Startdato på arbeidsforhold
Startdato bestemmer når rettar og plikter startar, både for deg som arbeidsgivar og for arbeidstakaren.
Kort om startdato
Startdato er datoen arbeidsforholdet startar etter arbeidsavtalen. Det er ikkje nødvendigvis den første dagen arbeidstakaren møter på jobb.
Oppgi datoen som går fram av arbeidsavtalen eller ein annan overeinskomst.
For frilansar, oppdragstakar, honorarperson m.m. er startdato den datoen oppdraget starta.
Døme
Kari blei tilsett i ein blomsterbutikk frå 1. januar. Ho byrja i jobben 3. januar. Startdato er 1. januar.
Jacob blei tilsett i ein matbutikk frå 1. januar. Han byrja først i jobben 15. februar på grunn av foreldrepermisjon. Startdato er 1. januar. Her må matbutikken òg oppgi permisjon.
Emma er frilansar og utfører eit oppdrag for eit designbyrå. Oppdraget starta 1. april. Honoraret blir utbetalt 12. mai og ført opp i a-meldinga for mai. Startdato på arbeidsforholdet er 1. april. Designbyrået oppgir startdato i den same kalendermånaden som utbetalinga, seinast innan fristen for rapportering for mai, 5. juni.
Er det obligatorisk
Ja, du må oppgi startdato for alle ordinære og maritime arbeidsforhold, og for frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar.
Du skal ikkje oppgi startdato dersom type arbeidsforhold er pensjon eller andre ytingar utanfor arbeidsforhold.
Når skal du rapportere
- Kor ofte?
Oppgi startdato når datoen er kjend og ta oppatt denne alle månader, til og med månaden for den aktuelle sluttdatoen. - Kor tidleg?
Du kan oppgi startdatoen før den er der. - Kor seint?
Oppgi startdatoen seinast innan rapporteringsfristen for den aktuelle månaden.
Begynner arbeidstakaren på ein annan dato enn avtalt
Dersom ein person begynner på ein annan dato enn det som opphavleg var avtalt, og det du oppgav i a-meldinga, skal du endre arbeidsavtalen og a-meldinga.
Oppgi rett startdato for arbeidsforholdet tilsvarande arbeidsavtalen. Bruk den same arbeidsforholdsID-en som tidlegare. Du kan endre i neste a-melding.
Rette feil
MAGNET_EDAG-110 Startdato på arbeidsforholdet er endra frå den førre rapporteringa |
MAGNET_EDAG-187-7 Det manglar opplysningar om arbeidsforholdet |
MAGNET_EDAG-187-8 Det manglar opplysningar om arbeidsforholdet |
MAGNET_EDAG-128 Ulogisk periode for arbeidsforhold |
MAGNET_EDAG-256 Ulogisk start- og/eller sluttdato på arbeidsforholdet |
MAGNET_EDAG-273 Det manglar opplysningar om arbeidsforholdet |
MAGNET_EDAG-291 Det manglar opplysningar om arbeidsforholdet |
Har du ført opp feil startdato og ikkje har fått feilmelding på dette i tilbakemeldinga (A03), kan du rette feilen i neste a-melding. Du treng ikkje endre tidlegare innsende a-meldingar.
Merk!
Du skal ikkje endre startdato for arbeidstakarar som begynner i eit nytt arbeidsforhold i den same verksemda. Då skal du avslutte det første arbeidsforholdet ved å setje sluttdato. Før opp det nye arbeidsforholdet med ny arbeidsforholdsID, ny startdato og andre obligatoriske opplysningar for det nye arbeidsforholdet.
Dersom du endrar det opphavlege arbeidsforholdet med ny startdato blir det feil i Aa-registeret fordi opplysningar om arbeid for tidsrommet før den nye startdatoen då blir sletta frå registeret.
Dersom du nyttar eit lønnssystem, kontaktar du systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Konsekvensar dersom du ikkje set rett startdato
Startdato bestemmer når rettar og plikter oppstår, både for deg som arbeidsgivar og for arbeidstakaren.
Feil i start- og sluttdato får følgjer for den tilsette. Til dømes kan det gi feil i utbetalingar frå NAV eller feil i behandlinga av stønadssaker. Den tilsette kan òg oppleve å få for mykje eller for lite utbetalt frå NAV.
Kva nyttar vi opplysningane til
Startdato blir nytta av NAV og er viktig for Statistisk sentralbyrå (SSB) sine statistikkar.
Opplysningar om startdato blir overførte til Aa-registeret. NAV distribuerer opplysningar om arbeidsforhold frå Aa-registeret til private og offentlege aktørar som har lov til å ta imot dei. Døme på dette er Skatteetaten og Arbeidstilsynet.