ei utfisjonert verksemd, må du melde arbeidsforhold på alle tilsette/arbeidsforhold som du har arbeidsgivaransvaret for. Ønskjer du meir informasjon om kva for opplysningar du skal oppgi, kan du sjå dei ulike typane arbeidsforhold.
Arbeidsforhold som ikkje endrar opplysningspliktig eller verksemd oppgir du som før.
Merk!
Den nye startdatoen på arbeidsforholdet må vere dagen etter sluttdato for at det skal bli riktige opplysningar i Arbeidsgivar- og arbeidstakarregisteret i NAV. Til dømes sluttdato 31. desember og startdato 1. januar.
Døme
Ny Opplysningspliktig 2 skal oppgi alle arbeidsforhold frå den datoen dei tek over arbeidsgivaransvaret for dei tilsette i Verksemd B. Opplysningspliktig 2 blir ny eigar av Verksemd B frå 1. juni.
A-melding for juni | |
Opplysningspliktig | 2 |
Verksemd | B |
Inntektsmottakar | Ola |
Startdato på arbeidsforhold | 1. juni |
Sluttdato på arbeidsforhold |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
