Premiar til fond og trygd
Gjeld frådrag for premie til fond og trygd.
Kort om frådrag for premie til fond og trygd
Før opp trygdepremie eller premie til opplysnings- og utviklingsfond som du har trekt i lønna til arbeidstakaren.
Premie til opplysnings- og utviklingsfond skal du ikkje føre opp dersom lønna allereie er redusert tilsvarande (slik som i staten).
Premie til opplysnings- og utviklingsfond er ei tariffesta ordning mellom Landsorganisasjonen i Noreg (LO) og Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO).
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | - x kroner |
Frådragsnemning | sjå nedanfor |
Beløp
Før opp bruttobeløpet som er trekt.
Du skal føre opp eit negativt beløp.
Du kan berre føre opp eit positivt beløp dersom du skal rette opp i ei tidlegare a-melding.
Frådragsnemning
Oppgi ei av desse nemningane:
- Premie til fond og trygd
- Premie til fond og trygd – Svalbard
Du skal nytte nemninga «Premie til fond og trygd – Svalbard» dersom arbeidstakaren kjem inn under lønnstrekkordninga på Svalbard.
Kva med forskotstrekket
Frådraget skal ikkje trekkjast frå grunnlaget for forskotstrekk.
Kva med arbeidsgivaravgifta
Frådraget skal ikkje trekkjast frå grunnlaget for arbeidsgivaravgifta.
Når skal du rapportere
Før opp frådraget for premie til fond og trygd den kalendermånaden du har trekt beløpet.
Rette feil
MAGNET_EDAG-265 |
Du rettar opp ved å sende ei erstatningsmelding med rett beløp og nemning for den kalendermånaden som inneheld feilen.
Tasta feil beløp
Dersom du har trekt rett beløp, men tasta feil i a-meldinga, må du rette opp for den kalendermånaden som inneheld feil eller manglar.
- Har du rapportert eit for høgt beløp, fører du opp differansen med positivt forteikn og inkluderer nemninga av frådraget frå den opphavlege a-meldinga.
- Har du rapportert eit for lågt beløp, fører du opp differansen med negativt forteikn og inkluderer nemninga av frådraget frå den opphavlege a-meldinga.
Du kan òg rette opp ved å sende ei erstatningsmelding med rett beløp og nemning for den kalendermånaden som inneheld feilen.
Gitt feil nemning
Dersom du har ført opp rett beløp, men med feil frådragsnemning, må du rette i a-meldinga for den kalendermånaden som inneheld feil eller manglar.
- Før opp beløpet med positivt forteikn og inkluder nemninga av frådraget frå den opphavlege a-meldinga.
- Før deretter opp beløpet på nytt med negativt forteikn og rett nemning.
Du kan òg rette opp ved å sende ei erstatningsmelding med rett beløp og nemning for den kalendermånaden som inneheld feilen.
Dersom du nyttar eit lønnssystem, kontaktar du systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Kva brukar vi opplysningane til
Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.