Siste lønnsendringsdato
Dato for faste lønnsendringar etter sentrale avtalar, lokale avtalar eller personlege lønnsendringar.
Kort om siste lønnsendringsdato
Oppgi dato for lønnsendringar som er faste, anten desse følgjer av sentrale avtalar, lokale avtalar eller personlege lønnsendringar. Automatisk opprykk basert på ansiennitet og avtalte endringar i ansiennitet gjeld òg som lønnsendring.
Døme
Lucas går 1. januar frå 50 til 100 prosent stilling som lærar ved skule A. Han er i det same lønnstrinnet som tidlegare og difor er satsen for månadslønna lik. Skulen skal ikkje endre dato for siste lønnsendring.
Sentrale lønnsforhandlingar blir avslutta i slutten av mai og resultatet gir ein generell lønnsvekst på 2,5 prosent som skal gjelde frå 1. mai det same året. Lønnssatsen til Kari blir då endra frå 1. mai, medan den endra lønna av ulike årsaker blir utbetalt først frå august (med etterbetaling tilbake til 1. mai). Oppgi 1. mai som dato for siste lønnsendring i a-meldinga for august.
Du skal ikkje endre dato for siste lønnsendring når:
- den tilsette endrar stillingsprosent eller arbeidstid og dette ikkje påverkar lønnssatsen (lønnssatsen kan vere ein timesats, månadssats eller liknande)
- den tilsette endrar yrke og dette ikkje påverkar lønnssatsen
- det sentrale lønnsoppgjeret ikkje fører til nokon lønnsendringar (nulloppgjer) for den tilsette
Er det obligatorisk
Ja, du må føre opp datoen for alle ordinære og maritime arbeidsforhold.
Det er frivillig for frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar.
Du skal ikkje føre opp siste lønnsendringsdato for pensjon eller andre ytingar utanfor arbeidsforhold.
Når skal du rapportere
Oppgi lønnsendringsdato lik startdato den første gongen du rapporterer arbeidsforholdet og ta denne oppatt kvar månad til og med månaden du avsluttar arbeidsforholdet.
Endre dato
Dersom lønna til ein tilsett blir endra, fører du opp den siste lønnsendringsdatoen den månaden lønna blir endra.
Rette feil
MAGNET_EDAG-187-4 Opplysningar om arbeidsforholdet er feil |
MAGNET_EDAG-259 Ulogisk dato for siste lønnsendring |
MAGNET_EDAG-275 Opplysningar om arbeidsforholdet er feil |
Har du gløymt å føre opp eller ført opp feil lønnsendringsdato, og ikkje fått feilmelding (MAGNET/EDAG) på dette i tilbakemelding (A03) kan du rette feilen i neste a-melding. Du treng ikkje endre tidlegare innsende a-meldingar.
Dersom du nyttar eit lønnssystem, kontaktar du systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Kva nyttar vi opplysningane til
Statistisk sentralbyrå (SSB) nyttar opplysningar om dato for siste lønnsendring i statistikkar for å fordele eventuelle etterbetalingar av lønn over den perioden etterbetalinga gjeld for.
NAV nyttar opplysningane for å rekne ut ytingar. Dette gjeld til dømes sjukepengar.
Opplysningar om siste lønnsendringsdato blir overførte til Aa-registeret. NAV distribuerer opplysningar om arbeidsforhold frå Aa-registeret til private og offentlege aktørar som har lov til å ta imot dei. Døme på dette er Skatteetaten og Arbeidstilsynet.