Arbeidsgivaravgift i a-meldinga
Korleis du reknar ut og kvar for opplysningar du skal gi om arbeidsgivaravgifta i a-meldinga.
Nytt frå 2024
Ekstra arbeidsgivaravgift
Innslagspunktet for ekstra arbeidsgivaravgift er 850 000 kroner for 2024. For berekning og rapportering av den ekstra arbeidsgivaravgifta, sjå ekstra arbeidsgivaravgift.
Fribeløpsordninga
For 2024 er fribeløpet 850 000 kroner per føretak. Fribeløpsordningen omfattar arbeidsgivarar i sone 1a, sektorunntatte næringar og føretak i vanskeligheter.
Merk deg at når arbeidsgivar bereknar redusert arbeidsgivaravgift innanfor fribeløpsordninga, kan fordelen av redusert arbeidsgivaravgift og eventuell anna bagatellmessig støtte som arbeidsgivar får, ikkje overstige beløpsgrensa for bagatellmessig støtte. Beløpsgrensa for bagatellmessig støtte er 300 000 euro over ein treårsperiode frå 2024.
Næringar innafor godstransport på veg har frå 2024 det same fribeløpet som generelle næringar.
Kort om arbeidsgivaravgift i a-meldinga
Som arbeidsgivar har du ansvar for å rekne ut og betale arbeidsgivaravgift. Arbeidsgivaravgifta reknar ein ut av brutto lønn til dei tilsette.
Kva sats du kan bruke for å rekne ut arbeidsgivaravgifta kjem an på:
- sone – i kva for ein grunnkrets for arbeidsgiveravgift verksemda har hovudkontoret sitt. På grunn av regionreforma er det ikkje lenger ein éin til én-forhold mellom arbeidsgivaravgiftssone og kommune frå 2020, sjå arbeidsgivaravgift - soneinndelinga for ei nærare oversikt over sone og sats. Soner for arbeidsgivaravgift er også tilgjengelege på Norgeskart.no.
- utrekningskode – kva type næring du driv
- om den tilsette har inntekt over innslagspunktet for ekstra arbeidsgiveravgift
Føretak som er i økonomiske vanskar etter ESA sine retningslinjer om statsstøtte til føretak i vanskar, må bruke den høgaste satsen i alle soner. Dersom du brukar redusert sats stadfestar du samtidig at du ikkje er i økonomiske vanskar.
Det finst sju ulike utrekningskodar:
- generelle næringar
- helseføretaka og delar av statsforvaltinga
- jord- og skogbruk, fiskeri osv.
- berre rapportering av forskotstrekk
- lønnstrekk for Svalbard
- sektorunnateken aktivitet
- godstransport på veg
I a-meldinga skal du gi opplysningar om korleis du reknar ut arbeidsgivaravgifta og beløpet du skal betale.
Du skal òg markere om den einskilde typen lønn og yting skal med i grunnlaget for arbeidsgivaravgift. Sjå nærare omtale av dette på kvar einskild lønn og yting.
Ønskjer du utfyllande informasjon, kan du sjå generell informasjon om arbeidsgivaravgift.
Sjå også Skattedirektoratets melding Arbeidsgiveravgift til folketrygden for 2024.
Generelle næringar
Dei fleste arbeidsgivarar skal rekne ut arbeidsgivaravgift ut ifrå generelle næringar.
For generelle næringar skal du gi opplysningar om:
Utrekningskode | generelle næringar |
Sone | sone x |
Avgiftsgrunnlag | x kroner |
Avgiftssats | x prosent |
Utrekningskode
Oppgi «generelle næringar».
Sone
Oppgi sone ut ifrå den geografiske plasseringa til verksemda.
Avgiftsgrunnlag
Det er tre typar avgiftsgrunnlag:
- arbeidsgivaravgift av lønn og godtgjersle
- arbeidsgivaravgift av tilskot og premie til pensjon
- refusjon av sjukepengar o.a. som fører til ein reduksjon av avgiftsgrunnlaget
Sjå avgiftsgrunnlag for nærare forklaring.
Dersom du har fleire typar avgiftsgrunnlag, må du ta oppatt utrekningskode, sone og avgiftssats for kvart avgiftsgrunnlag.
Avgiftssats
Oppgi avgiftssats.
Sone | Avgiftssats | Avgiftssats |
Fribeløp er ikkje brukt opp (differensiert sats) | Fribeløp er brukt opp (høg sats) | |
1 | 14.1 | |
1a | 10.6 | 14.1 |
2 | 10.6 | |
3 | 6.4 | |
4 | 5.1 | |
4a | 7.9 | |
5 | 0 |
Sone 1a
For arbeidsgivarar i sone 1a er fribeløpet på 850 000 kroner. Ønskjer du utfyllande informasjon, kan du sjå fribeløp og bagatellmessig støtte.
Dersom fribeløpet ikkje er brukt opp: Før opp 10,6 prosent
Dersom fribeløpet er brukt opp: Før opp sats 14,1 prosent
Merk at frå 2024 har ikkje abeidsgivarar som driv med godstransport på veg eiget særskild fribeløp. Denne gruppa skal kan frå januar 2024 velge å bruke berekningskoden generelle næringar.
Andre soner
For arbeidsgivarar i andre soner kan ein sjå i tabellen over for å finne rett sats.
Andre næringar
Gjeld arbeidsgivarar i føretak som kjem inn under helseføretakslova, og for dei delane av statsforvaltinga som ikkje kjem inn under ordninga med sentralt oppgjer.
For helseføretaka og delar av statsforvaltinga skal du gi opplysningar om: | |
Utrekningskode | helseføretaka og delar av statsforvaltinga |
Sone | sone x |
Avgiftsgrunnlag | x kroner |
Avgiftssats | x prosent |
Utrekningskode
Oppgi «helseføretaka og delar av statsforvaltinga».
Sone
Oppgi sone ut ifrå den geografiske plasseringa til verksemda.
Avgiftsgrunnlag
Det er tre typar avgiftsgrunnlag:
- arbeidsgivaravgift av lønn og godtgjersle
- arbeidsgivaravgift av tilskot og premie til pensjon
- refusjon av sjukepengar o.a. som fører til ein reduksjon av avgiftsgrunnlaget
Sjå avgiftsgrunnlag for nærare forklaring.
Dersom du har fleire typar avgiftsgrunnlag, må du ta oppatt utrekningskode, sone og avgiftssats for kvart avgiftsgrunnlag.
Avgiftssats
Oppgi avgiftssats.
Sone | Avgiftssats |
1 | 14.1 |
1a | 14.1 |
2 | 10.6 |
3 | 6.4 |
4 | 5.1 |
4a | 7.9 |
5 | 0 |
Gjeld arbeidsgivarar som driv verksemd innanfor jordbruk, skogbruk, fiskeri osv.
For jord- og skogbruk, fiskeri osv. skal du gi opplysningar om: | |
Utrekningskode | jord- og skogbruk, fiskeri osv. |
Sone | sone x |
Avgiftsgrunnlag | x kroner |
Avgiftssats | x prosent |
Utrekningskode
Oppgi «jord- og skogbruk, fiskeri osv.».
Sone
Oppgi sone ut ifrå den geografiske plasseringa til verksemda.
Avgiftsgrunnlag
- arbeidsgivaravgift av lønn og godtgjersle
- arbeidsgivaravgift av tilskot og premie til pensjon
- refusjon av sjukepengar o.a. som fører til ein reduksjon av avgiftsgrunnlaget
Avgiftssats
Oppgi avgiftssats.
Sone | Avgiftssats |
1 | 14.1 |
1a | 10.6 |
2 | 10.6 |
3 | 6.4 |
4 | 5.1 |
4a | 5.1 |
5 | 0 |
Gjeld arbeidsgivarar i statsforvaltinga som har forenkla oppgjer for arbeidsgivaravgift.
Dette inkluderer til dømes:
- departement
- etatar
- direktorat
- tilsyn, råd
- Statistisk sentralbyrå
- Statens vegvesen
- Jernbaneverket
- Kystverket
- Statens lånekasse
- Statens husbank
For statsforvaltinga som berre rapporterer forskotstrekk, skal du gi opplysningar om: | |
Utrekningskode | berre rapportering av forskotstrekk |
Sone | sone x |
Avgiftsgrunnlag | 0 kroner |
Avgiftssats | 0 prosent |
Utrekningskode
Oppgi «berre rapportering av forskotstrekk».
Sone
Oppgi sone ut ifrå den geografiske plasseringa til verksemda.
Avgiftsgrunnlag
Oppgi avgiftsgrunnlag med 0.
Avgiftssats
Før opp 0 prosent.
Gjeld heimehøyrande på Svalbard og andre arbeidsgivarar som betaler ut lønn og andre ytingar som blir skattlagde etter Svalbardskattelova.
For lønnstrekk for Svalbard skal du gi opplysningar om: | |
Utrekningskode | lønnstrekk for Svalbard |
Sone | 5 |
Avgiftsgrunnlag | 0 kroner / faktisk grunnlag |
Avgiftssats | 0 prosent |
Utrekningskode
Oppgi «lønnstrekk for Svalbard».
Sone
Oppgi sone 5.
Avgiftsgrunnlag
Det er valfritt om du vil føre opp 0 kroner i avgiftsgrunnlag eller det faktiske beløpet.
Avgiftssats
Før opp 0 prosent.
Gjeld arbeidsgivarar som driv med sektorunnatekne aktivitetar, og føretak som kjem i økonomiske vanskar:
- produksjon av stål
- kullsektoren
- finans- og forsikringssektoren
- hovudkontortenester, bedriftsrådgiving og anna administrativ rådgiving i konsern
Sektorunntaket for finans- og forsikringssektoren og for hovudkontortenester m.m. gjeld frå og med 2022 berre der desse aktivitetane er hovudaktiviteten til arbeidsgivar. Arbeidsgivarar som er omfatta av sektorunntaket må bruke den høgaste satsen for lønnskostnadene til alle tilsette, også tilsette som berre utfører andre aktivitetar. Arbeidsgivar kan ikkje bruke føresegna om blanda verksemd. Arbeidsgivar kan likevel bruke redusert sats innanfor fribeløpet.
For sektorunnateken aktivitet skal du gi opplysningar om: | |
Utrekningskode | sektorunnateken aktivitet |
Sone | sone x |
Avgiftsgrunnlag | x kroner |
Avgiftssats | x prosent |
Utrekningskode
Oppgi «sektorunnateken aktivitet».
Sone
Oppgi sone ut ifrå den geografiske plasseringa til verksemda.
Avgiftsgrunnlag
Det er tre typar avgiftsgrunnlag:
- arbeidsgivaravgift av lønn og godtgjersle
- arbeidsgivaravgift av tilskot og premie til pensjon
- refusjon av sjukepengar o.a. som fører til ein reduksjon av avgiftsgrunnlaget
Sjå avgiftsgrunnlag for nærare forklaring.
Dersom du har fleire typar avgiftsgrunnlag, må du ta oppatt utrekningskode, sone og avgiftssats for kvart avgiftsgrunnlag.
Avgiftssats
Oppgi avgiftssats.
Sone | Avgiftssats | Avgiftssats |
Fribeløpet er ikkje brukt opp (differensiert sats) | Fribeløp er brukt opp (høg sats) | |
1 | 14.1 | |
1a | 10.6 | 14.1 |
2 | 10.6 | 14.1 |
3 | 6.4 | 14.1 |
4 | 5.1 | 14.1 |
4a | 7.9 | 14.1 |
5 | 0 | 14.1 |
For arbeidsgivarar i sone 1a, 2, 3, 4, 4a og 5 er fribeløpet på 850 000 kroner.
Regelen om eiga fribeløp i sone 1a for godstransport på veg er opphøyrt frå 2024. Arbeidsgivarar i sone 1a som brukar berekningskoden godstransport på veg skal frå 2024 bruke fribeløp 850 000 kronar på lik linje med arbeidsgivarar i sone 1a som driv generelle næringar.
Frå 2024 kan arbeidsgivarar som driv virksemd innafor godstransport på veg, inkludert utleige av lastebilar med førar, velge om dei fortset å rapportere på berekningskoden godstransport på veg eller om dei endrar til berekningskoden for generelle næringar.
Gjeld arbeidsgivarar som driv med godstransport på veg.
For godstransport på veg skal du gi opplysningar om: | |
Utrekningskode | godstransport på veg |
Sone | sone x |
Avgiftsgrunnlag | x kroner |
Avgiftssats | x prosent |
Utrekningskode
Oppgi «godstransport på veg».
Sone
Oppgi sone ut ifrå den geografiske plasseringa til verksemda.
Avgiftsgrunnlag
Det er tre typar avgiftsgrunnlag:
- arbeidsgivaravgift av lønn og godtgjersle
- arbeidsgivaravgift av tilskot og premie til pensjon
- refusjon av sjukepengar o.a. som fører til ein reduksjon av avgiftsgrunnlaget
Sjå avgiftsgrunnlag for nærare forklaring.
Dersom du har fleire typar avgiftsgrunnlag, må du ta oppatt utrekningskode, sone og avgiftssats for kvart avgiftsgrunnlag.
Avgiftssats
Oppgi avgiftssats.
Sone | Avgiftssats | Avgiftssats |
Fribeløpet er ikkje brukt opp (differensiert sats) | Fribeløp er brukt opp (høg sats) | |
1 | 14.1 | |
1a | 10.6 | 14.1 |
2 | 10.6 | |
3 | 6.4 | |
4 | 5.1 | |
4a | 7.9 | |
5 | 0 |
For arbeidsgivarar i sone 1a er fribeløpet på 850 000 kroner. Ønskjer du utfyllande informasjon, kan du sjå fribeløp og bagatellmessig støtte.
Gjeld arbeidstakarar som er utsende til Noreg frå USA eller Canada, og som kjem inn under nærare oppgitte vilkår i Arbeidsdepartementet si årlege forskrift om avgift for slike arbeidstakarar.
Arbeidsgivaravgift av lønn og godtgjersle
I a-meldinga skal du gi opplysningar om: | |
Avgiftsgrunnlag = summen av lønn og ytingar for inntektsmottakarar i denne gruppa | x kroner |
Avgiftssats | 7 prosent |
Avgiftsgrunnlaget skal vere brutto summen av avgiftspliktige ytingar for denne gruppa.
Refusjon av sjukepengar o.a. som fører til ein reduksjon av avgiftsgrunnlaget
Gjeld avgiftspliktig lønn og andre ytingar som du tidlegare har betalt for tilsette som til dømes var i sjukdom eller i fødselspermisjon.
Før opp brutto summert refusjon av sjukepengar o.a. som reduserer avgiftsgrunnlaget. Skal førast opp den kalendermånaden du får refusjonen av NAV.
I a-meldinga skal du gi opplysningar om: | ||
Avgiftsgrunnlag = beløpet for refusjon av sjukepengar o.a. frå NAV | - | x kroner |
Avgiftssats | 7 prosent |
Beløpet er negativt og skal redusere sum utrekna arbeidsgivaravgift. Du skal føre opp beløpet med minusforteikn.
Gjeld sjøfolk som er tilsette på norsk skip i utanriksfart som er registrert i det ordinære norske skipsregisteret.
Du skal betale avgift med eit fast beløp i månaden utan omsyn til talet på arbeidsdagar i månaden, så sant sjømannen er medlem i trygda etter folketrygdlova § 2-6.
I a-meldinga skal du gi opplysningar om: |
|
Talet på sjøfolk du skal betale avgift for | x personar |
Avgiftssats | sjå satsane nedanfor |
Avgiftssatsar:
År | Sats per månad per person |
2024 | 543 kroner |
2023 | 510 kroner |
2022 | 487 kroner |
2021 | 464 kroner |
2020 | 457 kroner |
2019 | 443 kroner |
2018 | 428 kroner |
2017 | 423 kroner |
2016 | 412 kroner |
2015 | 404 kroner |
Gjelder arbeidsgivere hvor foretaket er i økonomiske vanskeligheter.
Føretak som er i økonomiske vanskar etter ESA-retningslinjene om statsstøtte til føretak i vanskar, må bruke høgaste sats i alle soner. Dersom du bruker redusert sats, stadfester du samtidig at du ikkje er i økonomiske vanskar.
Økonomiske vanskar | |
Berekningskode | Økonomiske vanskar |
Sone | sone x |
Avgiftsgrunnlag | x kroner |
Avgiftssats | x prosent |
Beregningskode
Oppgi «Økonomiske vanskar».
Sone
Oppgi sone ut frå verksemda si geografiske plassering.
Avgiftsgrunnlag
Det er tre typar avgiftsgrunnlag:
- arbeidsgivaravgift av lønn og godtgjersle
- arbeidsgivaravgift av tilskott og premie til pensjon
- refusjon av sjukepengar med meir som medfører reduksjon av avgiftsgrunnlaget
Se avgiftsgrunnlag for nærmere forklaring.
Dersom du har fleire typar avgiftsgrunnlag, må du gjenta berekningskode, sone og avgiftssats for kvart avgiftsgrunnlag.
Avgiftssats
Oppgi avgiftssats.
Sone | Avgiftssats | Avgiftssats |
Fribeløp er ikkje brukt opp (differensiert sats) | Fribeløp er brukt opp (høg sats) | |
1 | 14.1 | 14.1 |
1a | 14.1 | 14.1 |
2 | 10.6 | 14.1 |
3 | 6.4 | 14.1 |
4 | 5.1 | 14.1 |
4a | 7.9 | 14.1 |
5 | 0 | 14.1 |
For arbeidsgivarar i sone 1a, 2, 3, 4, 4a, og 5 er fribeløpet på 850 000 kroner.
Det skal bereknast og betalast ekstra arbeidsgivaravgift når totale avgiftspliktige lønnsytingar frå ei juridisk hovudeining til ein enkelt inntektsmottakar overstig det årlige fastsatte innslagspunktet. Den ekstra arbeidsgiveravgifta skal bereknas når ytinga frå den enkelte arbeidsgiver overstig dette innslagspunktet.
For ekstra arbeidsgivaravgift skal du gi opplysningar om: | |
Berekningskode | Ekstra arbeidsgivaravgift |
Sone | sone x |
Avgiftsgrunnlag | x kroner |
Avgiftssats | x prosent |
Sjå Ekstra arbeidsgiveravgift for informasjon om korleis du berekner og kva informasjon du skal gi i a-meldinga om ekstra arbeidsgiveravgift.
Sone
For å finne rett sone, kan du sjå oversikta over soner og også utfyllande informasjon om soneplassering med forklaring av unnatak.
Avgiftsgrunnlag
Det er tre typar avgiftsgrunnlag:
1. Arbeidsgivaravgift av lønn og godtgjersle
Gjeld avgiftspliktig lønn og andre ytingar.
Før opp brutto summert avgiftspliktig lønn og andre ytingar.
I tillegg skal du for ordinær arbeidsgivaravgift ta med avgiftspliktig lønn og ytingar som:
- du ikkje kan knyte til ein inntektsmottakar
- ikkje inngår i eit av dei andre avgiftsgrunnlaga, til dømes ytingar under grensa for opplysningsplikt
Du skal ikkje ta med lønn og ytingar for:
- arbeidstakarar som er utsende frå USA eller Canada
- tilsette på norsk skip i utanriksfart
2. Arbeidsgivaravgift av tilskot og premie til pensjon
Gjeld arbeidsgivaren sitt avgiftspliktige tilskot til og premie til livrente- og pensjonsordningar.
Før opp brutto summert avgiftspliktig tilskot og premiar. Skal førast opp den kalendermånaden du har betalt premien.
Fordel grunnlaget på dei aktuelle avgiftssonene etter same forhold som dei andre avgiftspliktige ytingane i same kalendermånad.
Dersom du trekkjer arbeidstakaren i lønn for premie til pensjonsordning og eigenandelen blir innbetalt til pensjonsordninga, skal du redusere den totale avgiftspliktige andelen av tilskot og premie til pensjon med arbeidstakaren sin eigenandel. Du skal ikkje redusere arbeidsgivaravgiftsgrunnlaget ved å rapportere trekket du gjer i arbeidstakaren si lønn kvar kalendermånad her. Arbeidstakaren sine eigenandelar skal berre redusere arbeidsgivaravgiftsgrunnlaget for tilskot og premie til pensjon i den kalendermånaden du har betalt heile tilskotet til pensjonsordninga.
Arbeidsgivers tilskot til og premie til offentlig pensjonsordning inngår ikkje i grunnlaget for berekning av ekstra arbeidsgiveravgift.
3. Refusjon av sjukepengar og andre ytingar som fører til reduksjon av avgiftsgrunnlaget
Gjeld avgiftspliktig lønn og andre ytingar du har betalt til tilsette under sjukdom, i fødselspermisjon eller anna tilsvarande fråver. Du kan berre gjere frådrag i arbeidsgivaravgiftsgrunnlaget med det beløpet du vil få eller har fått refundert.
Skattedirektoratet har gitt ein prinsipputtale om fritaket for arbeidsgivaravgift når arbeidsgivaren forskotterer sjukepengar og andre trygdeytingar. Prinsipputtalen får konsekvensar for arbeidsgivaren si rapportering av grunnlaget for arbeidsgivaravgifta og for berekninga av arbeidsgivaravgifta. Du som arbeidsgivar kan velje mellom å gjere fritaket gjeldande når du forskotterer ytingane eller når ytingane blir refunderte frå Nav. Sjå prinsipputtalen frå Skattedirektoratet og korleis han skal praktiserast.
Oppgi brutto summert forskottert beløp eller refusjon som reduserer avgiftsgrunnlaget. Du skal oppgi summen anten for den kalendermånaden du forskotterer beløpet eller for den kalendermånaden du får refusjonen frå Nav.
Beløpet er negativt og skal redusere sum berekna arbeidsgivaravgift. Du skal oppgi beløpet med negativt forteikn.
Bruk den same avgiftssatsen som du bruker for å berekne arbeidsgivaravgifta.
Sjå Ekstra arbeidsgivaravgift for informasjon om korleis du skal rapportere ekstra arbeidsgivaravgift når du får refusjon av sjukepengar og andre ytingar som fører til ein reduksjon av avgiftsgrunnlaget.
Fribeløp og bagatellmessig støtte
Fribeløp vil seie at du har rett til å bruke ein lågare sats (differensierte satsar) enn 14,1 prosent når du reknar ut avgifta. Du kan berre bruke den lågare satsen (differensiert sats) på fribeløpet.
Fribeløpet er på 850 000 kroner per år for for alle næringar.
Når fribeløpet er brukt opp, må du bruke 14,1 prosent for resten av året. Det gjeld berre eitt fribeløp per juridisk eining (opplysningspliktig).
Sjå òg meir om rapportering av fribeløp for konsern
Bagatellmessig støtte
Har du fått anna bagatellmessig støtte den kalendermånaden du sender a-melding for, skal du oppgi dette i a-meldinga.
Sjå òg utfyllande informasjon om bagatellmessig støtte
Gjeld berre dersom:
- føretaket kan berekne differensierte satsar innanfor eit fribeløp (bagatellmessig støtte). Det vil seie føretak som kjem inn under sone 1a og utrekningskoden «sektorunnateken aktivitet» i alle soner bortsett frå sone 1.
Dersom du ikkje har brukt opp fribeløpet når du tek imot bagatellmessig støtte, må du redusere fribeløpet tilsvarande det beløpet du fekk i støtte.
Dersom fribeløpet framleis er eit positivt beløp, kan du bruke den låge satsen når du reknar ut avgifta.
Døme
Du driv verksemd i sone 1a, utrekningskoden er generelle næringar, og fribeløpet er 850 000 kroner for eit år. I januar tek verksemda di imot 150 000 kroner i bagatellmessig støtte.
Fribeløpet: 850 000 – 150 000 = 700 000
Fribeløpet er ikkje brukt opp og du kan bruke ein låg sats (differensiert sats) 10,6 prosent når du reknar ut arbeidsgivaravgifta. Gjeld til den delen som står att av fribeløpet på 700 000 kroner er brukt opp.
Dersom du tek imot 850 000 kroner i bagatellmessig støtte, så er fribeløpet brukt opp, og du må berekne avgift etter 14,1 prosent.
Ambulerande verksemd – fleire soner
Ambulerande verksemd vil seie at du har arbeidstakarar som:
- utfører hovuddelen av arbeidet i ei anna sone med høgare sats enn der verksemda er registrert og,
- at du ikkje har plikt til å registrere ei undereining i denne andre sona
Dette gjeld til dømes:
- transportverksemd
- bygg- og anleggsverksemd
- konsulentverksemd
- arbeidsutleige
Stadbunden og ikkje-stadbunden verksemd
Ved ambulerande verksemd i ei sone med høgare sats enn den som gjeld i registreringssona, må arbeidsgivar bruke den høgare satsen for lønn o.a. for både stadbunden og ikkje-stadbunden verksemd (den såkalla omgåingsregelen).
Ved ambulerande verksemd i ei sone med lågare sats vil retten til å bruke den reduserte satsen der det ambulerande arbeidet blir utført, berre gjelde for stadbunden verksemd (den såkalla unntaksregelen). Avgiftssatsen for ikkje-stadbunden aktivitet/fjernarbeid (til dømes heimekontor) i soner med lågare sats enn der arbeidsgivar skal vere registrert, følgjer dermed av hovudregelen, slik at arbeidsgivar må bruke satsen i registreringssona også for fjernarbeidet.
Hovuddelen av arbeidet
Hovuddelen av arbeidet vil seie at arbeidstakaren har gjennomført meir enn halvparten av talet på arbeidsdagar i løpet av kalendermånaden i ei anna sone med høgare sats enn der verksemda er registrert.
Dersom arbeidstakaren utøver hovuddelen av arbeidet sitt i løpet av ein månad i ei anna sone med høgare sats enn i den sona verksemda er registrert, skal du bruke denne satsen på ein forholdsmessig del av lønnsutbetalingane for kalendermånaden.
To sett med opplysningar
Dersom du rapporterer arbeidsgivaravgift for ei ambulerande verksemd skal du gi to sett med opplysningar, eitt for kvar utrekningssone.
I a-meldinga skal du gi opplysningar om:
Arbeid utført i ei anna sone | |
Utrekningskode | utrekningskode |
Sone | oppgi sona der den ambulerande verksemda blir utført |
Avgiftsgrunnlag | avgiftsgrunnlaget knytt til sona ovanfor |
Avgiftssats | Sats i sona |
Arbeid utført der verksemda er registrert | |
Utrekningskode | utrekningskode |
Sone | før opp sona til verksemda |
Avgiftsgrunnlag | avgiftsgrunnlaget knytt til sona ovanfor |
Avgiftssats | Sats i sona |
Blanda verksemd – fleire typar næring
Driv du ulike typar næringar, både sektorunnateken næring i kombinasjon med ei anna næring, kan du bruke satsane som gjeld for kvar av næringane.
Føresetnaden er at du:
- har eit klart rekneskapsmessig skilje mellom dei to næringane
Dersom du ikkje har eit klart rekneskapsmessig skilje:
- skal du bruke dei høgaste satsane på heile avgiftsgrunnlaget
To sett med opplysningar
Dersom du rapporterer arbeidsgivaravgift for blanda verksemd skal du gi to sett med opplysningar, eitt for kvar utrekningskode.
I a-meldinga skal du gi opplysningar om:
Sektorunnateken aktivitet | |
Utrekningskode | til dømes sektorunnateken aktivitet |
Sone | sone x |
Avgiftsgrunnlag | avgiftsgrunnlaget knytt til utrekningskoden ovanfor |
Avgiftssats | sats knytt til utrekningskoden ovanfor |
Døme: Jord- og skogbruk, fiskeri osv. | |
Utrekningskode | til dømes jord- og skogbruk, fiskeri osv. |
Sone | sone x |
Avgiftsgrunnlag | avgiftsgrunnlaget knytt til utrekningskoden ovanfor |
Avgiftssats | sats knytt til utrekningskoden ovanfor |
Sum utrekna arbeidsgivaravgift
I tillegg til informasjon om korleis du reknar ut arbeidsgivaravgifta skal du føre opp sum utrekna arbeidsgivaravgift som ei eiga opplysning i a-meldinga. Dette er også beløpet du skal betale i arbeidsgivaravgift.
Rekn ut kor mykje du totalt skal betale i arbeidsgivaravgift og før opp eitt samla beløp.
Når skal du rapportere
Du skal gi opplysningar om arbeidsgivaravgift i a-meldinga kvar månad du oppgir lønn eller andre ytingar du reknar ut arbeidsgivaravgift av.
Arbeidsgivaravgift av arbeidsgivar sitt tilskot og premie til pensjon, skal du føre opp i den kalendermånaden du har betalt heile tilskotet/premien.
Refusjon av sjukepengar o.a. som fører til reduksjon av avgiftsgrunnlaget, skal du oppgi den kalendermånaden du har fått refusjon av NAV.
Betaling
Arbeidsgivarar skal på eige initiativ betale arbeidsgivaravgift med første frist for kalenderåret den 15. mars og deretter den 15. annankvar månad. Dersom du har berekna ekstra arbeidsgiveravgift skal du leggje denne saman med betaling av ordinær arbeidsgiveravgift. Når du skal betale arbeidsgivaravgift må du summere beløpa for dei to månadene.
Rette feil
Feilmeldingar som gjeld arbeidsgivaravgift |
MAGNET_EDAG-183 |
MAGNET_EDAG-183B |
MAGNET_EDAG-183C |
MAGNET_EDAG-184 |
MAGNET_EDAG-185 |
MAGNET_EDAG-197 |
Dersom du har ført opp feil avgiftsgrunnlag, må du rette avgiftsgrunnlaget i a-melding for den månaden som er feil.
Dersom du skal rette arbeidsgivaravgifta fordi du har berekna arbeidsgivaravgift med feil sone, må du rette arbeidsgivaravgifta i avgiftsgrunnlaget i a-meldinga for den månaden som er feil.
Du treng ikkje rette opplysningar om inntektsmottakar.
Døme
Magnus jobbar i ein butikk som ligg i sone 1. Han har 40 000 kroner i fastlønn.
Etter at butikken har sendt a-melding for august, finn dei ut at dei har rapportert sone 2 i august ved ein feil.
Sjå korleis dei rettar
A-melding for august (med feil) | |
Arbeidsgivaravgift å betale | 4 240 |
Utrekningskode | generelle næringer |
Sone | 2 |
Avgiftsgrunnlag | 40 000 |
Avgiftssats | 10,6 prosent |
I tillegg oppgir dei andre obligatoriske opplysningar.
A-melding for august |
||
Arbeidsgivaravgift å betale | 1 400 | |
Utrekningskode | generelle næringer | |
Sone | 2 | |
Avgiftsgrunnlag | - | 40 000 |
Avgiftssats | 10,6 prosent | |
Utrekningskode | generelle næringer | |
Sone | 1 | |
Avgiftsgrunnlag | 40 000 | |
Avgiftssats | 14,1 prosent |
I tillegg oppgir dei andre obligatoriske opplysningar.
40 000 kroner * 14,1 % = 5 640 kroner
40 000 kroner * 10,6 % = 4 240 kroner
Totalt: kr 5 640 – 4 240 = 1 400 kroner
Dersom du skal rette arbeidsgivaravgifta som følgje av ambulerande verksemd, må du rette arbeidsgivaravgifta i avgiftsgrunnlaget i a-melding for den månaden som er feil.
Du treng ikkje rette opplysningar om inntektsmottakar.
Døme
Ella jobbar i ei servicebedrift som ligg i sone 2. Ho har 40 000 kroner i fastlønn.
Etter at servicebedrifta har sendt a-melding for august finn dei ut at Ella også jobba i sone 1 i august og at reglane for ambulerande verksemd gjeld. Lønna som er knytt til arbeidet i sone 1 er 30 000 kroner.
Sjå korleis dei rettar
A-melding for august (med feil) | |
Arbeidsgivaravgift å betale | 4 240 |
Utrekningskode | generelle næringer |
Sone | 2 |
Avgiftsgrunnlag | 40 000 |
Avgiftssats | 10,6 prosent |
I tillegg oppgir dei andre obligatoriske opplysningar.
A-melding for august |
||
Arbeidsgivaravgift å betale | 1 050 | |
Utrekningskode | generelle næringer | |
Sone | 2 | |
Avgiftsgrunnlag | - | 30 000 |
Avgiftssats | 10,6 prosent | |
Utrekningskode | generelle næringer | |
Sone | 1 | |
Avgiftsgrunnlag | 30 000 | |
Avgiftssats | 14,1 prosent |
I tillegg oppgir dei andre obligatoriske opplysningar.
30 000 kroner * 14,1 % = 4 230 kroner
30 000 kroner * 10,6 % = 3 180 kroner
Totalt: kr 4 230 – 3180 = 1 050 kroner
Når du skal endre arbeidsgivaravgift som var rett oppgitt på leveringsfristen, men som har endra seg i etterkant.
Dette gjeld til dømes endringar på grunn av:
- medlemskap i trygdesystemet i eit anna land med tilbakeverkande kraft
- køyrebok
- stipend
I slike tilfelle kan du velje kva for ein månad du gjer endringa i.
Dersom endringa gjeld inneverande år kan du
- endre arbeidsgivaravgifta i a-melding for den månaden dei nye opplysningane blir kjende, eller
- endre arbeidsgivaravgifta i a-melding for den/dei månad(ene) endringa gjeld
Dersom endringa gjeld tidlegare år kan du
- endre arbeidsgivaravgifta i a-melding for den månaden dei nye opplysningane blir kjende,
- endre arbeidsgivaravgifta i a-melding for den/dei månad(ene) endringa gjeld, eller
- endre arbeidsgivaravgifta i a-melding for desember.
Anna jobbar i eit elektrikarfirma. Dei har betalt arbeidsgivaravgift av Anna si fastlønn på 50 000 kroner per månad.
Etter 3 månader mottar arbeidsgivar informasjon frå Skatteetaten om at Anna har vore medlem i det svenske trygdesystemet frå og med 3 månader tilbake i tid.
Elektrikarfirmaet skal ikkje betale arbeidsgivaravgift av lønna når Anna ikkje er medlem i norsk trygd.
Elektrikarfirmaet vel å endre arbeidsgivaravgifta i den månaden dei fekk vite om medlemskapen. Dei får attende arbeidsgivaravgifta dei har betalt for mykje dei tre første månadene.
Elektrikarfirmaet treng ikkje endre opplysningane som er oppgitt på Anna i dei tre første månadene.
Sjå korleis dei rettar
A-melding for dei tre første månadene (inga endring) | |
Arbeidsgivaravgift å betale | 7 050 |
Utrekningskode | generelle næringer |
Sone | 1 |
Avgiftsgrunnlag | 50 000 |
Avgiftssats | 14,1 prosent |
Fastlønn (Anna) | 50 000 |
I tillegg oppgir dei andre obligatoriske opplysningar.
A-melding for måned 4 | ||
Arbeidsgivaravgift å betale | - | 21 150 |
Utrekningskode | generelle næringer | |
Sone | 1 | |
Avgiftsgrunnlag | - | 150 000 |
Avgiftssats | 14,1 prosent | |
Fastlønn (Anna) | 50 000 |
I tillegg oppgir dei andre obligatoriske opplysningar.
Avgiftsgrunnlag: 3 * - 50 000 kroner = - 150 000 kroner
Elektrikarfirmaet får feilmeldinga MAGNET_EDAG-184 fordi det ikkje er samsvar mellom avgiftsgrunnlag og avgiftspliktig lønn og ytingar. Dette er OK, og dei treng ikkje rette MAGNET_EDAG-184.
Jacob jobbar i eit salsfirma. I januar leverer han eit overslag som viser at han kjem til å køyre om lag 18 000 kilometer med eigen bil i yrket for året. Salsfirmaet vurderer overslaget som korrekt og betaler Jacob bilgodtgjersle som er trekk- og avgiftsfri med 5 250 kroner per månad (63 000 kroner for heile året).
I slutten av året leverer Jacob ei køyrebok som viser at han har køyrt totalt 14 500 kilometer. Dette svarar til 50 750 kroner for året i trekk- og avgiftsfri bilgodtgjersle.
Jacob har fått 63 000 – 50 750 = 12 250 kroner for mykje utbetalt i trekk- og avgiftsfri bilgodtgjersle.
Salsfirmaet vel å endre arbeidsgivaravgifta i den månaden dei fekk køyreboka, altså desember.
Sjå korleis dei rettar i a-meldinga
A-melding for dei tre første månadene (inga endring) |
|
Arbeidsgivaravgift å betale | 0 |
Utrekningskode | generelle næringer |
Sone | 1 |
Avgiftsgrunnlag | 0 |
Avgiftssats | 14,1 prosent |
Trekk- og avgiftsfri bilgodtgjersle (Jacob) | 5 250 |
Talet på km per månad (Jacob) | 1 500 |
I tillegg oppgir dei andre obligatoriske opplysningar.
A-melding for desember |
||
Arbeidsgivaravgift å betale | 1 727 | |
Utrekningskode | generelle næringer | |
Sone | 1 | |
Avgiftsgrunnlag | 12 250 | |
Avgiftssats | 14,1 prosent | |
Trekk- og avgiftsfri bilgodtgjersle (Jacob) | - | 12 250 |
Talet på km per månad (Jacob) | - | 3 500 |
Trekk- og avgiftspliktig bilgodtgjersle | 12 250 | |
Talet på km per månad (Jacob) | 3 500 |
I tillegg oppgir dei andre obligatoriske opplysningar.
Simen jobbar i eit forskingsselskap. Dei gir Simen eit stipend på 50 000 kroner i januar til å dekkje frådragsgivande meirutgifter knytt til studiar.
I oktober når alle utgiftene til studiet er forfalne viser det seg at dei samla utgiftene blei 30 000 kroner. Overskotet, 20 000 kroner, er trekk- og avgiftspliktig.
A-melding for januar til september: |
|
Arbeidsgivaravgift å betale | 0 |
Utrekningskode | generelle næringer |
Sone | 1 |
Avgiftsgrunnlag | 0 |
Avgiftssats | 14,1 prosent |
Trekk- og avgiftsfritt stipend (Simen) | 50 000 |
I tillegg oppgir dei andre obligatoriske opplysningar.
A-melding for oktober |
||
Arbeidsgivaravgift å betale | 2 820 | |
Utrekningskode | generelle næringer | |
Sone | 1 | |
Avgiftsgrunnlag | 20 000 | |
Avgiftssats | 14,1 prosent | |
Trekk- og avgiftsfritt stipend (Simen) | - |
20 000 |
Trekk- og avgiftspliktig stipend (Simen) | 20 000 |
I tillegg oppgir dei andre obligatoriske opplysningar.
Dersom du skal endre arbeidsgivaravgifta fordi ein inntektsmottakar får etterbetalt ei yting, må du føre opp arbeidsgivaravgifta i den månaden etterbetalinga skjer.
Skal du endre arbeidsgivaravgifta fordi ein inntektsmottakar har betalt tilbake ei yting, kan du velje kva for ein månad du endrar i.
Dersom tilbakebetalinga gjeld inneverande år kan du
- endre arbeidsgivaravgifta i a-melding for den månaden ytinga blir tilbakebetalt, eller
- endre arbeidsgivaravgifta i a-melding for den/dei månad(ene) tilbakebetalinga gjeld
Dersom endringa gjeld tidlegare år kan du
- endre arbeidsgivaravgifta i a-melding for den månaden ytinga blir tilbakebetalt,
- endre arbeidsgivaravgifta i a-melding for den/dei månad(ene) tilbakebetalinga gjeld, eller
- endre arbeidsgivaravgifta i a-melding for desember.
Merk!
Beløpet som inntektsmottakaren har betalt tilbake må du rette i a-melding for den eller dei månadene feilen blei gjort. Det er berre når du skal endre arbeidsgivaravgifta at du kan velje månaden å endre i.
Dersom du nyttar eit lønnssystem, kontaktar du systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Kva brukar vi opplysningane til
Skatteetaten brukar opplysninga "Sum utrekna arbeidsgivaravgift" til å krevje inn arbeidsgivaravgift. Utrekningskodar, satsar, soner og avgiftsgrunnlag blir nytta til å kontrollere summen du har oppgitt at du skal betale.
Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.