Kjeldeskatt på pensjonar
Gjeld kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar frå Noreg til personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg.
Har du ansatte med skattekort med kjeldeskatt på lønn?
Du skal ikkje bruke skatte- og avgiftsregelen Kjeldeskatt på pensjon for ytingar som har kjeldeskatt på lønn.
Kort om skatte- og avgiftsregelen
Pensjonar og uføreytingar som blir utbetalte frå Noreg til personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg, er skattepliktige i Noreg.
Dette inneber at inntektsmottakaren er skattepliktig for norsk pensjon og norske uføreytingar, sjølv om vedkomande er skattemessig emigrert frå Noreg eller aldri har budd i Noreg.
Kjeldeskatten er i utgangspunktet 15 prosent av bruttobeløpet.
Du må markere både pensjon og forkotstrekket med kjeldeskatt på pensjonar.
Les meir om kjeldeskatt på pensjonar
Ytingar som skatte- og avgiftsregelen gjeld for
Skatte- og avgiftsregelen omfattar:
- pensjon frå folketrygda
- offentlege tenestepensjonar
- private tenestepensjonar
- andre private pensjonar
- uføretrygd frå folketrygda
- uføreytingar frå andre ordningar
I a-meldinga skal du markere ytingane med «Kjeldeskatt på pensjonar» for personane dette gjeld.
Sjå oversikt over ytingar som skatte- og avgiftsregelen gjeld for
Kva med forskotstrekket
Når du brukar skatte- og avgiftsregelen på pensjon og uføreytingar, skal du òg markere forskotstrekket som høyrer til, med «Kjeldeskatt på pensjon».
Rette feil
Kva brukar vi opplysningane til
NAV nyttar opplysningar om pensjon og uføreytingar til kontroll.
Skatteetaten nyttar opplysningane til å skilje ut kva for ytingar ein skal betale kjeldeskatt av.
Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.
Aktuelt regelverk