Nettolønn
Gjeld når tilsette har inngått ein avtale om fast netto utbetalt lønn og arbeidsgivar har forplikta seg til å betale skatten for den tilsette.
Kort om skatte- og avgiftsregelen
I somme tilfelle skal arbeidsgivaren dekkje skatt av arbeidstakaren si avtalte lønn eller andre ytingar. Dette kallar vi nettolønn og det inneber at arbeidsgivaren betaler skatten for arbeidstakaren.
Arbeidsgivaren er då forplikta til å rapportere bruttolønn. Det er òg arbeidsgivaren som har ansvaret for at bruttolønna blir rett utrekna (oppgrossing), når ein praktiserer nettolønnsordningar.
Både arbeidstakarar som jobbar i Noreg og i utlandet kan ha nettolønn. Rapportering av nettolønn for arbeid utført i utlandet skil seg frå rapportering av nettolønn for arbeid utført i Noreg.
Sjå utfyllande informasjon om nettolønn.
Sjå retningslinjer for oppgrossing av nettolønn for arbeid utført i utlandet
Ytingar som skatte- og avgiftsregelen gjeld for
For arbeidstakarar med nettolønn skal du markere lønn og andre ytingar dette gjeld med «Nettolønn» i a-meldinga.
Sjå oversikta over ytingar som skatte- og avgiftsregelen nettolønn gjeld for
Nettolønn for sjøfolk
Somme arbeidstakarar med nettolønnsavtale har òg krav på eit særskilt frådrag for sjøfolk.
For slike arbeidstakarar skal du markere lønn og andre ytingar dette gjeld med «Nettolønn for sjøfolk» i a-meldinga. Du skal ikkje bruke beskrivelsen “Nettolønn for sjøfolk” dersom arbeidstakaren ikkje har rett til, eller det er usikkert om vedkommande har rett til, særleg frådrag for sjøfolk
Sjå oversikta over ytingar som skatte- og avgiftsregelen nettolønn for sjøfolk gjeld for
Ønskjer du meir informasjon om det særskilde frådraget for sjøfolk, kan du sjå ei eiga temaside
Kva brukar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningar om lønn og ytingar til å rekne ut dagpengar og for å kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot.
Skatteetaten nyttar opplysningane til å rekne ut og kontrollere kva inntektsmottakaren skal betale i skatt. Opplysninga Nettolønn for sjøfolk blir òg nytta til å gi inntektsmottakaren frådrag som gjeld for sjøfolk.
Statistisk sentralbyrå (SSB) nyttar opplysningane til statistikkføremål.