Det manglar opplysningar om arbeidsforholdet
F187-8 / MAGNET_EDAG-187-8
Kvifor denne feilmeldinga
Det manglar obligatoriske opplysningar for eit arbeidsforhold av typen frilansar, oppdragstakar, personar som tek imot honorar m.m.
Feilmeldinga kan kome av at du har
- gløymt å oppgi startdato på arbeidsforholdet
- gløymt å oppgi avlønningstype (gjeld berre til og med 2017)
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld feil eller manglar du må rette opp.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Omgåande
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Kontroller kva for eit arbeidsforhold du har oppgitt for lite informasjon på og gi opp opplysningane som manglar.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme
Ein butikk sender a-melding for juni med opplysningar om Ali som er frilansar.
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-187-8 fordi opplysningar om startdato manglar.
Butikken oppgir denne startdatoen for Ali: | |
Startdato på arbeidsforholdet | 1. januar |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.