Lott eller part (mellom anna minstelott) til fiskar
Gjeld lott eller part til fiskar og fangstmann.
Kort om lott eller part til fiskar
Før opp lott eller part i fiske og fangst. Gjeld både månadleg forskot på lott og avrekning i samband med lottoppgjer.
Forskot
Etter tariffane skal det utbetalast eit forskot til mannskapet i kvar månad i perioden mellom lottoppgjera. Dette blir utbetalt sjølv om båten ikkje er i fiske. Forskotet blir deretter avrekna seinare i lottoppgjeret. Forskot skal du gje opp i den kalendermånaden dei utbetalast.
Lottoppgjer
I fiske- og fangstnæringa er det vanleg med lottoppgjer ein til to gongar i året. Avlønning av mannskapet kan til dømes skje i juli månad for første halvår og i desember/januar for andre halvår.
Sjå òg utfyllande informasjon om lott og part i Skatte ABC
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | kontantyting, vederlag |
Trekkplikt | ja |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | nei |
Skatte- og avgiftsregel | dersom aktuelt |
Tilleggsinformasjon: | |
Talet på dagar | x dagar |
Beløp
Før opp bruttobeløpet.
Type lønn eller yting
Før opp «kontantyting» og «vederlag».
Trekkpliktig
Ytinga skal alltid førast opp som trekkpliktig.
Du kan late vere å gjennomføre forskotstrekk dersom trekkbeløpet er under minstegrensene for forskotstrekk.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal ikkje rekne arbeidsgivaravgift av ytinga.
Skatte- og avgiftsregel
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra, skal du bruke skatte- og avgiftsregelen:
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Svalbardskattelova
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Svalbard».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til, med nemninga «Svalbard».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Svalbard, sjå fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar, premie til fond og trygd og brakkeleige.
Tilleggsinformasjon
- Talet på dagar
Før opp kor mange dagar ein har teke del i fiske eller fangst.
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp brutto månadleg forskot på lott eller part for den kalendermånaden du utbetaler beløpet.
Resultatet av lottoppgjer skal du føre opp for den kalendermånaden du faktisk gjennomfører avrekninga. Dette gjeld uansett om resultatet av lottoppgjeret er positivt eller negativt.
Når du fører opp lott eller part i samband med årsskifte, skal du følgje realisasjonsprinsippet. Ytingar opptente i år 1 som blir utbetalte som lottoppgjer i år 2, skal du føre opp for desember for år 1. Sjå òg fristar.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva nyttar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningar om lønn og andre ytingar til å rekne ut dagpengar og for å kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot.
Skatteetaten brukar opplysningar om lønn og andre ytingar til å fastsetje inntekt. Beløpet blir summert med andre ytingar og overført til skattemeldinga.
Statistisk sentralbyrå (SSB) nyttar opplysningane til statistikkføremål.