Hopp til hovedinnhold
  • Kontakt oss
  • Endre skriftstorleik

    Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
    Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

  • Nynorsk
    • Bokmål
    • English
    • Nynorsk
  • Logg inn
  • Logg ut
Startsida til Skatteetaten
Startsida til Skatteetaten
Til a-meldinga

Rettleiinga til a-meldinga

Lukk Søk
Rettleiinga til a-meldinga

Innholdsmeny

Framsida av rettleiinga
  • Feilmeldingar (MAGNET/EDAG) og tilbakemelding Liste over feilmeldingar, tilbakemelding og korleis rette feil
    • Oversikt over feilmeldingar (MAGNET/ EDAG) Alvorsgrad og korleis rette feil
    • Tilbakemelding Kva er ei tilbakemelding
    • Erstatningsmelding eller ny a-melding To måtar å sende a-melding på når du skal rette
  • Organisasjonsnummer Arbeidsgivar, pensjonsselskap eller andre du sender a-meldinga for
    • Organisasjonsnummer for hovedeininga og organisasjonsnummer for undereiningar Kva for nummer skal du bruke når du sender a-meldinga
    • Organisasjonsledd i offentleg sektor Gjeld offentleg sektor
  • Pensjonsinnretning (obligatorisk tenestepensjon) Private arbeidsgivarar skal oppgi pensjonsselskap eller pensjonskasse dei har inngått avtale om sparing med
  • Fødselsnummer, D-nummer eller internasjonal ID (inntektsmottakar) Identifiser tilsette, pensjonistar og andre som tek imot lønn og ytingar
  • Arbeidsforholdet Type arbeidsforhold, start og sluttdato, permisjon, byte lønnssystem med meir
    • Type arbeidsforhold Om arbeidsforholdet er ordinært, maritimt eller anna og korleis endre om noko er feil
      • Ordinært arbeidsforhold Tilsett som tek imot lønn (gjeld dei aller fleste)
      • Maritimt arbeidsforhold Tilsett som jobbar til sjøs, på fartøy eller flyttbar innretning
      • Unnatak for ordinære og maritime arbeidsforhold Døme på når du ikkje treng å gi opp opplysningar om ordinært eller maritimt arbeidsforhold.
      • Pensjon eller andre ytingar Person som tek imot pensjon eller andre ytingar utan å vere tilsett eller i oppdrag
      • Frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar Person som jobbar på oppdrag utan å vere tilsett
      • Vel rett arbeidsforhold Når du er usikker på kva for eit arbeidsforhold du skal velje
      • Endre type arbeidsforhold Døme på korleis du byter frå eitt arbeidsforhold til eit anna
    • Opplysningar om arbeidsforholdet Start og sluttdato, stillingsprosent, permisjon og andre opplysningar
      • Startdato på arbeidsforhold
      • Sluttdato på arbeidsforhold
      • Årsak til sluttdato
      • Stillingsprosent
      • Datoen stillingsprosenten blei endra
      • Timar per veke for full stilling
      • Arbeidstidsordning
      • Datoen lønna blei endra
      • Tilsetjingsform
      • Lønnsansiennitet
      • Lønnstrinn
      • Yrkeskode
      • ArbeidsforholdsID
      • Permisjon
      • Permittering
      • Avlønningstype
    • Særskilde forhold Byte lønnssystem, fusjon, oppkjøp, med meir
      • Arbeidsforhold ved lønn til tilsette som har slutta
      • Byte lønnssystem
      • Byte jobb hjå same arbeidsgivar
      • Fisjon
      • Fusjon
      • Oppkjøp, eigarskifte eller overdraginga av verksemd
      • Endringar i kommune- eller fylkesstruktur
  • Lønn og ytingar Kontantyting, utgiftsgodtgjersle, naturalytingar,trygd, pensjon med meir
    • Oversikt over lønn og andre ytingar Nemningar for lønn og andre ytingar du kan bruke
    • Rette feil i lønn og ytingar Feil beløp eller nemning, utbetalt for mykje eller for lite
  • Frådrag Fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar og andre frådrag
    • Fagforeiningskontingent
    • Premie til pensjonsordningar
    • Premie til utanlandske pensjonsordningar
    • Premiar til fond og trygd
    • Brakkeleige
  • Forskotstrekk Korleis ein skal føre opp trekkplikt, rekne ut og betale forskotstrekk
  • Utleggstrekk Korleis oppgi utleggstrekk, rekne ut og betale utleggstrekk
  • Arbeidsgivaravgift og finansskatt Korleis rekne ut, kva du skal føre opp og betale
    • Arbeidsgivaravgift Utrekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Ekstra arbeidsgiveravgift Berekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Finansskatt på lønn Gjeld finans- og forsikringssektoren
  • Særskilde grupper Utland, sjøfolk, skattefri organisasjon, kjeldeskatt på pensjoner, nettolønn, Jan Mayen og Svalbard
    • Utland Utanlandske arbeidsgivarar med oppdrag i Noreg
    • Utanlandsforhold Norske arbeidsgivarar med tilsette i utlandet
    • Nettolønn For arbeidsgivar som har tilsette med nettolønn
    • Kjeldeskatt på lønn
    • Kjeldeskatt på pensjonar Skatt på pensjon til personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg
    • Særskilt frådrag for sjøfolk For sjøfolk som har krav på eit eige frådrag
    • Skattefrie organisasjonar Korleis ein skal føre opp lønn og ytingar for tilsette i skattefrie organiasjonar
    • Svalbard For personar som kjem inn under Svalbardskattelova
    • Jan Mayen og dei norske bilanda i Antarktis For personar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova
  1. Rettleiinga til a-meldinga
  2. Arbeidsforholdet
  3. Type arbeidsforhold

Vel rett type arbeidsforhold

  • Oppdatert: 03.01.2018

Finn ut kva for eit arbeidsforhold som er rett. Valet påverkar rettane og pliktene til inntektsmottakaren, og kva for opplysningar du må oppgi i a-meldinga.

    Fire typar arbeidsforhold i a-meldinga

    I a-meldinga har vi delt inn arbeidsforhold i fire typar.

    Det er viktig at du oppgir rett type arbeidsforhold fordi det påverkar: 

    • kva for opplysningar du skal oppgi
    • rettar og plikter for både arbeidsgivar og arbeidstakar overfor Skatteetaten, NAV og andre som brukar opplysningane

    Vel mellom desse typane: 

    • Ordinært arbeidsforhold (gjeld dei fleste tilsette)
    • Maritimt arbeidsforhold
    • Frilansar, oppdragstakar, honorarpersonar med meir
    • Pensjon eller andre ytingar

     

    1. Ordinært arbeidsforhold

    Vel dette når du har tilsett ein arbeidstakar i di teneste (verksemda di) som tek imot lønn eller anna godtgjersle, jf. folketrygdlova § 1-8.

    Dette gjeld:

    • dei fleste tilsette som tek imot lønn frå ei bedrift eller ein organisasjon
    • personar på arbeidsmarknadstiltaka mellombels eller varig lønnstilskot, med lønn frå bedrifta.


    Dette gjeld ikkje:

    • dersom arbeidet blir utført til sjøs, på fartøy eller på ei flyttbar innretning som ein borerigg

    Arbeidsforholdet skal registrerast i Aa-registeret.

    Sjå meir om ordinært arbeidsforhold

     

    Døme på når du skal velje eit ordinært (eller maritimt) arbeidsforhold 

    Dei tilsette sin representant i styre

    Tilsette som får mellombels eller varig lønnstilskot
    Når arbeidsgivaren/tiltaksarrangøren betaler lønn til den tilsette og NAV dekker heile eller deler av lønna som er lønnstilskot til verksemda.

    Arbeidstakar og pensjonist
    Tilsette som får utbetalt godtgjersle både som arbeidstakar og pensjonist frå den same verksemda. Du skal oppgi dette som eit samla arbeidsforhold.
    Ekstrahjelp, vikarar osv.

     

    Døme på når du skal velje eit ordinært arbeidsforhold

    Sokkelarbeidarar på fast installasjon
    Sokkelarbeidarar som jobbar på ein fast installasjon som til dømes ein boreplattform som er montert fast.
    Støttekontaktar og avlastarar

     

    2. Maritimt arbeidsforhold

    Vel dette når du har tilsett ein arbeidstakar i di teneste (verksemda di) som tek imot lønn eller anna godtgjersle og arbeidet blir utført til sjøs, på fartøy eller på ei flyttbar innretning som ein borerigg, jf. folketrygdlova § 1-8.

    Arbeidsforholdet skal registrerast i Aa-registeret. 

    Sjå meir om maritimt arbeidsforhold

     

    Døme på når du skal velje eit maritimt (eller ordinært) arbeidsforhold

    Tilsette som får lønnstilskot
    Når arbeidsgivaren/tiltaksarrangøren betaler lønn til den tilsette og NAV yter lønnstilskot til verksemda.
    Dei tilsette sin representant i styre
    Arbeidstakar og pensjonist
    Tilsette som får utbetalt godtgjersle både som arbeidstakar og pensjonist frå den same verksemda. Oppgi dette som eit samla arbeidsforhold.
    Ekstrahjelp, vikarar osv.

     

    Døme på når du skal velje eit maritimt arbeidsforhold

    Sokkelarbeidarar som jobbar på ei flyttbar innretning/borerigg

     

    Merk!
    For sokkelarbeidarar som jobbar på ein fast installasjon som til dømes ein boreplattform som er montert fast, skal du velje ordinært arbeidsforhold.

    For fiskar og fangstmann som er teken opp i manntalet (fiskarmanntalet) skal du velje pensjon eller andre ytingar utanfor arbeidsforhold, eller ikkje oppgi type arbeidsforhold i det heile tatt.

     

    3. Frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar

    Vel dette når den som jobbar for deg utfører arbeid eller oppdrag for lønn eller anna godtgjersle utanfor teneste (ikkje tilsett).

    Dette gjeld ikkje:

    • Sjølvstendige næringsdrivande, jf. folketrygdlova § 1-9
    • Fastlegar og behandlande helsepersonell som mottar offentleg basistilskott eller driftstilskott

    Arbeidsforholdet skal registrerast i Aa-registeret. 

    Sjå meir om frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar

     

    Døme på når du skal velje frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar

    Frilansarar
    Yrkesgrupper som musikarar, tekstforfattarar, skodespelarar, journalistar og omsetjarar er ofte å rekne som frilansarar/oppdragstakarar.
    Folkevalde
    Politikarar i kommunar, fylkeskommunar og på Stortinget som får godtgjersle for politisk arbeid
    Fosterforeldre, og personar med omsorgslønn
    Lønn og anna godtgjersle for å hjelpe personar med særskilde behov eller personar med omsorgsbehov.

    Personar som har tillitsverv
    Lønn og anna godtgjersle for arbeid og dekning av utgifter i frivillige og velgjerande organisasjonar eller der ein har tillitsverv.

    Døme på tillitsverv: deltaking i bedriftsforsamlinga eller andre råd, utval og verv knytte til jobben.

    Unnatak: Tillitsvalde og medlemmer av frivillige og velgjerande organisasjonar som berre er kursdeltakarar, men som får refusjon for tapt arbeidsforteneste. Desse skal rapporterast med arbeidsforholdstype pensjonar eller andre ytingar.

    Styremedlemmer
    Personar som berre sit i styret i selskapet og ikkje er tilsette.

    Unnatak: Dei tilsette sin representant i styre. Her er den tilsette i eit ordinært eller maritimt arbeidsforhold og det skal rapporterast styrehonorar på det ordinære eller maritime arbeidsforholdet.

     

    4. Pensjon eller andre ytingar (føderåd, RF-1199)

    Vel dette når utbetalinga gjeld pensjon eller anna yting/godtgjersle til ein inntektsmottakar, der ytinga ikkje er knytt til eit arbeidsforhold etter folketrygdlova.

    Gjeld også einskilde utbetalingar til næringsdrivande. Til dømes betaling til dagmamma som passar barn i sin eigen heim.

    Arbeidsforholdet skal ikkje registrerast i Aa-registeret. 

    Sjå meir om pensjon eller andre ytingar utanfor arbeidsforhold

     

    Døme på når du skal velje pensjon eller andre ytingar 

     

    Tilsette på andre tiltak enn lønnstilskot frå NAV
    Utbetaling av lønn eller anna yting til ein person som er i arbeidsmarknadstiltak, til dømes arbeidstrening eller opplæring, blir ikkje rekna som ordinært eller maritimt arbeidsforhold. Tilsette som du mottek midlertidig eller varig lønnstilkot for skal rapporteres som ordinært eller maritimt arbeidsforhold. 
    Arbeidsforhold som verken er ordinært eller maritimt arbeidsforhold eller eit frilansar-/oppdragsforhold
    Utbetaling av pensjon eller andre ytingar til ein person som ikkje er i eit arbeidsforhold eller oppdrag hos deg, blir ikkje rekna som arbeidsforhold. Dette gjeld og for enkelte utbetalingar til næringsdrivande.
    Fiskar og fangstmann som er teken opp i manntal (fiskarmanntal)
    Utbetaling av lønn eller anna yting til ein person som er registrert hos norske styresmakter som yrkesfiskar, blir ikkje rekna som arbeidsforhold.
    Føderåd / kår
    Med føderåd (kår) meiner vi at den som sel ein landbrukseigedom har fått rett til visse inntekter for resten av levetida si som del av betalinga. Føderåd kan til dømes vere i form av kontantar, fri bustad eller kost. Du skal oppgi føderåd berre éin gong i året.

    Lottakar og reiar i stilling om bord på fiske- eller fangstfartøy
    Lott er inntektsmottakaren sin andel/part av veriden som er eller vil bli tatt opp. Personar som mottek lott blir ikkje rekna som tilsette. 

    Oppdrag til utanlandsk oppdragstakar og arbeidstakarar på oppdraget
    Oppdrag som blir utført i Noreg eller på norsk sokkel av eit utanlandsk selskap eller ein utanlandsk sjølvstendig næringsdrivande, skal registrerast i Oppdrags- og arbeidsforholdregisteret. 

    Opplysningene om arbeidsforholda skal ikkje bli gjentatt i a-meldinga. 

    Oppmuntringspengar
    Utbetaling av lønn eller anna inntekt til ein person med nedsett arbeidsevne som deltar i arbeidstreningstiltak, til dømes i eit tilrettelagt arbeid, blir ikkje rekna som arbeidsforhold.
    Pensjon
    Utbetaling av pensjon til ein person som ikkje er tilsett hos deg, blir ikkje rekna som arbeidsforhold. 
    Utbetalingar frå lønnsgarantifondet
    Konkursbu som betaler ut uteståande lønn til arbeidstakarar i eit føretak som har gått konkurs og har fått dekning frå lønnsgarantifondet.
    Lønn til tilsette som har slutta (feriepengar, etterbetalingar o.a.)
    Utbetalingar til ein person som har slutta, til dømes feriepengar, bonus eller etterbetaling av overtid, blir ikkje rekna som arbeidsforhold.

    Kursdeltakarar som får refusjon for tapt arbeidsforteneste
    Viss du er kursansvarleg og gjer ei utbetaling, til dømes lønn for tapt arbeidsforteneste eller anna godtgjersle til ein kursdeltakar som ikkje er tilsett hos deg, blir dette ikkje rekna som arbeidsforhold. Lønn (tapt arbeidsforteneste) og anna godtgjerlse som du som kursansvarlig har utbetalt skal du oppgi i a-meldingen.

    Personar som berre mottar utgiftsgodtgjerlse
    Utbetalingar av utgiftsgodtgjersla til ein person som ikkje mottar lønn, honorar eller liknande, blir ikkje rekna som arbeidsforhold.
    Personar som deltek i på introduksjonsordninga for flyktningar
    Personar som deltek i introduksjonsordninga for flyktningar reknes ikkje som arbeidsforhold. 
    Personar som er vitne i saker i domstolane
    Personar som er vitne i saker i domstolane reknes ikkje som arbeidsforhold.

    Personar som verken er tilsette eller har oppdrag for deg
    Utbetalingar til ein person som verken er tilsett eller har oppdrag for verksemda di, til dømes utbetaling av reisegodtgjersle til ein person som har vore på jobbintervju, blir ikkje rekna som arbeidsforhold.

     

    Er det obligatorisk

    Ja, det er obligatorisk å gi opplysningar om type arbeidsforhold for ordinære og maritime arbeidsforhold, og for frilansarar, oppdragstakarar og personar som tek imot honorar, med nokre unnatak.

    For pensjon og andre ytingar utanfor arbeidsforhold er det obligatorisk dersom du leverer a-melding direkte i Altinn (A01) eller frå eit lønnssystemet der du må gi opplysningar om type arbeidsforhold.

     

    Kva nyttar vi opplysningane til

    NAV nyttar opplysningar type arbeidsforhold til å skilje på ordinære og maritime arbeidsforhold. Vidare nyttar vi opplysningane til å vurdere medlemskap i folketrygda, og vi nyttar opplysningane om arbeidsforhold til å rekne ut ytingar og etterkontroll av ytingane. Gjeld til dømes sjukepengar, dagpengar og foreldrepengar.

    Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til å lage statistikkar om utviklinga i lønningar, sysselsetjing og sjukefråvær.  

    Opplysningar om ordinære, maritime arbeidsforhold og frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorarar  blir overførte til Aa-registeret. NAV distribuerer opplysningar om arbeidsforhold frå Aa-registeret til private og offentlege aktørar som har lov til å ta imot dei.  Døme på dette er Skatteetaten og Arbeidstilsynet.

     

    Aktuelt regelverk

    • A-opplysningsloven

    • A-opplysningsforskriften

    • Folketrygdloven § 1-8

    • Folketrygdloven §1-9

    • Folketrygdloven § 25-1

    • Forskrift om AA-registeret § 3

    • Statistikkloven § 10

    • Forskrift om opplysningsplikt til lønnsstatistikken

     

    Til toppen

    Desse samarbeider om a-meldinga:

     

    Logo NAV
    Logo Statistisk Sentralbyrå
    Logo Skatteetaten
    footer/desktop/standard
    Skatteetaten. Logo
    Satser
    Skjema og tjenester
    Sámegiel skovit
    Sikkerhet og personvern
    Tilgjengelighetserklæring