Siste dato for endring av stillingsprosent
Første gong du oppgir eit arbeidsforhold skal den siste datoen for endring av stillingsprosent og startdatoen vere like.
Kort om dato for endring av stillingsprosent
Før opp datoen stillingsprosenten sist blei endra.
Er det første gong du rapporterer arbeidsforholdet, skal startdatoen på arbeidsforholdet og den siste datoen for endring av stillingsprosent vere den same.
Døme
Fatima endrar arbeidsavtalen 10. februar frå 100 til 80 prosent stilling. I a-meldinga for februar fører arbeidsgivaren opp stillingsprosent 80 og 10. februar som «dato for endring av stillingsprosent».
William endrar arbeidsavtalen frå 18,75 til 37,5 timar per veke. Endringa skjer frå den 15. juni. Stillingsprosenten er endra frå 50 til 100 prosent (fulltid for stillinga er 37,5). I a-meldinga for juni fører arbeidsgivaren opp stillingsprosent 100 og 15. juni som «dato for endring av stillingsprosent».
Er det obligatorisk
Ja, du må føre opp datoen for alle ordinære og maritime arbeidsforhold.
Det er frivillig for frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar. Bør givast opp dersom har rapportert stillingsprosent.
Du skal ikkje føre opp stillingsprosent eller endring i denne for pensjon eller andre ytingar utanfor arbeidsforhold.
Når skal du rapportere
Før opp siste dato for endring av stillingsprosent den første gongen du rapporterer arbeidsforholdet og ta denne oppatt kvar månad til og med månaden du avsluttar arbeidsforholdet.
Rette feil
MAGNET_EDAG-258 Ulogisk dato for endring av stillingsprosent |
MAGNET_EDAG-187-4 Opplysningar om arbeidsforholdet er feil |
MAGNET_EDAG-275 Opplysningar om arbeidsforholdet er feil |
Har du gløymt å føre opp eller ført opp feil dato, og ikkje fått feilmelding (MAGNET/EDAG) på dette i tilbakemelding (A03) kan du rette feilen i neste a-melding. Kontroller òg at opplysningar om stillingsprosent stemmer. Du treng ikkje å endre tidlegare innsende a-meldingar.
Dersom du nyttar eit lønnssystem, kontaktar du systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Kva nyttar vi opplysningane til
NAV nyttar opplysningane i sakshandsaminga. Ei endring i stillingsprosent forklarer ofte kvifor inntekta er endra og det kan ha noko å seie for rett utrekning av ytingar som sjukepengar.
Statistisk sentralbyrå (SSB) nyttar opplysningane i lønnsstatistikken. SSB må vite kor mange dagar i ein månad som er med gammal og ny stillingsprosent for å få eit korrekt forhold mellom arbeidstid og utbetalt lønn.
Opplysningar om siste dato for endring av stillingsprosent blir overførte til Aa-registeret. NAV distribuerer opplysningar om arbeidsforhold frå Aa-registeret til private og offentlege aktørar som har lov til å ta imot dei. Døme på dette er Skatteetaten og Arbeidstilsynet.