Det manglar opplysningar om arbeidsforholdet
F281 / MAGNET_EDAG-281
Kvifor denne feilmeldinga
Det manglar obligatoriske opplysningar om eit arbeidsforhold av typen frilansar.
Feilmeldinga kjem av at du har:
- gløymt å gi opplysningar om yrkeskode
- gløymt å opplyse om startdato
- oppgitt feil type arbeidsforhold
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld feil eller manglar du må rette opp.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad:Omgåande
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Finn opplysningar om yrkeskoden eller startdatoen som manglar og før opp rett yrkeskode.
- Yrkeskoden er ein 7-sifra kode som finst i yrkeskatalogen hjå Statistisk sentralbyrå (SSB)
- Dersom du har ført opp feil type arbeidsforhold, må du endre til rett type.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, må du ta kontakt med systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme
Eit medieselskap sender a-melding for mai med opplysningar om Knut som arbeider som frilansfotograf hjå dei.
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-281 fordi opplysning om yrkeskode manglar på Knut sitt arbeidsforhold som frilansar.
Medieselskapet fører opp yrkeskoden for Knut: | |
Yrkeskode | 7342 114 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.