Stillingsprosent
Stillingsprosenten er den avtalte arbeidstida. Alle arbeidsavtalar skal innehalde opplysningar om arbeidstid. Dette gjeld uavhengig av om stillinga er fast eller mellombels, eller om du utbetalar fastlønn eller timelønn.
Kort om stillingsprosent i a-meldinga
Før opp stillingsprosenten som står i arbeidsavtalen til den tilsette. Dersom avtala beskriv arbeidstida som timar, må du rekne timane om til stillingsprosent. Ubetalte matpausar skal ikkje reknas med.
Døme
Maria har avtalt arbeidstid på 20 timar per veke på eit lager der full stilling er 37,5 timar. Oppgi stillingsprosenten til 53,33.
Slik reknar du ut stillingsprosenten:
Talet på timar i arbeidsavtalen: 20 timar
Talet på timar for ei full stilling: 37,5 timar
Utrekning: 20 timar x 100/37,5 timar = 53,33
Stillingsprosent = 53,33
Nora har ei 30 prosent fast stilling som tilkallingsvikar i Kommune A. Utover dette arbeider ho ofte ein del timar ekstra. Oppgi stillingsprosenten til 30.
Jacob har i Kommune A ei fast stilling på 50 prosent som lærar ved Skule 1 og 25 prosent fast stilling som lærar ved Skule 2. Oppgi dette som to arbeidsforhold. Eitt med stillingsprosent 50 og eitt med stillingsprosent 25.
Er det obligatorisk
Ja, du må føre opp stillingsprosent for alle ordinære og maritime arbeidsforhold.
Det er frivillig for frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar.
Du skal ikkje føre opp stillingsprosent for pensjon eller andre ytingar utanfor arbeidsforhold.
Når skal du rapportere
Før opp stillingsprosent den første gongen du rapporterer arbeidsforholdet og ta denne oppatt kvar månad til og med månaden du avsluttar arbeidsforholdet.
Kombinasjon av fastlønn og timelønn
Før opp stillingsprosent knytt til fastlønna. Det den tilsette arbeider utover avtalt stillingsprosent og som blir lønt med timelønn skal ikkje reknast med i stillingsprosenten.
Døme
Knut arbeidar deltid i ei 40 prosent stilling. Han får lønna utbetalt som fastlønn. I ei periode jobbar han litt ekstra. Denne lønna utbetales som timelønn. Oppgi stillingsprosent 40. Før opp talet på timar (i lag med inntektsnemninga timelønn) for timane Knut arbeidde utover den avtale arbeidstida.
Sjå òg timelønn.
Når arbeidstid for timelønte varierer pga. helgedagar o.l.
Før opp stillingsprosenten eller arbeidstida som er avtalt i arbeidskontrakten sjølv om det varierer kor mange timar ei 100 prosent stilling utgjer kvar månad. Dette gjeld òg dersom den tilsette får timelønn basert på innleverte timelister.
Tilsette som er utleigde frå vikarbyrå, tilkallingsvikarar o.l.
Før opp stillingsprosenten frå arbeidsavtalen, og for vikarar. Før opp talet på timar i lag med lønnsnemninga "timelønn" for alle timane som arbeid blir utført.
Dersom det ikkje er oppgitt ein stillingsprosent i arbeidsavtalen kan du sjå korleis du reknar ut stillingsprosent i avsnittet "Kort om stillingsprosent i a-meldinga".
For tilsette i vikarbyrå kjem stillingsprosenten an på om den tilsette er på eit langt vikaroppdrag med avtalt arbeidstid eller ikkje.
- For tilsette som skiftar mellom kortvarige oppdrag, 1-2 månader, fører ein opp stillingsprosent 0. Timane som er knytte til korttidsvikariatet skal førast opp som «talet på timar» knytte til variabelen «kontantyting timelønn».
- For tilsette som blir leigde ut til eit langt oppdrag på 3 månader eller meir og stillingsprosenten her er avtalt med kunden, nyttar ein denne når ein gir opp stillingsprosenten.
Du skal aldri føre opp 0 i stillingsprosent i staden for å rapportere stoppdato når eit arbeidsforhold ikkje har hatt vikaroppdrag den siste månaden.
Døme
Eit vikarbyrå leiar ut Lise til Verksemd C som kontormedarbeidar for 6 månader på fulltid. Vikarbyrået fører opp stillingsprosent 100 i månadene utleiga varer.
Eit vikarbyrå leiar nokre gongar kvar månad ut Svein til ulike skular for å ta nokre einskildtimar. Vikarbyrået fører opp 0 i stillingsprosent. Timane som er knytte til korttidsvikariata fører dei opp som talet på timar» knytte til variabelen «kontantyting timelønn».
Når ein tilsett går opp eller ned i stillingsprosent
Dersom ein tilsett har endra stillingsprosent skal du føre opp den korrekte stillingsprosenten i noverande rapporteringsmånad, og føre opp korrekt «siste dato for stillingsprosent». Denne datoen kan vere tilbake i tid, i inneverande månad, eller framover i tid.
Døme
Julie endrar stillingsprosent frå 12. mai frå 50 til 100 prosent. Arbeidsgivaren fører opp stillingsprosent 100 i a-meldinga for mai. «Siste dato for endring av stillingsprosent» er 12.mai.
Sjå òg sist dato for endring av stillingsprosent.
Stillingsprosent ved sjukefråvær eller permittering
Du fører framleis opp den avtalte stillingsprosenten.
Stillingsprosent ved permisjonog permittering
Dersom den tilsette går ut i permisjon eller blir permittert, skal du ikkje endre stillingsprosenten, men rapportere permisjon eller permittering. Sjå òg permisjon eller permittering.
Døme
Eli går ut i permisjon 50 % den 1. januar. Stillingsprosenten er den same som før, 100 %. Arbeidsgivaren fører opp permisjonsprosent 50 og stillingsprosent 100 i a-meldinga for januar.
Rette feil
MAGNET_EDAG-187-4 Opplysningar om arbeidsforholdet er feil |
MAGNET_EDAG-187-7 Det manglar opplysningar om arbeidsforholdet |
MAGNET_EDAG-273 Det manglar opplysningar om arbeidsforholdet |
MAGNET_EDAG-275 Opplysningar om arbeidsforholdet er feil |
MAGNET_EDAG-291 Det manglar opplysningar om arbeidsforholdet |
MAGNET_EDAG-503 |
Har du ført opp feil stillingsprosent og ikkje fått feilmelding på dette i tilbakemelding (A03), kan du rette feilen i neste a-melding. Du treng ikkje endre tidlegare innsende a-meldingar.
Døme
Jacob jobbar i eit advokatbyrå. Han aukar stillingsprosenten sin frå 50 til 100 prosent den 15.september. Advokatbyrået oppdagar først fleire månader seinare at dei har gløymt å endre stillingsprosenten i a-meldinga for september.
Dei endrar då stillingsprosenten på den første mogelege a-meldinga og oppgir 15.september «siste dato for endring av stillingsprosent». Dei treng ikkje å endre tidlegare innsende a-meldingar.
Dersom du nyttar eit lønnssystem, kontaktar du systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Kva nyttar vi opplysningane til
NAV nyttar opplysningar om stillingsprosent for å avgjere om ein person har rett på ytingar og storleiken på desse ytingane. Gjeld til dømes foreldrepengar, sjukepengar og dagpengar.
Statistisk sentralbyrå (SSB) nyttar opplysningar om stillingsprosent i lønnsstatistikken, for å rekne ut årsverk i sysselsetjingsstatistikk og i sjukefråværstatistikk.
Opplysningar om stillingsprosent blir overførte til Aa-registeret. NAV distribuerer opplysningar om arbeidsforhold frå Aa-registeret til private og offentlege aktørar som har lov til å ta imot dei. Døme på dette er Skatteetaten og Arbeidstilsynet.