Lønnsansiennitet
Dato for lønnsansiennitet for tilsette i stat og kommune som er underlagde hovudtariffavtalen.
Kort om lønnsansiennitet
Før opp datoen som lønnsansienniteten skal reknast ut ifrå.
Lønnsansiennitet er eit tariffrettsleg omgrep som blir nytta når ein fastset lønna for ein tilsett. Når ein fastset lønnsansiennitet kan ein tilsett få godskrive tidlegare relevant yrkeserfaring, utdanning og realkompetanse.
Lønnsansiennitet skil seg frå ansiennitet som berre seier kor lenge ein tilsett har jobba. Ulike tariffavtalar har ulike reglar for å godkjenne og rekne ut lønnsansiennitet. I det statlege tariffområdet blir lønnsansiennitet omtalt som tenesteansiennitet + tilleggsansiennitet.
Døme
Julie starta i jobb i Kommune A den 1. mai og fekk godskrive lønnsansiennitet frå 1. januar på grunn av ein tidlegare jobb i Kommune B. Kommune A fører då opp lønnsansiennitet 1. januar.
Er informasjonen obligatorisk
Ja, du må føre opp datoen for alle ordinære og maritime arbeidsforhold i verksemder som følgjer hovudtariffavtalen for staten, kommunen (også Oslo kommune) og dei fleste føretak i finansnæringa.
Det er frivillig for frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar.
Du skal ikkje føre opp lønnsansiennitet for pensjon eller andre ytingar utanfor arbeidsforhold.
Når skal du rapportere
Før opp lønnsansiennitet den første gongen du rapporterer arbeidsforholdet og ta denne oppatt kvar månad til og med månaden du avsluttar arbeidsforholdet.
Rette feil
Dersom du har gløymt å føre opp eller har ført opp feil lønnsansiennitet, kan du endre i neste a-melding. Du treng ikkje endre tidlegare innsende a-meldingar.
Kva nyttar vi opplysningane til
Statistisk sentralbyrå (SSB) nyttar opplysningane i statistikk til lønnsforhandlingar og i analysar av lønnsutvikling for ulike grupper tilsette.
Opplysningar om lønnsansiennitet blir ikkje overføre til Aa-registeret.