Avlønningstype - UTGÅR
Utgår frå 2019 og er frivillig i 2018
Avtalt avlønning skal stå i arbeidsavtalen, og dette må samsvare med det du fører opp i a-meldinga.
Kort om avlønningstype
Du skal ikkje lenger gi opplysningar om avlønningstype i a-meldinga.
Informasjonen om avlønningstype på denne sida gjeld:
- frå og med: januar 2015
- til og med: desember 2017 (desember 2018)
Avlønningstype er obligatorisk til og med 2017, og frivillig i 2018. Du skal ikkje oppgi avlønningstype frå og med 2019.
Bruk ny inntektsnemning
Det er oppretta ei ny inntektsnemning "honorar, akkord, prosent og provisjon". Denne inntektsnemninga, saman med inntektsnemningane «fastlønn» og «timelønn», erstattar informasjonen du tidlegare har gitt under avlønningstype.
Avlønningstype viser til kva type lønn som er avtalt.
Før opp den avlønningstypen som står i arbeidsavtalen til den tilsette.
Du kan velje mellom desse avlønningstypane:
- akkordlønn
- fastlønn
- honorar
- provisjonslønn, prosentlønn
- timelønn
Det skal vere samsvar mellom det du fører opp som avlønningstype og det du fører opp som lønn. Dersom avlønningstypen er fastlønn, skal lønna ha nemninga fastlønn.
Dersom ein tilsett tek imot fleire typar kontantytingar, brukar du den mest vanlege avlønningstypen. Er dette vanskeleg å vite, vel du den med størst beløp.
Døme
Emma har ein avtale som seier at ho skal ha timelønn. Før opp avlønningstype timelønn og bruk inntektsnemninga timelønn.
Noah har ein avtale som seier at han skal ha akkordlønn. Før opp avlønningstype akkordlønn.
Er det obligatorisk
Ja, du må oppgi avlønningstype for alle ordinære og maritime arbeidsforhold, og for frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar, for perioden 2015 - 2017. I 2018 er det frivillig. Skal ikkje givast opp frå og med 2019.
Du skal ikkje oppgi avlønningstype for pensjon eller andre ytingar utanfor arbeidsforhold.
Har ein tilsett endra avlønningstype
Dersom ein tilsett har endra avlønningstype skal du oppgi ny avlønningstype den månaden dette skiftar.
Når skal du rapportere
Oppgi avlønningstype den første gongen du rapporterer arbeidsforholdet og ta denne oppatt kvar månad til og med månaden du avsluttar arbeidsforholdet.
Rette feil
MAGNET_EDAG-187-4 Opplysningar om arbeidsforholdet er feil |
MAGNET_EDAG-187-7 Det manglar opplysningar om arbeidsforholdet |
MAGNET_EDAG-187-8 Det manglar opplysningar om arbeidsforholdet |
MAGNET_EDAG-273 Det manglar opplysningar om arbeidsforholdet |
MAGNET_EDAG-274 Det manglar opplysningar om arbeidsforholdet |
MAGNET_EDAG-275 Opplysningar om arbeidsforholdet er feil |
Har du gløymt oppgi eller oppgitt feil avlønningstype, og ikkje fått feilmelding på dette i tilbakemelding (A03) kan du rette feilen i neste a-melding. Du treng ikkje å endre tidlegare innsende a-meldingar.
Døme
John jobber for ein servicebedrift. Dei oppdagar i mai at dei har oppgitt feil avlønningstype for John. Servicebedriften har oppgitt timelønn, men rett avlønningstype er akkordlønn.
A-meldingar til og med april: Avlønningstype: timelønn
A-melding frå og med mai: Avlønningstype: akkordlønn
Dersom du nyttar eit lønnssystem, kontaktar du systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Kva nyttar vi opplysningane til
Statistisk sentralbyrå (SSB) nyttar opplysningane til å lage statistikkar om utviklinga i lønningar, sysselsetjing og sjukefråvære.
Opplysningar om avlønningstype for ordinære og maritime arbeidsforhold blir overførte til Aa-registeret.
NAV distribuerer opplysningar om arbeidsforhold frå Aa-registeret til private og offentlege aktørar som har lov til å ta imot dei. Døme på dette er Skatteetaten og Arbeidstilsynet.