Forskotstrekk i a-meldinga
Kva for opplysningar du skal oppgi om forskotstrekk på kvar einskild inntektsmottakar og gjennomført forskotstrekk.
Kort om forskotstrekk
Som arbeidsgivar er du ansvarleg for å rekne ut og gjennomføre forskotstrekk.
I a-meldinga skal du gi opplysningar om kor mykje du skal betale i forskotstrekk, og kor mykje du har trekt i forskotstrekk på kvar einskild inntektsmottakar.
Beløpet du oppgir å betale skal vere lik summen av forskotstrekka for alle inntektsmottakarane.
Sjå òg generell informasjon om forskotstrekk
Du skal markere lønn og andre ytingar
Når du fører opp lønn og andre ytingar i a-meldinga, skal du markere om dei er trekkpliktige eller ikkje.
Dette gjer du ved å markere:
- «ja» for trekkplikt
- «nei» for ikkje trekkplikt
Du finn ein nærare omtale av trekkplikt på kvar einskild lønn og andre ytingar.
I dei fleste lønnssystem blir dette markert automatisk når du vel type lønn eller andre ytingar for beløpa du oppgir.
Markering er ikkje det same som gjennomført trekk
Når du markerer trekkplikt, seier ikkje dette noko om at du faktisk har gjennomført trekk i ytinga, berre om ho er trekkpliktig eller ikkje.
Det kan vere ytingar som vanlegvis er trekkpliktige, men der du likevel ikkje gjennomfører trekket i ytinga.
Dette gjeld til dømes:
- når ein betaler ut feriepengar i ferieåret (trekkfritak gjeld ikkje ved kjeldeskatt på lønn)
- når inntektsmottakaren har frikort
- ved minstegrenser for forskotstrekk
- når ein betaler ut pensjon i desember (ikkje pensjonar med kjeldeskatt)
Forskotstrekk for kvar einskild inntektsmottakar
Du skal føre opp gjennomført forskotstrekk for kvar einskild inntektsmottakar. I somme tilfelle skal du òg føre opp ei nemning.
Du skal føre opp beløpet med minusteikn.
Nemning for forskotstrekk
Gjeld dei fleste typar lønn og ytingar og trygdeavgift for arbeidstakarar som ikkje blir skattlagde i Noreg. Skattetrekk til utanlandsk arbeidstakar med kjeldeskatt på lønnsinntekt gjer du óg opp her.
Dette skal du føre opp i a-meldingen: | ||
Beløp | - | x kroner |
Du skal ikkje gi noko nemning ordinært forskotstrekk.
Gjeld når du har gjort forskotstrekk i ytingane:
- barnepensjon frå folketrygda frå 2024
- barnepensjon frå andre enn folketrygda frå 2024
- IPA eller IPS barnepensjon frå 2024
Dette skal du føre opp i a-meldinga: | |
Beløp | - x kroner |
Nemning | barnepensjon |
Gjeld forskotstrekk knytt til ytingar som er markerte med skatte- og avgiftsregelen "kjeldeskatt på pensjonar". Ikkje bruk denne for ansatte med kjeldeskatt på lønn.
Dette skal du føre opp i a-meldinga: | ||
Beløp | - | x kroner |
Nemning | kjeldeskatt på pensjon |
Gjeld trekt skatt og trygdeavgift knytt til ytinga som er markerte med skatte- og avgiftsregelen "Svalbard".
Her finn du satsane som gjeld for lønnstrekk og trygdeavgift til Svalbard.
Dette skal du føre opp i a-meldinga: | ||
Beløp | - | x kroner |
Nemning | Svalbard |
Gjeld trekt skatt og trygdeavgift knytt til ytinga som er markerte med skatte- og avgiftsregelen «Jan Mayen og bilandene». Du skal dele opp trekt skatt og trygdeavgift i to beløp.
Her finn du satsane som gjeld for trekt skatt og trygdeavgift til Jan Mayen og bilandane.
Dette skal du føre opp i a-meldingen: | ||
Trekt skatt: | ||
Beløp | - | x kroner |
Nemning | Jan Mayen og bilanda | |
Trygdeavgift: |
||
Beløp | - | x kroner |
Nemning | betalt trygdeavgift til Jan Mayen |
Sum forskotstrekk å betale
Du skal føre opp summen av gjennomført forskotstrekk som ei eiga opplysning i a-meldinga. Beløpet skal vere likt det som er trekt og oppgitt for alle inntektsmottakarane og verksemder i den aktuelle a-meldinga.
Dette er også beløpet du skal betale, og du skal føre det opp som eit positivt beløp.
Kva skal med i forskotstrekket
- Trekkpliktig lønn og andre ytingar
Trekkpliktige kontantytingar
Gjeld trekkpliktige kontantytingar som til dømes lønn og pensjon.
Trekkpliktige naturalytingar
Gjeld trekkpliktige naturalytingar som til dømes elektronisk kommunikasjon, bil og bustad.
For naturalytingar skal du gjennomføre forskotstrekk så langt dei kontante ytingane rekk. Er forskotstrekket høgare enn dei kontante ytingane, skal du melde frå til skattekontoret. Skattekontoret skriv då ut forskotsskatt til inntektsmottakaren. Denne skal dekkje forventa skatt på naturalytinga.
Trekkpliktig utgiftsgodtgjersle
Gjeld trekkpliktig utgiftsgodtgjersle som til dømes overskot på utgiftsgodtgjersle og private utgifter. - Nokon ytingar som ikkje er trekkpliktige
Dersom du gjer trekk i ei ytingar som ikkje er trekkpliktig skal du føre opp beløpet som forskotstrekk, sjølv om ytinga er markert med «Nei» for trekkplikt.
Dette gjeld til dømes somme regulativ- og tariffbestemte godtgjersler og godtgjersler etter Skattedirektoratet sine forskotssatsar. - Trekkpliktige ytingar du ikkje fører opp i a-meldinga
Dersom du gjer trekk i ytingar som du ikkje skal føre opp i a-meldinga, skal du føre opp trekket som forskotstrekk.
Dette gjeld til dømes for lønn og ytingar under grensa for opplysningsplikt, eller kor det er føretekeforskottstrekk i ytingar som rapporterast i andre ordningar utanfor a-ordninga.
Sjå òg korleis du reknar ut grunnlaget for forskotstrekk
Kva skal ikkje med i forskotstrekket
- Naturalytingar i utlandet
Gjeld forskotstrekk i naturalytingar til inntektsmottakarar som verken er busett i Noreg eller mellombels oppheld seg her når dei får ytinga, og ytinga er for arbeid i teneste utført i utlandet. - Trygdeavgift utland
Gjeld trekk av trygdeavgift som skal betalast til NAV Medlemskap og avgift som forskotstrekk. - Trekkpliktige ytingar frå skattefrie selskap, foreiningar og institusjonar som ikkje overstig 10 000 kroner
Gjeld når summen av alle dei trekkpliktige ytingane til ein inntektsmottakar ikkje overstig 10 000 kroner i løpet av eit kalenderår. Betaler du meir enn 10 000 kroner, går heile beløpet inn i berekningsgrunnlaget for forskotstrekk. - Forskotstrekk som ikkje overstig 100 kroner
Når forskotstrekket for ein inntektsmottakar ikkje utgjer meir enn 100 kroner i kalendermånaden. - Trekkpliktige ytingar som ikkje overstig 500 kroner
Når summen av alle dei trekkpliktige ytingane til ein inntektsmottakar ikkje overstig 500 kroner i kalendermånaden. - Trekkpliktige ytingar som ikkje overstig 1000 kroner
Når summen av alle dei trekkpliktige ytingane til ein inntektsmottakar ikkje overstig 1 000 kroner i inntektsåret.
Når skal du rapportere
Du skal gi opplysningar om forskotstrekk i a-meldinga kvar månad du har gjennomført eit trekk.
Betaling
Arbeidsgivarar skal på eige initiativ betale forskotstrekk. Første frist for kalenderåret er den 15. mars og deretter den 15. annankvar månad. Når du skal betale forskotstrekket, må du summere beløpa for dei to månadene.
Sjå òg utfyllande informasjon om betaling av forskotstrekk
Rette feil
MAGNET_EDAG-173 Feil i forskotstrekk |
MAGNET_EDAG-277 Oppgitt forskotstrekk å betale er feil |
MAGNET_EDAG-278 Forskotstrekk for inntektsmottakar er feil |
MAGNET_EDAG-513 |
MAGNET_EDAG-514 |
Du kan betale tilbake for mykje trekt forskotstrekk under føresetnad av dette skjer før 31. januar i året etter inntektsåret. Dette gjeld når du ikkje har høve til å rette opp i seinare trekkmidlar.
Dette kan oppstå når inntektsmottakaren til dømes har slutta eller har frikort.
Slik rettar du
- Betal tilbake det du har trekt for mykje til inntektsmottakaren.
- Rett forskotstrekket i a-meldinga for den kalendermånaden som inneheldt feil trekk. Dersom du nyttar eit lønnssystem, må du ta kontakt med systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
- Du får trekket tilbakebetalt frå Skatteetaten.
- Alternativt dersom du ikkje betaler tilbake, skal du ikkje endre i a-meldinga. Inntektsmottakaren får då trekket godskrive ved avrekning.
Døme – tilbakebetaling av trekk
Fatima slutta som butikksjef i ein blomsterbutikk førre året. I januar utbetaler blomsterbutikken 60 000 kroner i feriepengar. Ved ein feil trekkjer dei 20 000 kroner i skatt av feriepengane.
A-melding for januar |
||
Feriepengar | 60 000 | |
Forskotstrekk | - | 20 000 |
Blomsterbutikken oppdagar feilen, betaler 20 000 kroner til Fatima og sender ei ny a-melding for januar.
A-melding for januar |
|
Forskotstrekk | 20 000 |
Samla forskotstrekk for Fatima i januar: 0 kroner
Gjeld når du har utbetalt for mykje lønn og inntektsmottakaren betaler tilbake bruttobeløpet eller har inngått ein bindande avtale om tilbakebetaling. Du må retta a-meldingen på det tidspunktet som trer først inn av faktisk tilbakebetaling eller når du har inngått ein bindande avtale.
Før 2020 var praksis at endring av a-melding først skulle gjerast når feilutbetalinga faktisk var tilbakebetalt. Praksis blir frå endra 2020. Endringa er ikkje gitt tilbakeverkande kraft på eldre saker. Dette inneber at rapporteringstidspunktet er valfritt for tilbakebetalingskrav som vart endeleg stifta før januar 2020.
Slik rettar du
- Rett opp i brutto utbetalt lønn og andre ytingar for den kalendermånaden dette blei oppgitt feil.
- Du skal ikkje endre forskotstrekket. Inntektsmottakaren får trekket godskrive ved avrekning.
- Dersom feilutbetalinga gjeld fleire kalendermånader, må du rette alle dei månadene det er feil i.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga(ne). Dersom du nyttar eit lønnssystem, må du ta kontakt med systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme – brutto tilbakebetaling
Eit røyrleggjarfirma har utbetalt for høg fastlønn til Anna i januar, februar og mars. Beløpet er 5 000 kroner brutto for mykje per månad.
Røyrleggjarfirmaet oppdagar feilen i april og ber Anna betale tilbake 15 000 kroner brutto. Anna betaler tilbake, og røyrleggjarfirmaet rettar opp i a-meldinga for januar, februar og mars.
Ettersom Anna har betalt tilbake bruttobeløpet skal røyrleggjarfirmaet ikkje endre forskotstrekket. Anna får forskotstrekket godskrive ved avrekning.
Slik rettar dei feilen
A-melding for januar, februar og mars |
|||
2016 | Januar | Februar | Mars |
Fastlønn | - 5000 | - 5000 | - 5000 |
Resultat av endringa for kvar måned:
Fastlønn: 55 000 - 5 000 = 50 00
Fastlønn: 50 000 kroner
Gjeld når du har gjennomført forskotstrekk i ei feilutbetalt lønn eller anna yting og inntektsmottakaren betaler tilbake nettobeløpet eller har inngått ein bindande avtale om tilbakebetaling.
Slik rettar du
- Rett opp i brutto utbetalt lønn og andre ytingar for den kalendermånaden dette blei oppgitt feil.
- Du skal òg rette opp i (redusere) forskotstrekket du tidlegare har ført opp.
- Dersom feilutbetalinga gjeld fleire kalendermånader, må du rette alle dei månadene det er feil i.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga(ne). Dersom du nyttar eit lønnssystem, må du ta kontakt med systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme – netto tilbakebetaling
Ein restaurant har utbetalt for høg fastlønn til Ola i januar, februar og mars. Fastlønna skulle ha vore 55 000 kroner og trekket 20 000 kroner. Ved ein feil betalte dei ut 60 000 kroner i fastlønn og 21 800 kroner i trekk.
Restauranten oppdagar feilen i april og ber Ola om å betale tilbake 9 600 kroner netto. Han betaler tilbake, og restauranten rettar opp i a-meldingane for januar, februar og mars med det tilbakebetalte beløpet.
Restauranten må rette både fastlønn og forskotstrekk, ettersom Ola ikkje skal få godskrive forskotstrekka ved avrekninga. Restauranten får forskotstrekket tilbakebetalt frå Skatteetaten.
Slik rettar dei feilen
A-melding for januar, februar og mars |
|||
2016 | Januar | Februar | Mars |
Fastlønn | - 5000 | - 5000 | - 5000 |
Forskotstrekk | 1 800 | 1 800 | 1 800 |
Resultat av endringa for kvar måned:
Fastlønn: 60 000 - 5 000 = 55 000 kroner
Forskotstrekk: -21 800 + 1 800 = -20 000 kroner
Dersom du nyttar eit lønnssystem, kontaktar du systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Kva brukar vi opplysningane til
Skatteetaten brukar opplysningane til å krevje inn og kontrollere gjennomført trekk.
Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.