Permittering
Dersom den tilsette er permittert, uansett lengd, skal du føre opp dette i a-meldinga.
Kort om permittering
Før opp permittering dersom ein tilsett blir mellombels friteken for arbeidsplikt i samband med driftsinnskrenkingar eller driftsstans. Dette gjeld anten det er bestemt einsidig av arbeidsgivar eller etter avtale i det einskilde tilfellet.
Permittering skal førast opp uansett lengd, og om permitteringa er innanfor arbeidsgivarperioden.
Lønnspliktdagar under permittering
Lønnspliktdagar under permittering skal inngå i permitteringsperioden. Gjeld både lønnspliktdagar i byrjinga av og i løpet av permitteringsperioden.
Er det obligatorisk
Ja, du må føre opp permittering for alle ordinære og maritime arbeidsforhold når tilsette er permitterte.
Du skal ikkje føre opp permittering for frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar eller for pensjon eller andre ytingar utanfor arbeidsforhold.
Kva for opplysningar skal du oppgi
Når du oppgir permitteringar skal kvar einskild registrering innehalde:
Permitteringsnemming | Alltid |
PermitteringsID | Alltid |
Startdato på permittering | Alltid |
Sluttdato på permittering | Alltid i den månaden den tilsette avsluttar permitteringa |
Permitteringsprosent | Alltid |
Permitteringsnemning
Før opp nemninga permittering.
PermitteringsID
PermitteringsID er ein identifikator for permitteringa.
Oppgi ein unik ID for permitteringa. ID-en skal ikkje brukast fleire gongar og er tidsuavhengig. Dersom du brukar den same ID-en fleire gongar blir det du tidlegare rapporterte erstatta med det du seinare rapporterer på den same ID-en.
Brukar du eit lønns- eller personalsystem blir permitteringsID vanlegvis generert når du opprettar ei ny permittering.
Døme
Anne jobbar i ei industribedrift. Ho blei permittert frå jobben 1. januar til 25. januar. Seinare blei ho permittert att frå 1. mai til 10. mai
A-melding for januar Første permitteringsperiode |
|
Permitteringsnemning | permittering |
PermitteringsID | x |
Startdato på permittering | 1. januar |
Sluttdato på permittering | 25. januar |
Permitteringsprosent | 100 |
I tillegg fører dei opp alle andre obligatoriske opplysningar.
Denne meldinga er unik. Så lenge permitteringa varer skal industribedrifta føre ho opp på denne måten for kvar einskild rapportering fram til permitteringa er avslutta.
A-melding for mai Andre permitteringsperiode |
|
Permitteringsnemning | permittering |
PermitteringsID | y |
Startdato på permittering | 1. mai |
Sluttdato på permittering | 10. mai |
Permitteringsprosent | 100 |
I tillegg fører dei opp alle andre obligatoriske opplysningar.
Dersom den nye permitteringa ikkje får ein ny ID, men den tidlegare ID-en blir brukt oppatt, blir dette lese som ei endring av den førre permitteringa.
Arbeid i permitteringstida
- Arbeid over 6 veker
Dersom ein tilsett er tilbake i ordinært arbeid i meir enn 6 veker blir permitteringa avbroten. Dei vekene arbeidstakaren har vore i jobb skal ikkje med i permitteringsperioden du fører opp i a-meldinga. Dersom den tilsette blir permittert på nytt etter å ha arbeidd i meir enn 6 veker, skal du føre opp dette som ei ny permittering. Du skal då føre opp ein ny permitteringsID og ny startdato. - Arbeid under 6 veker
Ved arbeid og kurs under 6 veker, opphøyrer ikkje permitteringa, og ho blir heller ikkje gradert. Du skal føre opp samla permittering med den same ID-en for heile perioden.
Dersom den tilsette får lønn eller anna godtgjersle skal du føre opp inntekta med riktig inntektsnemning. Betaler du lønn per time skal du føre opp talet på timar som er knytt til desse pengane.
Byte lønnssystem eller rekneskapsførar
Dersom du byter rekneskapsførar, må du ofte byte lønnssystem. Når du byter lønnssystem, må du flytte opplysningar frå eitt system til eit anna. Det kan du gjere på tre ulike måtar. Sjå ei nærare forklaring av korleis du byter lønnssystem.
Merk!
Dersom du vel å opprette ny ein permitteringsID i det nye systemet, må du som hovudregel avslutte permitteringa i det gamle systemet og setje ein ny startdato for permitteringa i det nye systemet. Den nye startdatoen skal vere dagen etter sluttdatoen i det gamle systemet.
Startdato på permittering
Før opp datoen permitteringa startar og ta opp att startdatoen i kvar a-melding så lenge permitteringa varer. Lønnspliktdagar skal inngå i permitteringsperioden.
Sluttdato på permittering
Før opp datoen permitteringa blir avslutta.
Du kan føre opp sluttdato fram i tid dersom datoen er kjend. Du må då ta oppatt denne i a-meldinga fram til den aktuelle sluttdatoen.
Frå permittering til ferie eller sjukefråvær
Dersom ein tilsett går direkte frå permittering til ferie eller sjukefråvær skal du avslutte permitteringa. I desse tilfella er tilsette å rekne som i jobb sjølv om dei ikkje fysisk jobbar.
Frå permittering til streik eller lockout
Dersom ein tilsett går direkte frå permittering til streik og lockout skal du avslutte permitteringa. I desse tilfella er tilsette å rekne som i jobb sjølv om dei ikkje fysisk jobbar.
Ferie og sjukefråvær
Ferie eller sjukefråvær innanfor permitteringsperioden verkar ikkje inn på permitteringa du fører opp i a-meldinga. Oppgi dette som ein samanhengande periode. Arbeidstakaren skal informere NAV om ferie og sjukefråvær då dette kan ha noko å seie for utbetalinga av dagpengar under permittering. Gjeld til dømes dersom den tilsette er sjuk og det skal ytast sjukepengar i staden for dagpengar.
Permitteringsprosent
Oppgi kor mange prosent permitteringa utgjer av den avtalte stillingsprosenten til den tilsette. Ein tilsett kan vere heilt eller delvis permittert. Permitteringsprosenten skal vere over 0 (om du ikkje skal slette ein permittering) og ikkje meir enn 100.
Døme
Sunniva er tilsett i 80 prosent stilling. Ho blir 50 prosent permittert frå denne deltidsstillinga. Før opp 50 prosent som permitteringsprosent.
William blir permittert 2 dagar i veka dei neste fire månadene. Oppgi 40 prosent permittering dersom han har ei 100 prosent stilling.
Når skal du rapportere
Før opp permitteringa for den kalendermånaden permitteringa gjeld og ta opp att dette til permitteringa blir avslutta.
Endre permitteringsprosent
Når du skal endre permitteringsprosent, må du avslutte den eksisterande permitteringsID-en med den datoen endringa skjedde. Opprett deretter ein ny permitteringsID med ny permitteringsprosent frå den påfølgjande datoen.
Døme
Ola er 80 prosent permittert frå 1. februar til 13. juli. Permitteringsprosenten til Ola blir endra frå 80 til 50 prosent frå den 15. mars.
A-melding for februar | |
Permitteringsnemning | permittering |
PermitteringsID | x |
Startdato på permittering | 1. februar |
Sluttdato på permittering | 13. juli |
Permitteringsprosent | 80 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
A-melding for mars | |
Permitteringsnemning | permittering |
PermitteringsID | x |
Startdato på permittering | 1. februar |
Sluttdato på permittering | 14. mars |
Permitteringsprosent | 80 |
|
|
Permitteringsnemning | permittering |
PermitteringsID | y |
Startdato på permittering | 15. mars |
Sluttdato på permittering | 13. juli |
Permitteringsprosent | 50 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
Dei fører opp ny permitteringsID i a-meldingar fram til og med juli.
Rette feil
Har du har fått feilmelding (MAGNET/EDAG)
Desse feilmeldingane gjeld både permittering og permisjon: |
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-192 Permisjonsprosent manglar |
MAGNET_EDAG-192B Ulogisk periode for permisjon |
MAGNET_EDAG-192C Ugyldig permisjonsID |
MAGNET_EDAG-193 Ulogisk periode for permisjon |
MAGNET_EDAG-231 Opplysningar om permisjon manglar |
MAGNET_EDAG-257 Ulogisk start- og/eller sluttdato på permisjon |
MAGNET_EDAG-271 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-286 Permisjonsprosent må vere frå 0-100 |
Sjå òg oversikta over alle feilmeldingane
Har du ikkje fått feilmelding
Har du gløymt å føre opp eller ført opp feil i permittering, og ikkje fått feilmelding (MAGNET/EDAG) på dette i tilbakemelding (A03) kan du rette feilen i neste a-melding. Du treng ikkje endre tidlegare innsende a-meldingar.
Dette gjeld feil eller manglar i opplysningar om:
- Permitterings-ID
- Permitteringsnemning
- Permitterings -Frå-Dato
- Permitterings -Til-Dato
- Permitteringsprosent
Dersom du nyttar eit lønnssystem, kontaktar du systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Slette ei permittering
Du kan slette ei feilrapportert permittering på to måtar.
- Send inn ei ny a-melding der du set startdatoen og sluttdatoen for permitteringa til same dato og permitteringsprosenten til 0 prosent.
Bruk den same permitteringsID-en som ved tidlegare feilrapportering(ar). Aa-registeret må eintydig kunne skilje mellom eindags permittering og feilrapportert permittering som skal slettast. Når ein set startdatoen lik sluttdatoen og permitteringsprosenten til 0 prosent, kan dette eintydig tolkast i registeret som ei sletting av opplysningar ein har rapportert tidlegare. - Send inn ei erstatningsmelding der den feilrapporterte permitteringa ikkje er med. Du må erstatte alle rapporteringsperiodar der permitteringa har blitt feilaktig rapportert.
Kva nyttar vi opplysningane til
Opplysningane om permitteringar i arbeidsforhold blir nytta til å oppdatere Aa-registeret. Aa-registeret blir nytta av NAV og andre offentlege instansar i oppgåveløysinga deira. Feil informasjon kan føre til feil vurderingar for dei som nyttar Aa-registeret.
Statistisk sentralbyrå (SSB) nyttar opplysningane til å avgjere kven som blir rekna som sysselsett.
Opplysningar om permittering blir overførte til Aa-registeret.