Opplysning om oppteningsperiode er ugyldig
F243 / MAGNET_EDAG-243
Kvifor denne feilmeldinga
Du har oppgitt ein startdato på ein oppteningsperiode som er etter sluttdatoen, eller den eine datoen manglar.
Feilmeldinga kan kome av at du har
- ført opp feil startdato eller feil sluttdato på oppteningsperioden
- ført opp berre den eine datoen på oppteningsperioden, når du skulle ført opp begge
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld feil eller manglar du må rette opp.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Omgåande
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Kontroller start- og sluttdatoen du har oppgitt, og endre slik at sluttdatoen kjem etter startdatoen.
- Dersom du har gløymt å føre opp ein dato, fører du opp denne.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme – feil i dato
Ei servicebedrift sender a-melding for mai med opplysningar om fastlønn til Lise med ein oppteningsperiode med startdato 20. mai og sluttdato 2. mai.
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-243 fordi sluttdatoen er før startdatoen
Servicebedrifta endrar datoane for Lise sin oppteningsperiode til: | |
Startdato oppteningsperiode | 2. mai |
Sluttdato oppteningsperiode | 20. mai |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.