Fagforeiningskontingent
Gjeld frådrag for fagforeiningskontingent.
Kort om fagforeiningskontingent
Før opp frådrag for fagforeiningskontingent når kontingenten er:
- trekt i lønna til arbeidstakaren eller
- betalt direkte av arbeidstakaren til fagforeininga, og arbeidstakaren dokumenterer dette for arbeidsgivaren
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | - x kroner |
Frådragsnemning | sjå nedanfor |
Beløp
Før opp bruttobeløpet som er trekt frå lønn og andre ytingar, eller som er betalt av arbeidstakaren.
Du skal føre opp eit negativt beløp.
Du kan berre føre opp eit positivt beløp for «fagforeiningskontingent» dersom du skal rette opp i ei tidlegare a-melding.
Frådragsnemning
Oppgi ei av desse nemningane:
- Fagforeiningskontingent
- Fagforeiningskontingent Svalbard
- Fagforeiningskontingent Jan Mayen og bilanda i Antarktis
Du skal bruke nemninga «Fagforeiningskontingent Svalbard» eller «Fagforeiningskontingent Jan Mayen og bilanda i Antarktis» dersom arbeidstakaren kjem inn under lønnstrekkordninga på Svalbard eller Jan Mayen. Nemninga inngår ikkje i grunnlag for utrekning av lønnstrekk.
Kva med forskotstrekket
Når du skal rekne ut forskotstrekk, skal du redusere utrekningsgrunnlaget med fagforeiningskontingent som er trekt i arbeidstakaren si lønn.
Når arbeidstakaren betaler direkte
Når arbeidstakaren har betalt fagforeiningskontingent direkte til foreininga, skal du også redusere utrekningsgrunnlaget for forskotstrekk med fagforeiningskontingenten.
Den frådragsgivande delen av årskontingenten skal kome til frådrag med ein forholdsmessig del ved kvar ordinære lønnsutbetaling.
Kva med arbeidsgivaravgifta
Du skal ikkje redusere grunnlaget for arbeidsgivaravgift.
Når skal du rapportere
Før opp frådraget den månaden du har trekt beløpet, eller den månaden arbeidstakaren dokumenterer at kontingenten er betalt direkte til fagforeininga.
For fagforeiningar
Fagforeiningar er ikkje opplysningspliktige for fagforeiningskontingent som er betalt til foreininga, og skal difor ikkje rapportere dette i a-meldinga.
Fagforeiningar kan rapportere kontingent som:
- medlemmer har betalt direkte til fagforeininga og
- er dekt og betalt inn av medlemmen sin arbeidsgivar utan trekk i lønn
Dette skal ein deretter sende som filvedlegg i Altinn.
Rette feil
MAGNET_EDAG-265 |
Du rettar opp ved å sende ei erstatningsmelding med rett beløp og nemning for den kalendermånaden som inneheld feilen.
Tasta feil beløp
Dersom du har trekt rett beløp, men tasta feil i a-meldinga, må du rette opp for den kalendermånaden som inneheld feil eller manglar.
- Har du rapportert eit for høgt beløp, fører du opp differansen med positivt forteikn og inkluderer nemninga av frådraget frå den opphavlege a-meldinga.
- Har du rapportert eit for lågt beløp, fører du opp differansen med negativt forteikn og inkluderer nemninga av frådraget frå den opphavlege a-meldinga.
Du kan òg rette opp ved å sende ei erstatningsmelding med rett beløp og nemning for den kalendermånaden som inneheld feilen.
Gitt feil nemning
Dersom du har ført opp rett beløp, men med feil frådragsnemning, må du rette i a-meldinga for den kalendermånaden som inneheld feil eller manglar.
- Før opp beløpet med positivt forteikn og inkluder nemninga av frådraget frå den opphavlege a-meldinga.
- Før deretter opp beløpet på nytt med negativt forteikn og rett nemning.
Du kan òg rette opp ved å sende ei erstatningsmelding med rett beløp og nemning for den kalendermånaden som inneheld feilen.
Dersom du nyttar eit lønnssystem, kontaktar du systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Kva brukar vi opplysningane til
Skatteetaten brukar opplysningane til å gi rett frådrag. Beløpet blir overført til skattemeldinga.
Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.