Yrkeskode
Bruk berre yrkeskodar frå Statistisk sentralbyrå sin yrkeskatalog. Yrkeskoden bestemmer ein ut ifrå arbeidsoppgåvene, ikkje utdanningsnivå eller stillingstype.
Kort om yrkeskode
Yrkeskode er ein 7-sifra kode som finst i yrkeskatalogen hjå Statistisk sentralbyrå (SSB).
Det er berre desse kodane frå SSB som kan nyttast. Dersom du fører opp ein kode som ikkje finst i katalogen (som til dømes 0000 000 eller 9999 999) blir a-meldinga avvist.
Yrkeskoden bestemmer ein ut ifrå dei konkrete arbeidsoppgåvene til arbeidstakaren, ikkje utdanningsnivå eller stillingstype. Det er opp til arbeidsgivar å vurdere kva for yrkeskode som er rett.
Døme
Otto er utdanna røyrleggjar, men jobbar som vaktmeister på ein skule. For Otto er koden for vaktmeister, 5163 121 rett. Ikkje koden for røyrleggjar, 7134 114.
Er det obligatorisk
Ja, du må føre opp yrkeskode for alle ordinære og maritime arbeidsforhold, og for frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar
Du skal ikkje føre opp yrkeskode dersom type arbeidsforhold er pensjon eller andre ytingar utanfor arbeidsforhold. Det siste gjeld for eksempel personar som berre mottar utgiftsgodtgjerlser.
Når skal du rapportere
Før opp yrkeskode den første gongen du rapporterer arbeidsforholdet og ta denne oppatt kvar månad til og med månaden du avsluttar arbeidsforholdet.
Yrkeskode for leiarar
Yrkeskodar for leiarar startar med 1 i første siffer. Yrkeskodar for leiarar blir nytta for tilsette som har eit breitt sett av leiaroppgåver som inneber fag-, personal- og økonomiansvar. Berre fagleg leiing er ikkje nok. Om du har få ansatte og det meste av tida til leiaren går med til å delta i produksjonen, skal du ikkje bruke yrkeskode for leiar. Bruk da yrkeskode for den aktuelle arbeidsoppgåven.
Døme
Nora jobbar som ferskvaresjef i ein butikk. For Nora er koden 5221 135 «ferskvaresjef» eller 5221 102 «avdelingssjef (butikk)» rett.
Per har eiget snekkerfirma organisert som eit AS utan ansatte. Han gjer opp yrkeskode 7421118 Snekker på seg sjølv.
Fleire arbeidsoppgåver i eitt arbeidsforhold
Dersom eitt arbeidsforhold består av fleire arbeidsoppgåver, skal du føre opp yrkeskoden som gjeld dei arbeidsoppgåvene den tilsette jobbar mest med. Er delane like store, vel du koden med det lågaste talet.
Byte av arbeidsoppgåver
Dersom ein tilsett har bytt arbeidsoppgåver sidan du sist sende a-melding og du skal endre yrkeskode, fører du opp ny yrkeskode frå og med månaden den tilsette bytte arbeidsoppgåver.
Rette feil
MAGNET_EDAG-115 Ugyldig yrkeskode |
MAGNET_EDAG-187-4 Opplysningar om arbeidsforholdet er feil |
MAGNET_EDAG-187-7 Det manglar opplysningar om arbeidsforholdet |
MAGNET_EDAG-273 Det manglar opplysningar om arbeidsforholdet |
MAGNET_EDAG-281 Det manglar opplysningar om arbeidsforholdet |
MAGNET_EDAG-291 Det manglar opplysningar om arbeidsforholdet |
Har du ført opp feil yrkeskode og ikkje fått feilmelding på dette i tilbakemelding (A03), kan du rette feilen i neste a-melding. Du treng ikkje endre tidlegare innsende a-meldingar.
Døme
Emma jobbar som snikkarlærling i eit byggjefirma. Ho blei ved ein feil oppgitt med yrkeskode 7242 126 Produktansvarleg (alarmanlegg) i månadene frå januar til juni.
I juni oppdagar byggjefirmaet at koden for snikkarlærling er 7421 126. Dei må føre opp den rette koden frå og med a-meldinga for juli.
Dersom du nyttar eit lønnssystem, kontaktar du systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Kva nyttar vi opplysningane til
Statistisk sentralbyrå (SSB) nyttar opplysningane i statistikk. Yrkeskode er ein viktig variabel når ein forhandlar om lønn eller arbeider med å redusere sjukefråværet og betre arbeidsmiljøet.
NAV nyttar opplysningane i statistikk og også når dei trekkjer ut ulike yrkesgrupper.
Opplysningar om yrkeskode blir overførte til Aa-registeret. NAV distribuerer opplysningar om arbeidsforhold frå Aa-registeret til private og offentlege aktørar som har lov til å ta imot dei. Døme på dette er Skatteetaten og Arbeidstilsynet.