Hopp til hovedinnhold
  • Kontakt oss
  • Endre skriftstorleik

    Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
    Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

  • Nynorsk
    • Bokmål
    • English
    • Nynorsk
  • Logg inn
  • Logg ut
Startside til skatteetaten
Startside til skatteetaten
Til a-meldinga

Rettleiinga til a-meldinga

Lukk Søk
Rettleiinga til a-meldinga

Innholdsmeny

Framsida av rettleiinga
  • Feilmeldingar (MAGNET/EDAG) og tilbakemelding Liste over feilmeldingar, tilbakemelding og korleis rette feil
    • Oversikt over feilmeldingar (MAGNET/ EDAG) Alvorsgrad og korleis rette feil
    • Tilbakemelding Kva er ei tilbakemelding
    • Erstatningsmelding eller ny a-melding To måtar å sende a-melding på når du skal rette
  • Organisasjonsnummer Arbeidsgivar, pensjonsselskap eller andre du sender a-meldinga for
    • Juridisk organisasjonsnummer og organisasjonsnummer for verksemder Kva for nummer skal du bruke når du sender a-meldinga
    • Organisasjonsledd i offentleg sektor Gjeld offentleg sektor
  • Pensjonsinnretning (obligatorisk tenestepensjon) Private arbeidsgivarar skal oppgi pensjonsselskap eller pensjonskasse dei har inngått avtale om sparing med
  • Fødselsnummer, D-nummer eller internasjonal ID (inntektsmottakar) Identifiser tilsette, pensjonistar og andre som tek imot lønn og ytingar
  • Arbeidsforholdet Type arbeidsforhold, start og sluttdato, permisjon, byte lønnssystem med meir
    • Type arbeidsforhold Om arbeidsforholdet er ordinært, maritimt eller anna og korleis endre om noko er feil
      • Ordinært arbeidsforhold Tilsett som tek imot lønn (gjeld dei aller fleste)
      • Maritimt arbeidsforhold Tilsett som jobbar til sjøs, på fartøy eller flyttbar innretning
      • Unnatak for ordinære og maritime arbeidsforhold Døme på når du ikkje treng å gi opp opplysningar om ordinært eller maritimt arbeidsforhold.
      • Pensjon eller andre ytingar Person som tek imot pensjon eller andre ytingar utan å vere tilsett eller i oppdrag
      • Frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar Person som jobbar på oppdrag utan å vere tilsett
      • Vel rett arbeidsforhold Når du er usikker på kva for eit arbeidsforhold du skal velje
      • Endre type arbeidsforhold Døme på korleis du byter frå eitt arbeidsforhold til eit anna
    • Opplysningar om arbeidsforholdet Start og sluttdato, stillingsprosent, permisjon og andre opplysningar
      • Startdato på arbeidsforhold
      • Sluttdato på arbeidsforhold
      • Årsak til sluttdato
      • Stillingsprosent
      • Datoen stillingsprosenten blei endra
      • Timar per veke for full stilling
      • Arbeidstidsordning
      • Datoen lønna blei endra
      • Tilsetjingsform (fast og mellombels)
      • Lønnsansiennitet
      • Lønnstrinn
      • Yrkeskode
      • ArbeidsforholdsID
      • Permisjon
      • Permittering
      • Avlønningstype
    • Særskilde forhold Byte lønnssystem, fusjon, oppkjøp, kommunesamanslåing og meir
      • Arbeidsforhold ved lønn til tilsette som har slutta
      • Byte lønnssystem
      • Byte jobb hjå same arbeidsgivar
      • Fisjon
      • Fusjon
      • Oppkjøp, eigarskifte eller overdraginga av verksemd
      • Kommune- og fylkessamanslåing
  • Lønn og ytingar Kontantyting, utgiftsgodtgjersle, naturalytingar,trygd, pensjon med meir
    • Oversikt over lønn og andre ytingar Nemningar for lønn og andre ytingar du kan bruke
    • Rette feil i lønn og ytingar Feil beløp eller nemning, utbetalt for mykje eller for lite
  • Frådrag Fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar og andre frådrag
    • Fagforeiningskontingent
    • Premie til pensjonsordningar
    • Premie til utanlandske pensjonsordningar
    • Premiar til fond og trygd
    • Brakkeleige
  • Forskotstrekk Korleis ein skal føre opp trekkplikt, rekne ut og betale forskotstrekk
  • Utleggstrekk Korleis oppgi utleggstrekk, rekne ut og betale utleggstrekk
  • Arbeidsgivaravgift og finansskatt Korleis rekne ut, kva du skal føre opp og betale
    • Arbeidsgivaravgift Utrekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Ekstra arbeidsgiveravgift på lønnsinntekt over 750 000 kroner Berekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Finansskatt på lønn Gjeld finans- og forsikringssektoren
  • Særskilde grupper Utland, sjøfolk, skattefri organisasjon, kjeldeskatt på pensjoner, nettolønn, Jan Mayen og Svalbard
    • Utland Utanlandske arbeidsgivarar med oppdrag i Noreg
    • Utanlandsforhold Norske arbeidsgivarar med tilsette i utlandet
    • Særskilt frådrag for sjøfolk For sjøfolk som har krav på eit eige frådrag
    • Skattefrie organisasjonar Korleis ein skal føre opp lønn og ytingar for tilsette i skattefrie organiasjonar
    • Kjeldeskatt på pensjonar Skatt på pensjon til personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg
    • Nettolønn For arbeidsgivar som har tilsette med nettolønn
    • Jan Mayen og dei norske bilanda i Antarktis For personar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova
    • Svalbard For personar som kjem inn under Svalbardskattelova
  1. Rettleiinga til a-meldinga
  • Del
    • Facebook
    • Twitter
    • LinkedIn
  • Skriv ut

Utleggstrekk i a-meldinga

  • Oppdatert: 15.02.2021

Gjeld utleggstrekk for den enkelte inntektsmottakar og utleggstrekk å betale totalt for arbeidsgivar.

    Nytt frå 2021

    Frå 2021 skal du oppgi utleggstrekk for skattekrav lagt ned av Skatteetaten i a-meldinga. Opplys i a-meldinga om kor mykje du har trekt i utleggstrekk på den enkelte inntektsmottakar og kor mykje du skal betale i utleggstrekk.

    Kort om utleggstrekk

    Dersom skatte- eller avgiftskrav ikkje blir betalte til rett tid, kan skattekontoret påleggje arbeidsgivaren å utføre trekk i lønnsutbetalinga eller liknande til den tilsette.

    Ved utleggstrekk som er lagt ned av Skatteetaten, skal arbeidsgivarar som pliktar å ha skattetrekkskonto, følgje reglane som gjeld for oppgjer osv. for forskotstrekk, og rapportere opplysningane om gjennomført utleggstrekk i a-meldinga.

    Utleggstrekket skal gjennomførast ved sida av forskotstrekket. Trekket skal utførast i samsvar med det mottekne pålegget når du utbetaler eller på annan måte gir oppgjer for lønn eller anna godtgjersle eller yting.

    Opplys i a-meldinga om kor mykje du har trekt i utleggstrekk på den enkelte inntektsmottakar og kor mykje du skal betale i utleggstrekk.

    Beløpet du oppgir å betale, skal vere lik summen av utleggstrekka for alle inntektsmottakarar.

    Les meir om utleggstrekk

    Les meir om gjennomføring av utleggstrekk

     

    Unntak

    Utleggstrekk som er lagt ned i utbetalingar til sjølvstendig næringsdrivande eller andre ytingar det ikkje skal utførast forskotstrekk i, skal ikkje rapporterast i a-meldinga. Tilsvarande gjeld for private arbeidsgivarar og velgjerds- eller allmennyttige institusjonar eller organisasjonar som er omfatta av forenkla oppgjersordning, jf. a-opplysningsforskrifta § 3-1 andre ledd. I desse tilfella blir utleggstrekk rapportert i eit særskilt oppgjersskjema.

    Utleggstrekk som er lagt ned for å dekkje enkelte krav, er unnatekne rapportering i a-meldinga. Dette gjeld mellom anna krav på meirverdiavgift, særavgifter, toll og petroleumsskatt. Du finn ei utfyllande oversikt over unnatekne kravtypar i skattebetalingsforskrifta § 14-5-11.

     

    Utleggstrekk for den enkelte inntektsmottakar

    Du skal oppgi gjennomført utleggstrekk for den enkelte inntektsmottakar. Skattekontoret reknar ut storleiken på trekket og bestemmer i kva periode trekket skal gjennomførast. Trekket kan vere eit fast månadleg beløp eller ein bestemt prosent av lønna.

    Legg inn beløpet med minusteikn.

    Dette skal du oppgi i a-meldinga:
    Beløp utleggstrekk -  x kroner

     

    Døme

    Sofie har eit utleggstrekk på 15 prosent. Arbeidsgivar skal gjennomføre trekket i bruttogodtgjersla, ved sida av forskotstrekket i a-meldinga for januar.

     

    A-melding for januar:
    Fastlønn 55 000
    Overtid 5 000
    Trekkfri bilgodtgjerlse 4 000
    Forskotstrekk - 20 000
    Utleggstrekk ((grunnlag 60 000 kr) - 9 000

     

     

    Sum utleggstrekk å betale

    Summen av gjennomført utleggstrekk skal leggjast inn som eiga opplysning i a-meldinga. Beløpet skal vere likt det som er trekt og oppgitt for alle inntektsmottakarar og verksemder i den aktuelle a-meldinga.

    Dette er samstundes beløpet du skal betale, og skal fyllast ut som positivt beløp.

     

    Korleis skal du rekne ut utleggstrekket der det er lagt ned eit prosenttrekk

    Ved nedlegging av prosenttrekk skal arbeidsgivar rekne ut omfanget av trekket ut frå bruttolønna.

    Utleggstrekk blir rekna ut frå same grunnlag som forskotstrekket.

    Reglane om trekkfritak for éin månad om sommaren og for ein halv månad før jul gjeld ikkje utleggstrekk.

     

    Når skal du rapportere

    Du skal opplyse om utleggstrekk i a-meldinga kvar månad du har utført trekk.

     

    Betaling

    Arbeidsgivarar skal på eige initiativ betale utleggstrekk. Første frist for kalenderåret er 15. mars og deretter den 15. annankvar månad. Når du skal betale utleggstrekket, må du summere beløpa for dei to føregåande månadene.

     

    Rette feil

    MAGNET_EDAG-280
    Ugyldig beløp
    MAGNET_EDAG-293
    Ugyldig verdi
    MAGNET_EDAG-294
    Feil i utleggstrekk
    MAGNET_EDAG-295
    Oppgitt utleggstrekk å betale er feil

    Ved feil i utleggstrekket denne terminen, skal utleggstrekket og a-meldinga korrigerast på den kalendermånaden som inneheld feilen.

    Ved feil i utleggstrekk som gjeld tidlegare terminar, avklar ein eventuell korreksjon av utleggstrekk og a-melding nærare med Skatteetaten. Bruk kontaktskjema RF-1306, oppgi referansen i det mottekne trekkpålegget og forklar kva saka gjeld.

     

    Det er trekt for mykje utleggstrekk

    Rett opp dersom utleggstrekket ved ein feil har blitt rekna ut for høgt, eller dersom det har blitt trekt i ei godtgjersle eller yting som ikkje er omfatta av trekkpålegget.

    Slik rettar du

    1. Betal tilbake til inntektsmottakaren det du har trekt for mykje.
    2. Rett utleggstrekket i a-meldinga for kalendermånaden som inneheldt feil trekk. Ved bruk av lønnssystem kan du sjekke med systemleverandøren din dersom du er usikker på korleis du rettar i systemet.
    3. Du får trekket tilbakebetalt frå Skatteetaten.
    4. Ikkje gjer endringar i a-meldinga dersom du ikkje betaler tilbake. Inntektsmottakaren må kontakte Skatteetaten for å få tilbakebetalt det som er trekt for mykje.

    Døme – tilbakebetaling av utleggstrekk

    Janne har eit utleggstrekk på 30 prosent. Arbeidsgivar har ved ein feil rekna ut utleggstrekket av den trekkfrie bilgodtgjersla.

    A-melding for januar
    Opphavleg

    Fastlønn   60 000
    Trekkfri bilgodtgjerlse   4 000
    Forskotstrekk - 20 000
    Utleggstrekk - 19 200

    Arbeidsgivar oppdagar feilen, betaler 1 200 kroner til Janne og sender ny a-melding for januar.

    A-melding for januar

    Utleggstrekk  1 200

    Samla utleggstrekk for Janne i januar: 18 000 kroner.

     

    Kva bruker vi opplysningane til

    Skatteetaten bruker opplysningane til å krevje inn og kontrollere gjennomført utleggstrekk.

     

    Aktuelt regelverk

    • A-opplysningsloven

    • A-opplysningsforskriften

    • Skattebetalingsloven §14-4

    • Skattebetalingsforskriften § 14-4

    • Skattebetalingsforskriften § 14-5

     

    Til toppen

    Desse samarbeider om a-meldinga:

     

    Logo NAV
    Logo Statistisk Sentralbyrå
    Logo Skatteetaten
    footer/desktop/standard
    Skatteetaten. Logo
    Satser
    Skjema og tjenester
    Sámegiel skovit