No skal du levere a-meldinga direkte på skatteetaten.no
Viss du ikkje har eit lønnssystem, skal du levere a-meldinga direkte på skatteetaten.no. Du skal ikkje levere a-meldinga i Altinn (A01).
Opplysningar om arbeidsforholdet er feil
F187-4 / MAGNET_EDAG-187-4
Kvifor denne feilmeldinga
Du har gitt opplysningar som ikkje skal vere med på arbeidsforholdstype "Pensjon og andre ytingar utan arbeidsforhold". For denne typen arbeidsforhold skal du ikkje oppgi nokon andre opplysningar under arbeidsforhold.
Feilmeldinga kan kome av at du har:
- gitt for mange opplysningar på eit arbeidsforhold av typen "Pensjon og andre ytingar utan arbeidsforhold"
- oppgitt feil type arbeidsforhold
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld feil eller manglar du må rette opp.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Omgåande
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Kontroller kva for eit arbeidsforhold du har oppgitt for mykje informasjon om og fjern overflødige opplysningar.
- Har du ført opp feil type arbeidsforhold må du endre til rett type.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme
Eit legekontor sender a-melding for mai med opplysningar om Ola som er pensjonist, og oppgir opplysningar om startdato, arbeidstidsordning og stillingsprosent på arbeidsforholdet.
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-187-4 fordi dei har sendt inn nokon overflødige opplysningar om arbeidsforholdet.
Legekontoret fjernar desse overflødige opplysningane på Ola: | ||
Startdato på arbeidsforhold | - | (opplysningane er fjerna) |
Arbeidstidsordning | - | (opplysningane er fjerna) |
Stillingsprosent | - | (opplysningane er fjerna) |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.