Fusjon
Både den noverande og den nye eigaren må syte for at opplysningane om arbeidsforholda blir knytte til rett undereining.
Fusjon er når to eller fleire hovedeiningar slår seg saman til eitt selskap. Eitt selskap (overtakande selskap) tek over undereininga til ei eller fleire hovedeiningar (overdragande selskap).
Hva du må gjøre
Ved fusjon må:
- Overdragande selskap oppgi sluttdato og årsak til sluttdato på arbeidsforholda
- Overtakande selskap oppgi startdato på dei nye arbeidsforholda
Overdragande selskap oppgir sluttdato på arbeidsforholda
Som overdragande selskap må du oppgi sluttdato på alle arbeidsforhold. Du må óg oppgi årsak til sluttdato som ved fisjon er endring i organisasjonsstruktur eller internt jobbyte.
Døme
Overdragande selskap, hovedeining 1 skal avslutte alle arbeidsforhold fordi dei har blir fusjonerte inn i hovedeining 2. Hovedeining 2 tek over hovedeining 1 frå 1. juni.
A-melding for mai | |
Hovedeining | 1 |
Undereining | A |
Inntektsmottakar | Olav |
Startdato på arbeidsforholdet | 1. januar |
Sluttdato på arbeidsforholdet | 31. mai |
Årsak til sluttdato | endring i organisasjonsstruktur eller internt jobbyte |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
Det overtakande selskapet oppgir startdato på dei nye arbeidsforholda
Som overtakande selskap må du oppgi arbeidsforhold på alle tilsette som du tek over arbeidsgivaransvaret for. Ønskjer du meir informasjon om kva for opplysningar du skal oppgi, kan du sjå dei ulike typane arbeidsforhold.
Merk!
Den nye startdatoen på arbeidsforholdet må vere dagen etter sluttdato for at det skal bli riktige opplysningar i Aa-registeret i NAV. Til dømes sluttdato 31. mai og startdato 1. juni.
Døme
Overtakande selskap, hovedeining 2, skal oppgi alle arbeidsforhold frå den datoen dei tek over arbeidsgivaransvaret for dei tilsette hjå hovedeining 1.
A-melding for juni | |
Hovedeining | 2 |
Undereining | A |
Inntektsmottakar | Olav |
Startdato på arbeidsforholdet | 1. juni |
Sluttdato på arbeidsforholdet |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.