Hopp til hovedinnhold
  • Kontakt oss
  • Endre skriftstorleik

    Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
    Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

  • Nynorsk
    • Bokmål
    • English
    • Nynorsk
  • Logg inn
  • Logg ut
Startsida til Skatteetaten
Startsida til Skatteetaten
Til a-meldinga

Rettleiinga til a-meldinga

Lukk Søk
Rettleiinga til a-meldinga

Innholdsmeny

Framsida av rettleiinga
  • Feilmeldingar (MAGNET/EDAG) og tilbakemelding Liste over feilmeldingar, tilbakemelding og korleis rette feil
    • Oversikt over feilmeldingar (MAGNET/ EDAG) Alvorsgrad og korleis rette feil
    • Tilbakemelding Kva er ei tilbakemelding
    • Erstatningsmelding eller ny a-melding To måtar å sende a-melding på når du skal rette
  • Organisasjonsnummer Arbeidsgivar, pensjonsselskap eller andre du sender a-meldinga for
    • Organisasjonsnummer for hovedeininga og organisasjonsnummer for undereiningar Kva for nummer skal du bruke når du sender a-meldinga
    • Organisasjonsledd i offentleg sektor Gjeld offentleg sektor
  • Pensjonsinnretning (obligatorisk tenestepensjon) Private arbeidsgivarar skal oppgi pensjonsselskap eller pensjonskasse dei har inngått avtale om sparing med
  • Fødselsnummer, D-nummer eller internasjonal ID (inntektsmottakar) Identifiser tilsette, pensjonistar og andre som tek imot lønn og ytingar
  • Arbeidsforholdet Type arbeidsforhold, start og sluttdato, permisjon, byte lønnssystem med meir
    • Type arbeidsforhold Om arbeidsforholdet er ordinært, maritimt eller anna og korleis endre om noko er feil
      • Ordinært arbeidsforhold Tilsett som tek imot lønn (gjeld dei aller fleste)
      • Maritimt arbeidsforhold Tilsett som jobbar til sjøs, på fartøy eller flyttbar innretning
      • Unnatak for ordinære og maritime arbeidsforhold Døme på når du ikkje treng å gi opp opplysningar om ordinært eller maritimt arbeidsforhold.
      • Pensjon eller andre ytingar Person som tek imot pensjon eller andre ytingar utan å vere tilsett eller i oppdrag
      • Frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar Person som jobbar på oppdrag utan å vere tilsett
      • Vel rett arbeidsforhold Når du er usikker på kva for eit arbeidsforhold du skal velje
      • Endre type arbeidsforhold Døme på korleis du byter frå eitt arbeidsforhold til eit anna
    • Opplysningar om arbeidsforholdet Start og sluttdato, stillingsprosent, permisjon og andre opplysningar
      • Startdato på arbeidsforhold
      • Sluttdato på arbeidsforhold
      • Årsak til sluttdato
      • Stillingsprosent
      • Datoen stillingsprosenten blei endra
      • Timar per veke for full stilling
      • Arbeidstidsordning
      • Datoen lønna blei endra
      • Tilsetjingsform
      • Lønnsansiennitet
      • Lønnstrinn
      • Yrkeskode
      • ArbeidsforholdsID
      • Permisjon
      • Permittering
      • Avlønningstype
    • Særskilde forhold Byte lønnssystem, fusjon, oppkjøp, med meir
      • Arbeidsforhold ved lønn til tilsette som har slutta
      • Byte lønnssystem
      • Byte jobb hjå same arbeidsgivar
      • Fisjon
      • Fusjon
      • Oppkjøp, eigarskifte eller overdraginga av verksemd
      • Endringar i kommune- eller fylkesstruktur
  • Lønn og ytingar Kontantyting, utgiftsgodtgjersle, naturalytingar,trygd, pensjon med meir
    • Oversikt over lønn og andre ytingar Nemningar for lønn og andre ytingar du kan bruke
    • Rette feil i lønn og ytingar Feil beløp eller nemning, utbetalt for mykje eller for lite
  • Frådrag Fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar og andre frådrag
    • Fagforeiningskontingent
    • Premie til pensjonsordningar
    • Premie til utanlandske pensjonsordningar
    • Premiar til fond og trygd
    • Brakkeleige
  • Forskotstrekk Korleis ein skal føre opp trekkplikt, rekne ut og betale forskotstrekk
  • Utleggstrekk Korleis oppgi utleggstrekk, rekne ut og betale utleggstrekk
  • Arbeidsgivaravgift og finansskatt Korleis rekne ut, kva du skal føre opp og betale
    • Arbeidsgivaravgift Utrekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Ekstra arbeidsgiveravgift Berekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Finansskatt på lønn Gjeld finans- og forsikringssektoren
  • Særskilde grupper Utland, sjøfolk, skattefri organisasjon, kjeldeskatt på pensjoner, nettolønn, Jan Mayen og Svalbard
    • Utland Utanlandske arbeidsgivarar med oppdrag i Noreg
    • Utanlandsforhold Norske arbeidsgivarar med tilsette i utlandet
    • Nettolønn For arbeidsgivar som har tilsette med nettolønn
    • Kjeldeskatt på lønn
    • Kjeldeskatt på pensjonar Skatt på pensjon til personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg
    • Særskilt frådrag for sjøfolk For sjøfolk som har krav på eit eige frådrag
    • Skattefrie organisasjonar Korleis ein skal føre opp lønn og ytingar for tilsette i skattefrie organiasjonar
    • Svalbard For personar som kjem inn under Svalbardskattelova
    • Jan Mayen og dei norske bilanda i Antarktis For personar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova
  1. Rettleiinga til a-meldinga
  2. Arbeidsforholdet
  3. Type arbeidsforhold

Unnatak for ordinære og maritime arbeidsforhold

  • Oppdatert: 18.06.2019

I somme situasjonar treng du ikkje gi opplysningar om arbeidsforholdet. Reglane nedanfor gjeld ordinære og maritime arbeidsforhold.

    Arbeidsinntekta er under grensa for opplysningsplikt

    Dette gjeld når arbeidsinntekta er under grensa for opplysningsplikt etter skatteforvaltingsforskrifta § 7-2-1.

    Du må likevel oppgi arbeidsgivaravgift, sjølv om beløpet er under grensa for opplysningsplikt.

    Når lønnsutbetalingane til ein person er:

    • 1 000 kroner eller mindre i løpet av kalenderåret

    • 6 000 kroner eller mindre i løpet av kalenderåret og gjeld arbeid knytt til heimen eller fritidsbustaden til betalaren

    • 10 000 kroner eller mindre i løpet av kalenderåret og er frå skattefrie selskap, foreiningar og institusjonar som nemnt i skattelova § 2-32 første ledd.

      Gjeld òg trekkfri utgiftsgodtgjersle på 10 000 kroner eller mindre ved innsatsen eller representasjonen eit medlem gjer for si foreining. Det same gjeld trekkfri utgiftsgodtgjersle på 10 000 kroner eller mindre som blir utbetalt til transport til og frå arrangement o.a. der organisasjonen deltek.

    • 6 000 kroner eller mindre i løpet av kalenderåret og gjeld utbetaling til verje etter verjemålslova § 30.

    • 6 000 kroner eller mindre i løpet av kalenderåret og gjeld utbetaling til representant etter utlendingslova § 98f.

    • trekkfri utgiftsgodtgjersle på 1 000 kroner eller mindre i løpet av kalenderåret.

     

    Når utbetalingane gjeld:

    • Arbeidsreise – når den samla utbetalinga i løpet av kalenderåret for dekning av arbeidsreise ikkje overstig 10 000 kroner og arbeidsgivaren er ein velgjerande eller allmennyttig institusjon eller organisasjon, og den resterande lønna og godtgjersla til inntektsmottakaren frå organisasjonen ikkje overstig 80 000 kroner.

    • Arbeidspengar av terapeutiske omsyn – når dei samla lønnsutbetalingane ikkje overstig 2 000 kroner til ein klient i løpet av kalenderåret og utbetalingane berre dreiar seg om arbeidspengar som er betalte ut frå terapeutiske omsyn utbetalt av kurstader for alkoholikarar, institusjonar for psykisk helsevern, psykisk utviklingshemma, fysisk funksjonshemma og andre liknande institusjonar.

     

    Lønnsutbetalingane til arbeidstakaren er fritekne for arbeidsgivaravgift etter føresegnene i folketrygdlova § 23-2 sjette til åttande ledd

    Du må likevel oppgi inntekta dersom ho er over grensa for opplysningsplikt.

    • Lønn for privat pass av barn som ikkje har fylt 12 år før utgangen av kalenderåret, eller som har eit særskilt behov for omsorg og pleie, er friteken for arbeidsgivaravgift. Du må føre opp inntekta når ho overstig 6 000 kroner til ein person samla i kalenderåret.

    • Lønn for arbeid i privat heim og fritidsbustad når ei slik lønn frå hushaldet ikkje overstig 60 000 kroner i kalenderåret er friteken for arbeidsgivaravgift. Du må føre opp inntekta når ho overstig 6 000 kroner til ein person samla i kalenderåret.

    • Lønn for arbeid i ein velgjerande eller allmennyttig institusjon eller organisasjon når dei samla lønnsutgiftene er inntil 800 000 kroner, og berre for lønnsutbetalingar inntil 80 000 kroner per tilsett er fritekne for arbeidsgivaravgift. Du må føre opp inntekta når ho overstig 10 000 kroner til ein person samla i kalenderåret.

     

    Arbeidstakaren er utanlandsk statsborgar i arbeid for ein internasjonal organisasjon med kontor i Noreg

    Du må likevel oppgi inntekta dersom ho er over grensa for opplysningsplikt.

     

    Arbeidstakaren skal rapporterast til Oppdrags- og arbeidsforholdsregisteret (OAR)

    Dette gjeld når arbeidstakaren skal rapporterast til Oppdrags- og arbeidsforholdsregisteret (OAR) etter skatteforvaltingslova § 7-6.

    Du må likevel oppgi inntekta dersom ho er over grensa for opplysningsplikt.

     

    Sjå òg

    Kven må levere a-melding

    Skjema og tenester

     

    Til toppen

    Desse samarbeider om a-meldinga:

     

    Logo NAV
    Logo Statistisk Sentralbyrå
    Logo Skatteetaten
    footer/desktop/standard
    Skatteetaten. Logo
    Satser
    Skjema og tjenester
    Sámegiel skovit
    Sikkerhet og personvern
    Tilgjengelighetserklæring