Hopp til hovedinnhold
  • Kontakt oss
  • Endre skriftstorleik

    Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
    Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

  • Nynorsk
    • Bokmål
    • English
    • Nynorsk
  • Logg inn
  • Logg ut
Startside til skatteetaten
Startside til skatteetaten
Til a-meldinga

Rettleiinga til a-meldinga

Lukk Søk
Rettleiinga til a-meldinga

Innholdsmeny

Framsida av rettleiinga
  • Feilmeldingar (MAGNET/EDAG) og tilbakemelding Liste over feilmeldingar, tilbakemelding og korleis rette feil
    • Oversikt over feilmeldingar (MAGNET/ EDAG) Alvorsgrad og korleis rette feil
    • Tilbakemelding Kva er ei tilbakemelding
    • Erstatningsmelding eller ny a-melding To måtar å sende a-melding på når du skal rette
  • Organisasjonsnummer Arbeidsgivar, pensjonsselskap eller andre du sender a-meldinga for
    • Organisasjonsnummer for hovedeininga og organisasjonsnummer for undereiningar Kva for nummer skal du bruke når du sender a-meldinga
    • Organisasjonsledd i offentleg sektor Gjeld offentleg sektor
  • Pensjonsinnretning (obligatorisk tenestepensjon) Private arbeidsgivarar skal oppgi pensjonsselskap eller pensjonskasse dei har inngått avtale om sparing med
  • Fødselsnummer, D-nummer eller internasjonal ID (inntektsmottakar) Identifiser tilsette, pensjonistar og andre som tek imot lønn og ytingar
  • Arbeidsforholdet Type arbeidsforhold, start og sluttdato, permisjon, byte lønnssystem med meir
    • Type arbeidsforhold Om arbeidsforholdet er ordinært, maritimt eller anna og korleis endre om noko er feil
      • Ordinært arbeidsforhold Tilsett som tek imot lønn (gjeld dei aller fleste)
      • Maritimt arbeidsforhold Tilsett som jobbar til sjøs, på fartøy eller flyttbar innretning
      • Unnatak for ordinære og maritime arbeidsforhold Døme på når du ikkje treng å gi opp opplysningar om ordinært eller maritimt arbeidsforhold.
      • Pensjon eller andre ytingar Person som tek imot pensjon eller andre ytingar utan å vere tilsett eller i oppdrag
      • Frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar Person som jobbar på oppdrag utan å vere tilsett
      • Vel rett arbeidsforhold Når du er usikker på kva for eit arbeidsforhold du skal velje
      • Endre type arbeidsforhold Døme på korleis du byter frå eitt arbeidsforhold til eit anna
    • Opplysningar om arbeidsforholdet Start og sluttdato, stillingsprosent, permisjon og andre opplysningar
      • Startdato på arbeidsforhold
      • Sluttdato på arbeidsforhold
      • Årsak til sluttdato
      • Stillingsprosent
      • Datoen stillingsprosenten blei endra
      • Timar per veke for full stilling
      • Arbeidstidsordning
      • Datoen lønna blei endra
      • Tilsetjingsform (fast og mellombels)
      • Lønnsansiennitet
      • Lønnstrinn
      • Yrkeskode
      • ArbeidsforholdsID
      • Permisjon
      • Permittering
      • Avlønningstype
    • Særskilde forhold Byte lønnssystem, fusjon, oppkjøp, med meir
      • Arbeidsforhold ved lønn til tilsette som har slutta
      • Byte lønnssystem
      • Byte jobb hjå same arbeidsgivar
      • Fisjon
      • Fusjon
      • Oppkjøp, eigarskifte eller overdraginga av verksemd
      • Kommune- og fylkessamanslåing
  • Lønn og ytingar Kontantyting, utgiftsgodtgjersle, naturalytingar,trygd, pensjon med meir
    • Oversikt over lønn og andre ytingar Nemningar for lønn og andre ytingar du kan bruke
    • Rette feil i lønn og ytingar Feil beløp eller nemning, utbetalt for mykje eller for lite
  • Frådrag Fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar og andre frådrag
    • Fagforeiningskontingent
    • Premie til pensjonsordningar
    • Premie til utanlandske pensjonsordningar
    • Premiar til fond og trygd
    • Brakkeleige
  • Forskotstrekk Korleis ein skal føre opp trekkplikt, rekne ut og betale forskotstrekk
  • Utleggstrekk Korleis oppgi utleggstrekk, rekne ut og betale utleggstrekk
  • Arbeidsgivaravgift og finansskatt Korleis rekne ut, kva du skal føre opp og betale
    • Arbeidsgivaravgift Utrekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Ekstra arbeidsgiveravgift på lønnsinntekt over 750 000 kroner Berekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Finansskatt på lønn Gjeld finans- og forsikringssektoren
  • Særskilde grupper Utland, sjøfolk, skattefri organisasjon, kjeldeskatt på pensjoner, nettolønn, Jan Mayen og Svalbard
    • Utland Utanlandske arbeidsgivarar med oppdrag i Noreg
    • Utanlandsforhold Norske arbeidsgivarar med tilsette i utlandet
    • Særskilt frådrag for sjøfolk For sjøfolk som har krav på eit eige frådrag
    • Skattefrie organisasjonar Korleis ein skal føre opp lønn og ytingar for tilsette i skattefrie organiasjonar
    • Kjeldeskatt på pensjonar Skatt på pensjon til personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg
    • Nettolønn For arbeidsgivar som har tilsette med nettolønn
    • Jan Mayen og dei norske bilanda i Antarktis For personar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova
    • Svalbard For personar som kjem inn under Svalbardskattelova
  1. Rettleiinga til a-meldinga
  2. Arbeidsforholdet
  3. Opplysningar om arbeidsforholdet
  • Del
    • Facebook
    • Twitter
    • LinkedIn
  • Skriv ut

Tilsetjingsform (fast og mellombels)

  • Oppdatert: 24.02.2023

Tilsetjingsform viser om arbeidstakaren er fast eller mellombels tilsett. Dette skal stå i arbeidsavtalen. Det du oppgir i a-meldinga, må samsvare med dette.

    Kort om tilsetjingsform

    Tilsetjingsforma viser kva tilknyting arbeidstakaren har i tilsetjingsforholdet. Tilsetjingsforma kan vere fast eller mellombels. Oppgi tilsetjingsforma som står i arbeidsavtalen til den tilsette.

    Dersom arbeidstakaren har fast stilling, er arbeidsforholdet fortlaupande og tidsuavgrensa. For at ei fast stilling skal opphøyre må reglane om opphøyr av arbeidsforhold følgjast. Tilsetjingar skal som hovudregel vere faste for å skape stabile og føreseielege rammevilkår for begge partar i eit arbeidsforhold.

    Viss arbeidsforholdet er mellombels, er det avtalt for ein bestemt tidsperiode eller for eit bestemt arbeid, og skal vere avtalt i kontrakten.

    Typiske stillingar der det blir tilsett mellombels er

    • sesongarbeid
    • ekstrahjelp
    • prosjektarbeid
    • vikariat
    • åremålsstillingar

    Les meir om mellombelse tilsetjingar på nettsidene til Arbeidstilsynet

     

    Døme på fast tilsetjingsform

    Kine jobbar i ei administrativ stilling i ein kommune. Ho er fast tilsett i ei 100 prosent stilling i kommunen.

    Janne arbeider i eit vikarbyrå. Ho er tilsett i ei 80 prosent stilling i dette byrået. Ho blir leigd ut i ei saksbehandlarstilling for ein periode på 6 månader. Janne er fast tilsett i ei 80 prosent stilling i vikarbyrået, sjølv om oppdraget som saksbehandlar varer i 6 månader.

     

    Døme på vikariat i same vundereining

    Peder er fast tilsett på ein bensinstasjon. Sjefen hans på bensinstasjonen skal ut i foreldrepermisjon frå 1. mai og Peder skal fungere i hennar stilling mens ho er i permisjon. Peder får også eit tillegg i lønna i perioden han fungerer.

    Arbeidsgivar skal frå 1. mai framleis oppgi dette som ei fast stilling, men må endre yrkeskode og siste dato for lønnsendring.

    A-melding for mai:
    Undereining 1
    Inntektsmottakar Peder
    ArbeidsforholdsID 5
    Type arbeidsforhold ordinært
    Startdato på arbeidsforholdet

    1. januar

    Sluttdato på arbeidsforholdet  
    Tilsetjingsform Fast
    Yrkeskode Daglig leiar 1210127
    Dato for siste lønnsendring 1. mai

    I tillegg legg dei inn andre obligatoriske opplysningar.

     


    Fast tilsett som fungerer i ei mellombels stilling eller i eit vikariat

    Ein arbeidstakar som har ei fast stilling kan i ein periode fungere i ei anna mellombels stilling eller i eit vikariat hos arbeidsgivar. Arbeidsgivar skal oppgi dette på ulike måtar i a-meldinga, avhengig av om vikariatet er i same undereining, eller om vikariatet er i ei anna undereining under same hovudeining. Er vikariatet i same undereining skal arbeidsgivar framleis oppgi den tilsette som fast tilsett. Men er det endring på yrkeskode og/eller lønn må dette endrast. Om vikariatet fører til at arbeidstakar skifter undereining, må det bli oppgitt permisjon frå den faste stillinga og eit nytt mellombels arbeidsforhold på vikariatet med ny startdato og arbeidsforholdsID.

     

    Døme på mellombels tilsetjingsform

    Knut jobbar på eit gartneri og har ein arbeidsavtale som varer frå april til juli. Knut jobbar på gartneriet kvart år. Dette er sesongarbeid som er avgrensa til berre ein del av året. Arbeidsgivar oppgir tilsetjingsforma til Knut som mellombels.

    Anne er tilsett i ei prosjektstilling for å byggje opp eit fagsystem og gi arbeidsgivar råd og rettleiing i bruk av løysinga. Arbeidsavtalen går over 2 år og er tidsavgrensa. Arbeidsgivar oppgir tilsetjingsforma til Anne som mellombels.

     

    Døme – får eit mellombels vikariat i ei anna undereining

    Hovedeining 1 har to verksemder, undereining A og undereining B. Bente har ei fast stilling som salskonsulent i undereining A, kor ho har jobba i mange år. Frå og med 10. august skal Bente fungere som dagleg leiar i undereining B. Vikariatet er på 10 månader. Etter dette skal ho tilbake til den faste stillinga si i undereining A.

    Dei må oppgi permisjon for arbeidsforholdet Bente har i undereining A og opprette eit nytt arbeidsforhold for Bente i undereining B. Dette må dei gjere i a-meldinga for august.

    A-melding for august:
    Hovedeining 1
    Undereining A
    Inntektsmottakar Bente
    ArbeidsforholdsID 19
    Startdato på arbeidsforholdet 1. februar
    Sluttdato på arbeidsforholdet  
    Årsak til sluttdato  
    Permisjonsnemning Andre ikkje-lovfesta permisjonar
    PermisjonsID 2
    Startdato på permisjon 10. august
    Sluttdato på permisjon 10. juni


     
    Undereining B
    Inntektsmottakar Bente
    ArbeidsforholdsID 25
    Startdato på arbeidsforholdet 10. august
    Sluttdato på arbeidsforholdet  

    I tillegg oppgir dei andre obligatoriske opplysningar.

    Diagram. Før opp permisjon  i verksemda Bente flyttar frå. Før opp nytt arbeidsforhold og ny startdato i verksemda ho vikarierar i. Teksten i artikkelen forklarer dette nærare.
    Modell - kva gjer du med arbeidsforholdet når ein tilsett byter jobb frå ei undereining til ei anna hjå same arbeidsgivar.



    Er det obligatorisk

    Ja, du må oppgi tilsetjingsform for alle ordinære og maritime arbeidsforhold.

    Du må ikkje oppgi tilsetjingsform for frilansarar, oppdragstakarar og personar som får honorar, og heller ikkje for pensjon eller andre ytingar utanfor arbeidsforholdet.

     

    Når skal du rapportere

    Frå og med 2021 skal du oppgi tilsetjingsform når du rapporterer arbeidsforholdet, og gjenta kvar månad til og med månaden du avsluttar arbeidsforholdet.

     

    Endre tilsetjingsform

    Dersom ein tilsett byter tilsetjingsform, kan du oppgi ny tilsetjingsform den månaden skiftet skjer.

    Døme

    Fatima har vore ekstrahjelp i ein blomsterbutikk i juni, juli og august. Frå og med 1. september får ho tilbod om og takkar ja til ei fast stilling i blomsterbutikken.

     

    A-melding for august:
    Inntektsmottakar Fatima
    ArbeidsforholdsID 10
    Type arbeidsforhold ordinært
    Startdato på arbeidsforholdet

    2. mai

    Sluttdato på arbeidsforholdet

    31. august

    Stillingsprosent 100
    Tilsetjingsform mellombels

    I tillegg legg dei inn andre obligatoriske opplysningar.

    A-melding for september:
    Inntektsmottaker Fatima
    ArbeidsforholdsID 10
    Type arbeidsforhold ordinært
    Startdato på arbeidsforholdet

    2. mai

    Sluttdato på arbeidsforholdet  
    Stillingsprosent 100
    Tilsetjingsform fast

    I tillegg legg dei inn andre obligatoriske opplysningar.



    Rette feil

    MAGNET_EDAG-114B
    Ugyldig verdi for denne kalendermånaden
    MAGNET_EDAG-114
    Ugyldig verdi
    MAGNET_EDAG-187-4 
    Opplysningar om arbeidsforholdet er feil
    MAGNET_EDAG-187-7 
    Det manglar opplysningar om arbeidsforholdet
    MAGNET_EDAG-273
    Det manglar opplysningar om arbeidsforholdet
    MAGNET_EDAG-275
    Opplysningar om arbeidsforholdet er feil
    MAGNET_EDAG-291
    Det manglar opplysningar om arbeidsforholdet
    MAGNET_EDAG-299
    Ugyldig verdi

    Se også oversikt over alle feilmeldinger

    Dersom du har oppgitt feil tilsetjingsform og ikkje fått feilmelding (MAGNET/EDAG) på dette i tilbakemeldinga (A03), kan du rette feilen i neste a-melding. Du treng ikkje endre tidlegare innsende a-meldingar.

     

    Viktig informasjon

    Dersom du nyttar eit lønnssystem, kontaktar du systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.



    Kva bruker vi opplysningane til

    Opplysningar om tilsetjingsform for ordinære og maritime arbeidsforhold blir overførte til Aa-registeret. NAV distribuerer opplysningar om arbeidsforhold frå Aa-registeret til private og offentlege aktørar som har lov til å få desse. Døme på slike aktørar er Skatteetaten og Arbeidstilsynet. NAV bruker vidare opplysningane til statistikk over tilsetjingsforhold. 

    Opplysningar om tilsetjingsform gjer at NAV kan tilpasse og effektivisere saksbehandlinga, arbeidsformidlinga og oppfølginga si av stønadsmottakarar.

     

    Aktuelt regelverk

    • A-opplysningsloven

    • A-opplysningsforskriften

    • Folketrygdloven § 21-4

    • Forskrift om AA-registeret § 6

    • Arbeidsmiljøloven § 14-9

    • Statistikkloven § 10

     

    Til toppen

    Desse samarbeider om a-meldinga:

     

    Logo NAV
    Logo Statistisk Sentralbyrå
    Logo Skatteetaten
    footer/desktop/standard
    Skatteetaten. Logo
    Satser
    Skjema og tjenester
    Sámegiel skovit
    Sikkerhet og personvern
    Tilgjengelighetserklæring