Rette feil i lønn og andre ytingar
Gjeld retting av feil i lønn og andre ytingar når du ikkje har fått feilmelding.
Kort om å rette feil
Har du ført opp feil i lønn eller anna yting, og ikkje fått feilmelding (MAGNET_EDAG) på dette i tilbakemeldinga (A03), er det typen feil som avgjer måten du kan rette på.
Dersom du nyttar eit lønnssystem, kontaktar du systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Feil nemning
Dersom du har ført opp rett beløp, men med feil nemning, må du rette i a-meldinga for den kalendermånaden som inneheld feil eller manglar.
- Før opp beløpet med negativt forteikn og inkluder nemninga for ytinga frå den opphavlege a-meldinga.
- Før deretter opp beløpet på nytt med ei fullstendig og rett nemning.
Du kan òg rette opp ved å sende ei erstatningsmelding med rett beløp og nemning for den kalendermånaden som inneheld feilen.
Døme med feil nemning
William jobbar i eit serviceselskap. Dei har oppgitt fastlønn for William i a-meldinga for oktober.
I januar oppdagar serviceselskapet at dei har gitt feil nemning på lønna. Dei har oppgitt fastlønn i staden for timelønn.
A-melding for oktober, med feil |
|
MeldingsID |
1 |
Inntektsmottakar | William |
Beløp | 25 000 |
Nemning | fastlønn |
I tillegg oppgav dei andre obligatoriske opplysningar.
A-melding for oktober |
||
MeldingsID |
2 | |
Inntektsmottakar | William | |
Beløp | - | 25 000 |
Nemning | fastlønn | |
Beløp | 25 000 | |
Nemning | timelønn | |
Tal | 35 |
I tillegg oppgav dei andre obligatoriske opplysningar.
Resultat av endring for oktober:
Fastlønn: 25 000 - 25 000 = 0
Timelønn: 25 000 kroner
Tasta feil beløp
Dersom du har utbetalt rett beløp, men tasta feil i a-meldinga, må du rette opp for den kalendermånaden som inneheld feil eller manglar.
- Har du oppgitt eit for høgt beløp, fører du opp differansen med negativt forteikn og inkluderer nemninga av inntekta frå den opphavlege a-meldinga.
- Har du oppgitt eit for lågt beløp, fører du opp differansen og inkluderer nemninga av inntekta frå den opphavlege a-meldinga.
Du kan òg rette opp ved å sende ei erstatningsmelding med rett beløp og nemning for den kalendermånaden som inneheld feilen.
Døme med for høgt beløp
Anna jobbar i ein butikk. Ho fekk 10 000 kroner i lønn i mai, og butikken førte ved ein feil opp 100 000 kroner i a-meldinga for mai.
Butikken oppdagar feilen i juni og må rette i a-meldinga for mai.
A-melding for mai, med feil |
|
MeldingsID |
1 |
Inntektsmottakar | Anna |
Beløp | 100 000 |
Nemning | fastlønn |
I tillegg oppgav dei andre obligatoriske opplysningar.
A-melding for mai |
||
MeldingsID |
2 | |
Inntektsmottakar | Anna | |
Beløp | - | 90 000 |
Nemning | fastlønn |
I tillegg oppgav dei andre obligatoriske opplysningar.
Resultat av endring for mai:
Fastlønn: 100 000 - 90 000 = 10 000 kroner.
Døme med for lågt beløp
Noah jobbar i eit bodfirma. Han får 10 000 kroner i lønn i mai. Bodfirmaet førte ved ein feil opp 1 000 kroner i a-meldinga i mai.
I juni oppdagar bodfirmaet at dei har oppgitt feil beløp. Dei må rette i a-meldinga for mai.
A-melding for mai, med feil |
|
MeldingsID |
1 |
Inntektsmottakar | Noah |
Beløp | 1 000 |
Nemning | fastlønn |
I tillegg oppgav dei andre obligatoriske opplysningar.
A-melding for mai |
|
MeldingsID |
2 |
Inntektsmottakar | Noah |
Beløp | 9 000 |
Nemning | fastlønn |
I tillegg oppgav dei andre obligatoriske opplysningar.
Resultat av endring for mai:
Fastlønn: 1 000 + 9 000 = 10 000 kroner.
Feil tilleggsinformasjon
Dersom du har ført opp rett beløp og rett nemning for lønn eller yting, men feil tilleggsinformasjon, må du rette i a-meldinga for den eller dei kalendermånadene som inneheld feil eller manglar.
Korleis du rettar feil tilleggsinformasjon kjem an på kva slags feil som er rapportert. Når du sender inn fleire meldingar blir opplysningane i eit felt anten
- summerte eller
- siste rapporterte opplysning er den som gjeld
Summering blir nytta ved beløp, talet på kilometer og liknande, medan siste gjeld blir nytta ved listepris på bil, registreringsnummer, talet på barn.
Retting av feil når opplysningane blir summerte for månaden
- Send ei ny melding med beløp 0,- eller beløpet er differansen mellom beløpet som blei oppgitt tidlegare og det korrekte beløpet.
- Før opp dei same tilleggsopplysningane som er ført opp tidlegare.
Døme der ein har ført opp feil timetal (opplysningane blir summerte for månaden)
Christian arbeider i ein sportsbutikk og i a-meldinga for august er det rapportert at Christian har fått 25 000 i timelønn og at han har arbeidd 1000 timar. I oktober finn butikken ut at dei har tasta feil tal på timar. Det skulle ha vore 100 timar, ikkje 1000 timar.
Dei sender inn ei ny a-melding for august for å rette feilen.
Ny a-melding for august for å rette talet på timar | |
MeldingsID | 2 |
Inntektsmottakar | Christian |
Beløp | 0 (summering) |
Nemning | kontantyting, timelønn |
Tal | - 900 (summering) |
I tillegg oppgav dei andre obligatoriske opplysningar.
Timelønn for august er då 25 000 + 0 = 25 000 og talet på timer er 1000 – 900 = 100.
Døme der ein har ført opp feil kilometertal (opplysningane blir summerte for månaden)
Hassan reiser av og til i samband med jobb og han får kilometergodtgjersle etter køyrelengd. Arbeidsgivaren rapporterer eit utbetalt beløp på kr 1575 og at det er køyrt 150 km. Etter innsendinga oppdagar arbeidsgivaren at det er rapportert feil tal på kilometer. Det skulle ha vore 450 km og dei sender inn ei ny melding for å rette dette.
Ny a-melding for oktober | |
MeldingsID | 2 |
Beløp | 0 |
Type lønn eller yting | Utgiftsgodtgjersle, kilometergodtgjersle bil |
Trekkplikt | Nei |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | Nei |
Tilleggsopplysningar |
|
Tal | 300 (kilometer) |
I tillegg oppgav dei andre obligatoriske opplysningar.
Talet på km for oktober blir då 150 + 300 = 450
Retting av feil når dei sist rapporterte opplysningane gjeld for månaden
- Før opp beløpet med negativt forteikn. Bruk den same nemninga for lønna eller ytinga og dei same tilleggsopplysningane som oppgitt i den opphavlege a-meldinga du vil rette.
- Før deretter opp beløpet på nytt med lik nemning og fullstendige og riktige tilleggsopplysningar.
Du kan òg rette opp ved å sende ei erstatningsmelding med rett beløp, nemning og tilleggsopplysningar for den eller dei kalendermånadene som inneheld feilen.
Døme med feil listepris og registreringsnummer (den sist rapporterte opplysninga gjeld for månaden)
Kari jobbar som seljar i eit sportsfirma. Ho nyttar arbeidsgivar sin bil både i jobb og privat. Sportsfirmaet har ført opp ein listepris for bilen på 660 000 og registreringsnummer AB12345 i a-meldinga for oktober.
I desember oppdagar sportsfirmaet at dei har gitt feil opplysningar. Opplysningane tilhøyrer ein annan bil enn den Kari disponerer. Listeprisen på Kari sin bil er 500 000 og registreringsnummeret er BA54321.
A-melding for oktober, med feil | |
MeldingsID | 1 |
Inntektsmottakar | Kari |
Beløp | 13 533 |
Nemning | naturalyting, yrkebil tenestlegbehov listepris |
Listepris | 660 000 |
Registreringsnummer | AB12345 |
I tillegg oppgav dei andre obligatoriske opplysningar.
A-melding for oktober | |
MeldingsID | 2 |
Inntektsmottakar | Kari |
Beløp | - 13 533 |
Nemning | naturalyting, yrkebil tenestlegbehov listepris |
Listepris | 0 |
Registreringsnummer | AB12345 |
Beløp | 10 866 |
Nemning | naturalyting, yrkebil tenestlegbehov listepris |
Listepris | 500 000 |
Registreringsnummer | BA54321 |
I tillegg oppgav dei andre obligatoriske opplysningar.
Det må rettast på same måte for alle månader det er rapportert inn feil.
Døme med feil oppgitt landkode (den sist rapporterte opplysninga gjeld for månaden)
Tone jobbar i eit norsk oljeselskap og skal byrje å jobbe for firmaet i Tyskland. HR-avdelinga har fått feil opplysningar og opplyser i a-meldinga at ho jobbar i Frankrike. Dei oppdagar feilen når dei skal sende a-melding for november. Dei må sende ei ny a-melding for oktober for å korrigere feilen.
Ny a-melding for oktober for å rette feilen | |
MeldingsID | 2 |
Inntektsmottakar | Tone |
Beløp | - 80 000 |
Nemning | kontantyting, fastlønn |
Tilleggsopplysningar |
|
Oppteningsland | FR |
Opptent på kontinentalsokkel | nei |
Beløp | 80 000 |
Nemning | kontantyting, fastlønn |
Tilleggsopplysningar |
|
Oppteningsland | DE |
Opptent på kontinentalsokkel | nei |
I tillegg oppgav dei andre obligatoriske opplysningar.
Det må rettast på same måte for alle månader det er rapportert inn feil.
Utbetalt for mykje
Dersom du har utbetalt for mykje og oppgitt eit for høgt beløp i a-meldinga, må du rette når inntektsmottakaren har betalt tilbake eller inngått ein bindande avtale om å betala tilbake. Du må retta a-meldingen på det tidspunktet som trer først inn av faktisk tilbakebetaling eller når du har inngått ein bindande avtale.
Før 2020 var praksis at endring av a-melding først skulle gjerast når feilutbetalinga faktisk var tilbakebetalt. Praksis blir frå endra 2020. Endringa er ikkje gitt tilbakeverkande kraft på eldre saker. Dette inneber at rapporteringstidspunktet er valfritt for tilbakebetalingskrav som vart endeleg stifta før januar 2020.
Korleis du rettar, kjem an på om inntektsmottakaren skal betale tilbake:
- nettobeløpet eller
- bruttobeløpet
Netto tilbakebetaling
Dersom avtalen om tilbakebetaling eller tilbakebetalinga skjer før 31. januar i året etter inntektsåret, må inntektsmottakaren betale tilbake nettobeløpet. Det same gjeld viss avtalen blir inngått etter skatteoppgjeret er gjort for det året feilutbetalinga gjeld.
Slik rettar du:
- Endre brutto inntekt og forskotstrekk på den eller dei månadene feilen blei gjort.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, må du ta kontakt med systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme med netto tilbakebetaling
Adam jobbar på ein møbelfabrikk. Møbelfabrikken utbetalte for høg timelønn til Adam i januar, februar og mars. Timelønna var 60 000 kroner per månad. Talet på timar var rett rapportert.
I april oppdaga møbelfabrikken feilen og kravde for mykje netto utbetalt tilbake frå Adam, 3 200 kroner per månad. Brutto utgjorde dette 5 000 kroner per månad.
Adam betalte tilbake nettobeløpet i april og møbelfabrikken retta i a-meldingane for januar, februar og mars med beløpet som var betalt tilbake.
Ettersom Adam betalte tilbake nettobeløpet, endra også møbelfabrikken forskotstrekket med 1 800 kroner per månad, då Adam ikkje skal ha dette godskrive på skatteoppgjeret. Møbelfabrikken får trekket tilbakebetalt på grunnlag av endringa i a-meldinga.
Opphavlege a-meldingar |
|||
Januar | Februar | Mars | |
MeldingsID |
jan1 | feb1 | mars1 |
Timelønn | 60 000 | 60 000 | 60 000 |
Talet på timar | 37,5 | 37,5 | 37,5 |
Forskotstrekk | - 20 000 | - 20 000 | - 20 000 |
Nye a-meldinger |
|||
Januar | Februar | Mars | |
MeldingsID |
jan2 | feb2 | mars2 |
Timelønn | - 5000 | - 5000 | - 5000 |
Talet på timar | 0 | 0 | 0 |
Forskotstrekk | 1 800 | 1 800 | 1 800 |
Oppsummert viser a-meldingane for januar, februar og mars at Adam har teke imot 55 000 kroner i timelønn per månad og blitt trekt 18 200 kroner i forskotstrekk per månad.
Alternativ:
I staden for å sende nye a-meldingar som justerer tidlegare oppgitte beløp kan møbelfabrikken endre ved å sende ei erstatningsmelding for kvar av kalendermånadene.
Slik retta dei opp:
Gjeld ved erstatningsmelding.
Januar | Februar | Mars | |
MeldingsID |
jan2 | feb2 | mars2 |
Erstattar meldingsID |
jan1 | feb1 | mars1 |
Timelønn | 55 000 | 55 000 | 55 000 |
Talet på timar | 37,5 | 37,5 | 37,5 |
Forskotstrekk | - 18 200 | - 18 200 | - 18 200 |
Brutto tilbakebetaling
Dersom avtalen om tilbakebetaling eller tilbakebetalinga skjer etter 31. januar i året etter inntektsåret og før skatteoppgjeret, må inntektsmottakaren betale tilbake bruttobeløpet.
Slik rettar du:
- Endre brutto inntekt på den eller dei månadene feilen blei gjort. Du skal ikkje endre forskotstrekket. Inntektsmottakaren får godskrive forskotstrekket i skatteoppgjeret.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, må du ta kontakt med systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme med brutto tilbakebetaling
Emma jobbar hjå ein bilforhandlar. Bilforhandlaren utbetalte for høg timelønn til Emma i oktober, november og desember. Timelønna var 60 000 kroner per månad. Talet på timar var rett rapportert.
Bilforhandlaren oppdagar feilen i februar året etter og krev for mye brutto utbetalt tilbake frå Emma, 5 000 kroner per månad.
Emma betaler tilbake bruttobeløpet i februar og bilforhandlaren endrar a-meldingane for oktober, november og desember med beløpet som er betalt tilbake.
Ettersom Emma har betalt tilbake bruttobeløpet, endrar ikkje bilforhandlaren forskotstrekket.
Beløpet som Emma har betalt tilbake inkluderer forskotstrekket som er betalt. Ho får godskrive forskotstrekket, som tidlegare er oppgitt i a-meldinga, på skatteoppgjeret.
Opphavlege a-meldingar |
|||
Oktober | November | Desember | |
MeldingsID |
okt1 | nov1 | des1 |
Timelønn | 60 000 | 60 000 | 60 000 |
Talet på timar | 37,5 | 37,5 | 37,5 |
Forskotstrekk | - 20 000 | - 20 000 | - 20 000 |
Nye a-meldingar |
|||
Oktober | November | Desember | |
MeldingsID |
okt2 | nov2 | des2 |
Timelønn | - 5000 | - 5000 | - 5000 |
Talet på timar | 0 | 0 | 0 |
Forskotstrekk |
Oppsummert viser a-meldingane for oktober, november og desember at Emma har teke imot 55 000 kroner i timelønn per månad og blitt trekt 20 000 kroner i forskotstrekk per månad.
Alternativ:
I staden for å sende nye a-meldingar som justerer tidlegare oppgitte beløp kan bilforhandlaren endre ved å sende ei erstatningsmelding for kvar av kalendermånadene.
Oktober | November | Desember | |
MeldingsID |
okt2 | nov2 | des2 |
Erstattar meldingsID |
okt1 | nov1 | des1 |
Timelønn | 55 000 | 55 000 | 55 000 |
Talet på timar | 37,5 | 37,5 | 37,5 |
Forskotstrekk | - 20 000 | - 20 000 | - 20 000 |
Utbetalt for lite / etterbetale
Type yting avgjer måten du skal føre opp dette på i a-meldinga.
Hovudregel:
Dersom du skal etterbetale, må du føre opp utbetalinga i den kalendermånaden du utbetaler beløpet.
Har du oppgitt timelønn og timar i ei tidlegare a-melding, set talet på timar til 0.
Du skal ikkje endre tidlegare a-meldingar.
Døme
Lucas jobbar i ein barnehage. Han jobbar 37,5 timar per veke. Ved lønnsoppgjeret blei timesatsen justert frå 250 kroner til 252 kroner per time med verknad frå 1. mai.
Barnehagen skal etterbetale 900 kroner for mai, juni og juli, i august månad. Talet på timar er oppgitt rett i a-meldinga tidlegare.
A-meldingar for mai, juni og juli (inga endring) |
|||
Mai | Juni | Juli | |
Timelønn | 37 500 | 37 500 | 37 500 |
Talet på timar | 37,5 | 37,5 | 37,5 |
Forskotstrekk | - 11 250 | - 11 250 | - 11 250 |
A-melding for august |
||
August | August | |
Timelønn | 37 800 | 900 |
Talet på timar | 37,5 | 0 |
Forskotstrekk | - 11 610 |
Unnatak frå hovudregelen
Somme ytingar frå pensjon eller trygd følgjer ikkje hovudregelen for etterbetaling som er skildra ovanfor.
Dersom ein skal føre opp etterbetalinga på ein annan måte, er dette forklart på sida til kvar einskild yting. Sjå kvar einskild yting for pensjon og trygd.
Feil i forskotstrekk
Har du trekt for mykje eller for lite i forskotstrekk, kan du sjå rette feil under forskotstrekk.