No skal du levere a-meldinga direkte på skatteetaten.no
Viss du ikkje har eit lønnssystem, skal du levere a-meldinga direkte på skatteetaten.no. Du skal ikkje levere a-meldinga i Altinn (A01).
Det manglar opplysningar om arbeidsforholdet
F291 / MAGNET_EDAG-291
Kvifor denne feilmeldinga
Det manglar opplysningar om ordinært eller maritimt arbeidsforhold.
Du må gi opp:
- startdato på arbeidsforholdet
- arbeidstidsordning
- talet på timar ei full stilling svarar til
- yrkeskode
- stillingsprosent
- siste lønnsendringsdato
- tilsetjingsform
Feilmeldinga kan kome av at du har
- gløymt å gi alle obligatoriske opplysningar på ordinært eller maritimt arbeidsforhold
- oppgitt feil type arbeidsforhold
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld feil eller manglar du må rette opp.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Omgåande
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Kontroller kva for eit arbeidsforhold du har oppgitt for lite informasjon på og oppgi dei opplysningane som manglar.
- Har du ført opp feil type arbeidsforhold må du endre til rett type.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme
Eit legekontor sender inn a-melding for juni med opplysningar om Ola som har eit ordinært arbeidsforhold.
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-291 fordi opplysningar om tilsetjingsform manglar.
Legekontoret legg til tilsetjingsform for Ola: | |
Siste tilsetjingsform | fast |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.