Utanlandske arbeidsgivarar – opplysningsplikt i a-meldinga
Utanlandske arbeidsgivarar med oppdrag i Noreg skal levere a-melding.
Opplysningsplikt i a-meldinga
Selskap som er heimehøyrande i utlandet, og som utfører oppdrag i Noreg eller på norsk sokkel har
- opplysningsplikt til Noreg og
- skal levere a-melding.
Alle utanlandske arbeidsgivarar skal rapportere opplysningar om lønn, godtgjersler og forskotstrekk uavhengig av skatteplikt eller skattleggingsrett etter skatteavtale.
Enkeltpersonføretak med tilsette har same opplysningsplikt.
Rapportering av oppdrag
Oppdrag som blir utførte i Noreg eller på norsk sokkel av eit utanlandsk selskap eller ein utanlandsk sjølvstendig næringsdrivande, skal i tillegg registrerast i Oppdrags- og arbeidsforholdsregisteret. I dette registeret skal du gi opplysningar om oppdrag og arbeidstakarar (arbeidsforholdet).
Kva for opplysningar skal du oppgi
I a-meldinga skal du gi informasjon om:
- arbeidsforhold
- lønn og andre ytingar
- frådrag for eksempel fagforeiningskontingent
- forskotstrekk
- arbeidsgivaravgift
Dersom arbeidstakarar er rapporterte i Oppdrags- og arbeidsforholdsregisteret, skal du ikkje ta oppatt opplysningar om sjølve arbeidsforholdet i a-meldinga.
Nyttar du ein utanlandsk identifikator for å identifisere dei tilsette (inntektsmottakarar) må du seinare endre til gyldig norsk ID-nummer.
Kva med forskotstrekket
Du skal føre opp forskotstrekk i lønn og andre ytingar for arbeid utført i Noreg eller på norsk sokkel. Dersom du har tilsette med skattekort med kjeldeskatt på lønn, skal du berre trekkje kjeldeskatt av skattepliktige ytingar. Her finn du meir informasjon om kjeldeskatt på lønn..
Somme unnatak
- Dersom det er sannsynleg at lønn og andre ytingar ikkje skal skattleggjast i Noreg, kan arbeidsgivaren søkje skattekontoret om fritak. Dette kan du lese meir om her.
- Du skal ikkje føre opp forskotstrekk som er betalt i utlandet.
Kva med arbeidsgivaravgifta
Du skal føre opp arbeidsgivaravgift av lønn og andre ytingar for arbeid utført i Noreg og på norsk sokkel.
Somme unnatak
Du kan berre late vere å berekne arbeidsgivaravgift når inntektsmottakaren ikkje er medlem av norsk trygd.
Det gjeld for eksempel når inntektsmottakaren:
- kjem inn under trygdelovgivinga i eit anna land i samsvar med ein sosialkonvensjon eller EØS-avtalen
- er ein utanlandsk arbeidstakar som ikkje er medlem av folketrygda og som arbeider på norsk kontinentalsokkel eller i norsk territorialfarvatn
Arbeidstakar har i nokre tilfelle stadfesting på at medlemskap blir halde aktivt hos eiga trygdestyresmakt (A1 eller annan blankett). NAV Medlemskap og avgift vurderer all dokumentasjon og registrerer eit eventuelt unntak frå medlemskap i folketrygda med periode, og om unntaket gjeld heile eller delar av folketrygda. Registrert unntak frå medlemskap i norsk folketrygd blir sendt elektronisk frå NAV til Skatteetaten.
Det er berre registrert unntak hos Skatteetaten som gir arbeidsgivar fritak frå å berekne arbeidsgivaravgift for arbeidstakar.
Skatteetaten kan fastsetje arbeidsgivaravgift for arbeidsgivar viss arbeidstakar ikkje er registrert med unntak og rapportert lønn eller yting ikkje inngår i avgiftspliktig grunnlag.
Arbeidsgivar eller den tilsette kan kontakte NAV for å spørje om unntak frå medlemskap i folketrygda er registrert.
Når må du rapportere
Du skal sende a-melding alle dei månadene du betaler ut og/eller trekkjer noko, og så lenge arbeidsforholdet varer. Du skal ikkje samle opp rapportering for fleire månader.
Sjå òg utfyllande informasjon om sluttdato på arbeidsforhold
Korleis levere a-meldinga
Du kan levere a-melding frå eit lønnssystem (A02) som er integrert med Altinn eller direkte på skatteetaten.no.
Sjå utfyllande informasjon om ulike måtar å levere på
Dersom du skal føre opp lønn eller andre ytingar opptente før 1. januar 2015, må du kontakte Skatteetaten.
Kva brukar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningar om lønn og ytingar til å rekne ut dagpengar og kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot. Skatteetaten nyttar opplysningane i samband med skattemeldinga.
Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.